Sjokk x 2 – når det gjeld «Bokhylla»

Døme på nytt satsingsområde for bloggaren

Bloggaren er gradvis i ferd med å flytte arbeidsinnsatsen sin frå bibliotekpolitikk (takk for god og jamn respons frå fleire av dykk, men oppover i systemet er dette fånyttes) over til Wikipedia og Lokalhistoriewiki, med vekt på østfoldhistorie.

Dermed er det blitt meir kontakt med lokalhistorikarar av alle slag, frå entusiastar på FB-grupper av typen «Du veit du er frå …. når…», via lokale historielag og til dei profesjonelle. Men med unntak av dei siste er det sjokkerande å treffe på mange som er dårleg kjende med NB.no, altså Nettbiblioteket, eller «Bokhylla.no» som det heitte før. Nokre har prøvd det «opne» tilbodet; det som har falle i det fri pluss det nyare t.o.m. år 2000 som er omfatta av avtalar med Kopinor. Men mange veit ikkje at dei på det lokale biblioteket kan få tilgang til også det «lukka» innhaldet, altså det som er nyare enn 2000 pluss aviser med ulike avtalar. Med andre ord det NB kallar «utvidet tilgang for forskning og dokumentasjon» (dei bruker også «pliktavlevert» om dette materialet, sjølv om mykje av det eldre også var pliktavlevert i si tid).

Sjå også dette forslaget til kva vi kan gjere

Mange journalistar og særleg skrivande frilansarar kunne også trengt betre informasjon.

Men så driv vi då med ein-til-ein-kursing her og der. Før vi nyleg forsøkte å finne ein god instruksjon på nett, så folk kunne bli meir sjølvhjelpne. Då fekk vi sjokk nummer to:

Éin ting er denne informasjonen på NB.no, men ho er faktisk vanskeleg å finne fram til. UH-biblioteka har nettguidar, men der er Feide løysinga på det meste, så der kjenner amatørane våre seg utafor. I mange år hadde Bærum bibliotek den gode Nettguiden sin, men no finn vi berre ein kopi frå 2019 på Internet Archive. Her fann vi alt på éin plass og i eit folkebibliotekbrukarvenleg språk.

Men altså sjokk nummer to: Vi starta å søkje etter liknande guidar. Alle folkebibliotek har sjølvsagt ei nettside om «Digitale tenester» eller liknande. Vi sjekka 16 slike, før vi ikkje orka meir, og gjekk nærmare inn på desse, frå toppen og nedover i ei enkel Google-treffliste.

Resultata nedanfor er sjølvsagt ikkje vitskapelege, men vil vere vanskelege å ignorere. Vi kunne ha kommentert ein del «bibliotekar-internt» språk, upedagogiske val, upresise formuleringar og forvirrande prioritering av mindre viktig info, men vi konsentrerer oss om dei lokale presentasjonane av dei «opne» og «lukka» NB-tenestene.

Altså: Finst det informasjon om tenestene eller ikkje? Og kva er kvaliteten? Alle sidene er besøkte 11. juli 2021.

Konklusjon:

Nasjonalbiblioteket har ei unik teneste i internasjonal samanheng med digitalisering og allmenn tilgang på norske bøker, aviser osv osv, men ni år etter den offisielle opninga er det framleis mange personar og grupper som kunne hatt stort utbytte av dette som ikkje er kjende med tenestene eller kjenner berre til den «ope» tenesta og ikkje den utvida eller «lukka». Men som likevel er ope på visse vilkår.

Dette har delvis Nasjonalbiblioteket ansvar for, som blant anna presenterer den «lukka» delen litt bortgøymt, men største skulda har nok folkebiblioteka.

På 16 tilfeldig undersøkte bibliotek-heimesider

  • informerer 15 om den OPE tenesta når det gjeld bøker
  • informerer 3 om den LUKKA tenesta når det gjeld bøker
  • informerer 11 om den OPE tenesta når det gjeld aviser
  • informerer 6 om den LUKKA tenesta når det gjeld aviser
  • informerer berre 3 meir eller mindre tydelig at du må be tilsette på det lokale biblioteket søkje for deg om tilgang til den lukka NB-tenesta.
  • informerer 0 i klartekst at du kan bruke dei OPE tenestene også heimefrå og kor som helst
  • er det 3 bibliotek som har lenker berre til den gamle versjonen av NB-tenestene (kvifor er ikke dette fjerna, NB?)
  • er det berre 6 bibliotek som omtalar tenesta som Nettbiblioteket og ikkje som Bokhylla (men kan dette vere ein sabotasje retta mot NB?! Mange av oss var jo i tvil om namnebyttet).

