Elin Golten si ferske ph.d.-avhandling er svært velkommen etter åtte år utan kvalifiserte analysar av folkebiblioteket som «uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt». Men redaktørrolla må det forskast meir på i større bibliotek som faktisk held debattar. Det gjer dei nemleg sjeldan i små, veit vi no.
«Folkebiblioteket som uavhengig møtestad og arena for offentleg samtale og debatt i ei digital tid» er tittelen på avhandlinga Elin Golten forsvarte på OsloMet 29. september. Bloggaren fekk ikkje kome seg på disputasen, og lite har blitt rapportert derfrå av andre. Heller ikkje ligg boka på nettet enno, førebels berre eit kort, men greitt samandrag (sjå lenka ovanfor).
>> 17.12.22: Intervju med Elin Golten i Bibliotekaren nr. 4. Kjem etter kvart her.
Golten baserer seg på kvalitetssamtalar med 42 personar i to kommunar i tidlegare Hordaland, no Vestland, fordelte på bibliotektilsette, lokale politikarar, bibliotekbrukarar og samarbeidspartar.
Skilnaden på dei to kommunane og biblioteka deira er interessante og viktige, også for vidare forsking, som altså må finne stad ved bibliotek i klart større kommunar for fordjuping på viktige punkt. Fjell kommune er/var (no samanslått til Øygarden), meir og meir ei «sovebygd» for Bergen (min karakteristikk, som har etterkomarar der). Biblioteket ligg i det svære Sartor kjøpesenter, på godt og vondt berre ein snau halvtime frå kulturkraftsenteret Bergen. Mens Voss, med det meir bymessige, tradisjonssterke kultursentrumet på Vangen, er tre gongar så langt frå Bergen. Her ligg biblioteket i det relativt nye kulturhuset litt i utkanten av sentrum.
Her på bloggen har vi skrive mykje om lovendringa i 2014 og tida etter. Fokuset vårt har særleg vore på debattane, til skilnad frå andre arrangement; opplesingar, bokbad, foredrag, konsertar osv. Så lat oss sjå på debattane først.
Men ein openberr suksess er desse ikkje: Elin Golten skriv (s. 242) at …
«dei tilsette i begge kommunane [fortel] at dei har hatt svært få debattarrangement den siste tida, og svært få av informantane har tatt del i faktiske debattar i biblioteket. Statistikk viser og at både Fjell folkeboksamling og Voss bibliotek har langt færre samtale- og debattarrangement enn andre typar arrangement i biblioteket, og at det har vore få deltakarar på desse arrangementa».
Og nærmare om deltakarane (side 135): «Når det gjeld kva brukargruppe som generelt kjem på arrangement i biblioteket, meiner informantane frå utvala bibliotekbrukarar og bibliotektilsette at det er dei tre gruppene eldre, kvinner og bam som er ivrigast til å nytte biblioteket som arrangementsarena. Det er to ting som går att som meir eller mindre er avgjerande faktorar rundt kven som kjem på arrangementa. Det eine er kva tidspunkt arrangementet blir haldne på, her blir det hevda at dersom tidspunktet er feil, kjem det ingen. Den andre faktoren som verkar avgjerande for kven som kjem; er knytt til kva tema som arrangementet dreiar seg og eller kva målgruppe den rettar seg mot. … I begge kommunar har dei bibliotektilsette gjort erfaringar med at nye tema dreg heilt nye folk inn i biblioteket. Enkelte har også kome att på andre arrangement, og det kan synast som dei har oppdaga biblioteket som arrangementsarena. Dei som ikkje kjem på arrangement i biblioteket, er i hovudsak definert som ungdom og innvandrarar. Enkelte samarbeidspartar opplever likevel at ungdom kjem på konsertar og på quiz i biblioteket, i tillegg til at innvandrarar kjem på språkkafé».
Dette vil overraske dei færraste bibliotektilsette her i landet, særleg utanfor dei større byane. Av statistikken veit vi at reelle debattmøte er fleire i bibliotek i store og mellomstore byar, men kvaliteten manglar vi forsking på. Éin målestokk Golten gir oss er om det faktisk «går føre seg ein deliberativ resonneringsprosess», jamfør Habermas.
Dette negative debatt-funnet hennar er dessverre viktig, også fordi det offentlege biletet av «det nye» folkebiblioteket etter 2014 har vore oppskrytt og lite problematisert (dette er min påstand).
I ein av dei viktigaste talane til nasjonalbibliotekaren i 2020 sa han at vi lever i ikkje mindre enn ein gullalder for biblioteka. NB vedgår at utlånet går ned, men besøket aukar, takk vere fleire arrangement enn før.
Men i Klassekampen var Ørjan Persen i sterk tvil om dei høge tala for besøk i 2019 (som framleis er det siste «normale» året).
Også underteikna las den nasjonale statistikken grundig og fann blant anna at under 5 prosent av arrangementa i 2019 var «samtale- og debattarrangement» (ca. 3 tusen av 63 tusen). Og dei aller fleste av desse var i bibliotek i store og mellomstore byar og tettstader.
Verken Persen eller underteikna er blitt imøtegåtte med særleg tyngde.
Eg har snakka mykje med folk om debattane i bibliotek og oppsummerte for to år sidan at «debattmøte er krevjande: Korleis finne gode tema? Korleis få tak i gode ordstyrarar? Både ordstyrarar og innleiarar kostar mykje, og no er det slutt på støtta til dette frå NB og Fritt Ord. Og bibliotekbudsjetta går slett ikkje oppover i alle kommunar».
Noko dei verkeleg ikkje gjer i 2023. Den «nye» funksjonen som møteplass og debattarena kan vere den første som ryk ifølgje ferske avisinnlegg i Bodø, Nordre Follo, Kragerø og Arendal (og i heimbyen til ein petitskribent i Klassekampen i dag).
Journalisten Kjetil Grønnestad skreiv i eit større oppslag i Bok og bibliotek nr. 1, 2019: «Mange arrangement, som litterære samtaler, foredrag og debatter, trekker til seg grunnfjellet blant bibliotekenes publikum; ofte middelaldrende, høyt utdanna og kulturelt interesserte kvinner og pensjonister».
Dette stemmer også bra med Golten sine funn.
Når reelle debattmøte er så krevjande er det positivt at Golten opnar for «å lage rom for samtale og/eller debatt etter at eit arrangement er ferdig med utgangspunkt i det som har vore presentert». Men, held ho fram: «Dette føreset at det ikkje ligg ei forventning om at folk skal gå heim så snart arrangementet er over, og det er behov for at samtalen blir organisert gjennom til dømes ein moderator. Her ligg det eit potensial for biblioteka til å kome nærare formålet med å vere ein arena for offentleg samtale og debatt, også som del av dei arrangementa som ikkje er reine debattar» (s. 266).
Ein kunne skrive meir om mykje anna frå boka til Golten. Her eitt par ting:
Ho kjem blant anna inn på at det i intervjua «blir avdekka potensielle utfordringar knytt til folkebiblioteka si rolle som uavhengige arenaer samstundes som dei er kommunale institusjonar, og når det gjeld kva rom folkebiblioteka har til å definere kva stemmer som får sleppe til». Ikkje minst lokalpolitikarar tar opp slikt i intervjua. Men ho meiner at vidare forsking trengst for å sjå om «dette er ei utbreitt haldning blant politikarar».
Og så har vi dei relativt dramatiske hendingane, særleg i Kristiansand og Oslo, i samband med ein anti-islamsk organisasjon som ville halde møte. Det blei litt ulike løysingar etter mykje debatt, men som ein kan lære av. Men slikt har typisk små bibliotek unngått til no. Og truleg i framtida, for etter all skrivinga om dette er nok biblioteka anten blitt skremde frå å prøve, eller dei vil førebu seg godt.
Noko som neppe er det første travle bibliotekarar vil studere, men som likevel er viktig, er Golten si innsirkling av denne internasjonale norske nyvinninga og lovparagrafen i det internasjonale teoretiske landskapet. Fleire av teoretikarane vil ein kjenne igjen frå blant anna prosjekta ALMPUB og tidlegare PLACE ved (noverande) OsloMet. Men no blir det spissa med tanke på «debattbiblioteket» og arrangement.
PS 1: I dag publiserte det svenske tidsskriftet BiS, Bibliotek i samhälle, ein artikkel av underteikna på nett: «Det norske ˮdebattbiblioteket”, kan det overleve?». Denne blei skriven i sommar, før eg visste noko om Elin Golten si framdrift. Han stod i papirutgåva nr. 3, 2022.
PS 2: Her på bloggen forsøker vi å følgje med på det endå meir dramatiske som skjer i Sverige når det gjeld møteplass, demokrati og folkebibliotek. Slike saker er mange både hos Biblioteksbladet og BiS.