Kvar laurdag er første oppslag i Klassekampen reservert seks faste spaltistar av beste sort. Éin av dei er Olaug Nilssen, og siste laurdagen i 2023 hadde ho overskrifta «Meir enn nokon gong treng vi sterke, tilgjengelege litteraturhus». Ho etterlyser statleg innsats for dei fem og eventuelt fleire nye litteraturhus, men også for folkebiblioteka. For no har til og med hennar eigne forfattarungar nesten slutta å lese bøker.
Ho meiner litteraturhus og bibliotek bør samarbeide meir. Ho har gode røynsler med litteraturhus-turnéar på bibliotek i Møre og Romsdal og Ryfylke. Og: «Kanskje kan Litteraturhuset i Oslo invitere Rick Riordan og strøyme samtalen til biblioteket på Oasen i Fyllingsdalen?»
I overskrifta har eg tatt henne i verste meining. Men er dette snart realiteten? I den digitale verda kan jo det meste sentraliserast og strøymast, og det skaut fart under koronaen. Riordan måtte blitt ei kollektiv storsatsing, men kva blir det elles igjen av …
… det lokale initiativet og biblioteksjefen som redaktør for arrangementa? (verkelege debattar har dei alt gitt opp, med unntak av i nokre større byar).
Olaug Nilssen polemiserer mot kulturminister Lubna Jaffery i Dagbladet 8.12., som set litteraturhusa på vent. I 2024-budsjettet vil regjeringa i staden satse sterkt på folkebiblioteka. Noko Vidar Lund, til nyleg leiar av Norsk Bibliotekforening, hadde vanskeleg for å sjå. Og her er Nilssen einig: «Folkebiblioteka treng større driftsrammer, ikkje tilfeldige prosjekttilskot».
Noko Engerutvalet var klare på for snart elleve år sidan. Og som utvikla seg til ein «bibliotekmilliard» til vanleg drift. Før denne også gikk i vasken.
>>> Nytt 2.1. kl. 23.00: I dag er Jaffery og litteraturhus vs. bibliotek tema også i Dagsavisen, i eit innlegg av Grunde Almeland (V), stortingsrepresentant og leiar av familie- og kulturkomiteen. Sjølvsagt vil heller ikkje han flytte pengar frå biblioteka til litteraturhusa. Men brått kan dette bli ei sak! Lurt å førebu seg, kanskje.


Må nevnes at Litteraturhuset i Oslo en periode strømmet mange arrangementer gratis til folkebibliotekene. Vet ikke om de fortsatt gjør dette. Men det var et godt samarbeid!