Er dette små, ressursvake einmanns-bibliotek? Nei, berre 7 av dei 16 har under 30 000 innbyggjarar, og gjennomsnittleg innbyggjartal er 105 000 (hugs at utvalet var frå toppen av ei Google treffliste. Kva som helst anna utval ville gitt endå dårlegare resultat).

Kva kan då grunnane vere? Nokre forslag:

  1. At den lokale utlånsstatistikken er blitt avgjerande viktig for biblioteka i kampen om driftsmiddel, og NB-bruk kjem ikkje med i denne statistikken (Bookbites og Pressreader osv. gjer vel det?). Dette er eit utslag av over tretti år med NPM – New Public Management, etter kvart også på bibliotekfeltet.
  2. At lokal fjernlånsstatistikk også er viktig, og digital bruk av Nb.no fører til redusert fjernlån.
  3. At Nasjonalbiblioteket sine avtalar med Kopinor kan bli sprengde ved sterk auke i bruken? Kombinert med at departement og regjering meiner dette er dyrt nok som det er?
  4. At folkebiblioteket ikkje lenger er eit kunnskapsbibliotek! Kunnskapsformidling er blitt venstrehandsarbeid, for høge utlånstal er «alt» (sjå pkt 1), og der er det klart mest å hente med krim og romanar. Tre moment her:
    • Google er blitt folks førsteval når det gjeld søk etter både fakta og «fakta».
    • Utlånet av faglitteratur er sterkt redusert, frå 2012 til 2019 frå 0,96 til 0,44 band per vaksen per år.
    • «Debattbiblioteket» (eit misvisande omgrep, for det meste er ein-vegs) er blitt alibiet for biblioteket som «folkeopplysar».

Her følgjer informasjonen dette baserer seg på

Tekst i hermeteikn og kursiv er kopi frå heimesidene. I hakeparentes nokre naudsynte forklaringar frå bloggarens side:

  • Bibliotek 1.
  • Bøker: OPE, Aviser Nei.
    • Frå nettsidene:
    • «Nettbiblioteket er gratis tilgjengelig for alle med norsk IP-adresse. Bøker som er opphavsrettslig beskyttet, er imidlertid ikke tilrettelagt for nedlasting eller utskrift».
  • Bibliotek 2.
  • Bøker: OPE og LUKKA, aviser OPE og LUKKA, men ikkje lenke til det siste.
    • Frå nettsidene:
    • «Trenger du bøker gitt ut etter år 2000, kan du lese hvordan du får tilgang til dette her: Tilgang til pliktavlevert materiale. Hvis du vil lese aviser som ikke er frigjort til den åpne basen (merket med “tilgang i norske bibliotek”) kan du få innloggingsinformasjon fra oss som gjelder for en dag. Da må du benytte PC i våre lokaler».
  • Bibliotek 3.
  • Bøker OPE men ikkje LUKKA. Aviser. OPE og LUKKA
    • Frå nettsidene:
    • «Søk i bøker, tidskrifter og bilder hos Nasjonalbiblioteket (Åpen tilgang). Les digitale aviser hos Nasjonalbiblioteket (Endel aviser krever pålogging på biblioteket sitt trådløse nett)» [Ufullstendig forklaring].
  • Bibliotek 4.
  • Bøker: Nei. Aviser: OPE, men om LUKKA berre om avtale for lokale aviser.
    • Frå nettsidene:
    • «Du har også tilgang til Nasjonalbibliotekets avisarkiv; NB.no/Nettbiblioteket/Bokhylla.no. [men denne lenka går til søk i bøker].
    • Lokale biblioteker har avtaler med nasjonalbiblioteket om et abonnement på en rekke digitale/digitaliserte aviser.  Det gjelder f.eks. [anonymisert avistittel].  Les mer om avissøk og tilgjengelighet [skulle det vore ei lenke her, kanskje?] . Ønsker du mer informasjon om nb.no, se her. [men dette er berre ei lenke til NBs søkjeside].
    • Tilgang: Via Bibliofil i menyen, under digitale tjenester. For utvidet tilgang, må du søke om tilgang via Nasjonalbiblioteket. Det kan du gjøre her, og logg deg på med MinID. [men dette er ikkje lett å forstå første gongen. Betre då å lenke til denne sida].
  • Bibliotek 5.
  • Bøker: OPE, men upresist om LUKKA. Aviser: OPE og LUKKA, men ikkje konkret info om sistnemnde.
    • Frå nettsidene:
    • «Bøker: Her får du tilgang: Klikk her dersom du sitter på biblioteket [lenke til NB si startside for søk. Men dette får du jo heime også, og på bussen osv.] Disse bibliotekene har «Nasjonalbibliotekets nettbibliotek, utvidet tilgang». [så følgjer lenker til dei enkelte filialane. Men der får du ingen nærmare info om framgangsmåte. Det kunne i alle fall stått at du spør bibliotekaren].
    • Nasjonalbiblioteket digitaliserer avissamlingen sin. En god del av disse kan leses i [bibliotekets namn] lokaler. Her er en oversikt over hvilke aviser som kan leses hvor: https://www.nb.no/hjelp-og-informasjon/rettigheter/ [men kvifor ein URL og ikkje ei lenk?] Logg deg på med dagens passord, som du får på biblioteket. Du kan bruke privat pc, men må oppholde deg i bibliotekets lokaler».
  • Bibliotek 6.
  • Bøker: OPE, men ikkje LUKKA. Aviser: Ingenting.
    • Frå nettsidene:
    • «Hos Nasjonalbiblioteket finner du digitaliserte utgaver av bøker utgitt i Norge fra 1450 og fram til år 2000. Til sammen blir det over 500 000 bøker! [men bak lenka finn du ikkje meir info om det lukka materialet].
  • Bibliotek 7
  • Bøker: OPE, men ikkje LUKKA. Aviser: OPE, men utdaterte lenker. Ymtar om «meir om digitale aviser», men utdatert lenke.
    • Frå nettsidene:
    • «Nasjonalbiblioteket Nasjonalbiblioteket har et stort og innholdsrikt nettbibliotek med digitaliserte bøker, aviser, bilder og annet.
    • [Bortgjemt under ein mouse-over finn vi desse to]:
    • Norske bøker digitalt [men dette er til NB-søket i gammal versjon, og ingenting om det utvida eller lukka innhaldet].
    • Norske aviser digitalt [lenke til NB avissøk, men også dette gammel versjon. Der finst denne lenka vidare:] Mer om digitale aviser i Nasjonalbiblioteket. [Men du får opp: «404 – Siden finnes ikke». Kvifor fjerner de ikkje alt dette gamle, NB?]
  • Bibliotek 8
  • Bøker og aviser: OPE. Ikkje om LUKKA.
    • Frå nettsidene:
    • «Nasjonalbiblioteket – gratis tilgang til bøker, tidsskrift, bilder og aviser: Nasjonalbiblioteket har digitalisert store deler av samlingen sin og gjort den tilgjengelig på nett. I nettbiblioteket kan du søke etter bøker, aviser, bilder og tidsskrift. Dette gjelder materiale som ikke er vernet av opphavsretten» [dei utelet her nyare materiale som NB betaler Kopinor for. Lenka går til NBs startside, der ein må leite lenge etter den detaljerte infoen om ope og lukka].
  • Bibliotek 9.
  • Bøker: OPE, men ikkje LUKKA. Aviser: Ikkje eitt ord.
    • Aviser og tidsskrift: [Her berre om Pressreader].
  • Bibliotek 10
  • Bøker og aviser: Bøker og aviser: OPE og LUKKA, men lenkene går ikkje til utfyllande info.
    • «Hos Nasjonalbiblioteket kan du få tilgang til mer enn 250 000 digitaliserte bøker, tidsskifter, aviser og bilder. Nasjonalbibliotekets digitale samling finner du her [lenka går til startsida, der det rett nok er ei enkelt søkerute på toppen. Men så:] Mye av innholdet hos Nasjonalbiblioteket er fritt tilgjengelig for alle, men dessverre ikke alt. Her kan du lese mer om hva som er tilgjengelig for hvem, og hvordan du kan gå frem for å få tilgang» [denne lenka går til NBs side «Hvem har tilgang til hva hvor?». Men som kunne vore meir intuitiv for ferske brukarar]».
  • Bibliotek 11
  • Bøker og aviser: OPE, ikkje LUKKA. Overdrive fokus på «eldre» og «gammelt» materiale.
    • Frå nettsidene:
    • «Eldre bøker: Nasjonalbiblioteket har skannet en god del bøker som ligger tilgjengelig for alle inne på bokhylla. Her finner man særlig en del eldre bøker. Gamle aviser: Aviser er det mulig å lese inne på nasjonalbiblioteket [kva meinast med «inne på»?]. Aviser som er levert inn og scannet kan leses på nettet. Merk at det er en del av avisene som kun kan leses når man er fysisk i nasjonalbibliotekets lokaler» [ikkje eitt ord om tilbodet om å få løyve i det lokale biblioteket].
  • Bibliotek 12
  • Bøker og aviser: OPE, men ikkje LUKKA.
    • Frå nettsidene:
    • «Nasjonalbiblioteket: Nasjonalbiblioteket har digitalisert store deler av samlingen sin og gjort den tilgjengelig på nett. I nettbiblioteket kan du søke etter bøker, aviser, bilder og tidsskrift. Dette gjeld materiale som ikke er vernet av opphavsretten» [dei utelet her det nyare materialet som NB betaler Kopinor for].
  • Bibliotek 13
  • Bøker og aviser: OPE, men ikkje LUKKA i det lokale biblioteket, berre i NBs lokale.
    • Frå nettsidene:
    • «Enda flere bøker, aviser og tidsskrifter: [overskrift, men først etter ein grundig presentasjon av Bookbites, Pressreader osv]: Nasjonalbiblioteket har digitalisert over 500 000 bøker og en rekke aviser og tidsskrifter. Noen av disse må leses i Nasjonalbibliotekets lokaler, men de fleste bøker utgitt før år 2000 er tilgjengelige fra alle norske IP-adresser» [før dei gir lenka https://www.nb.no/search. Men kva med tilgangen via søknad frå det lokale biblioteket?]. «Aviser og tidsskrifter»: [her berre info om Pressreader].
  • Bibliotek 14
  • Bøker: OPE, ikkje om LUKKA. Aviser: Ikkje eitt ord.
    • Frå nettsidene:
    • «Bokhylla: Nasjonalbiblioteket har digitalisert alle bøker utgitt i Norge til og med år 2000. Bøkene er tilgjengelig for brukere med norske IP-adresser. Noen av bøkene kan lastes ned, men de aller fleste må leses på nett».
  • Bibliotek 15
  • Bøker og aviser: OPE, men ikkje LUKKA.
    • Frå nettsidene:
    • «Digitale tilbud» [her info berre om Bookbites, Libby, Pressreader og Filmbib. Litt perifert ei lenke til Bokhylla.no, men då til den gamle versjonen, som dessverre framleis ligg ute].
  • Bibliotek 16
  • Bøker og aviser: OPE og LUKKA.
    • Frå nettsidene:
    • «Du finner digitaliserte bøker, aviser, fotografier, radioopptak og mye mer. Noe av materialet kan fritt lastes ned, annet er bare tilgjengelig fra bibliotekets maskiner. 
    • Utvidet tilgang: Du får utlevert brukernavn og passord i biblioteket, og må oppholde deg der mens du bruker tjenesten [burde hatt med at det skal handle om forsking og dokumentasjon]. Det er mulig å benytte egen pc, nettbrett eller mobil.

7 Responses to “Sjokk x 2 – når det gjeld «Bokhylla»”

  1. Takk for konstruktivt spark bak! Mossebibliotekene tar grep omgående!

  2. Enig. Her kan vi bli bedre!

  3. Fantastisk solid research fra Anders

Trackbacks

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: