«Siste kapittel»

Bloggaren prioriterer fiksjon framfor faglitteratur på raude dagar som desse. Då blir det også tv-titting, og i desse tider såkalla påskekrim. Den ovanfor namngitte serien på NRK er blitt ein snakkis trass i at skjermane våre no flyt over med mord og elende, både fiktive og dessverre høgst reelle.

Denne serien er innfløkt og spanande heile vegen. «Magpie Murders», som er namnet på utanlandsk, er mysteriet med det manglande, og sjølvsagt avgjerande, siste kapitlet i eit oppdikta krim-manus. Kor er det blitt av og kven var mordaren?

Prioriteringa vår av fiksjon omfattar også lesing og lytting. Og jammen er det ikkje ein tapt tekst også i lydboka som i går var med på tur rundt Tunevannet ved Sarpsborg (20 988 skritt). Det handlar om «Liknelseboken», den aller siste romanen etter Per Olov Enquist. Han er høgst sjølvbiografisk og ein oppfølgjar til «Ett annat liv» frå 2008 (her nemner vi dei svenske utgåvene, då berre desse finst på den eigne lydbokappen, og fordi betre lytteoppleving ikkje finst enn når P.O. les sjølv, i den folkelege, vesterbotniske stilen hans og med innslag av dialekt).

Men til dette med tapte tekstar: I Liknelseboken er blant anna faren i fokus, han som døydde då «Per Ole» var under eitt år gamal. Men brått i 2001, fortel han, sonen, kom ei skriveblokk etter faren til rette. Det viser seg at også faren hadde hang til det litterære, og blokka inneheld …

Les mer ««Siste kapittel»»

Den norske kreativitetskløfta

Via den utmerka danske kulturnettstaden SøndagAften får vi 2. april vite ikkje berre at De kreative bor i hovedstæderne, men at skilnaden mellom Oslo og resten av Noreg er større enn tilsvarande i dei andre nordiske landa. Det som er målt her, er kor kunstnarar og andre i kreative yrke bur. Bibliotekarar er medrekna, men det er inga inndeling etter yrke i rapporten. Men det ville neppe gjort nokon skilnad …

I Danmark er det også ganske stor konsentrasjon om hovudstaden.

På kartet viser blåfargen på hovudstadsregionane at over 6 prosent av innbyggjarane er i slike yrke. I dei mørk brune regionane er det færrast. Her på bærje er altså Innlandet den einaste regionen i ein mellomkategori.

.

Let’s roll!

Dette berre for å minne om den såkalla blogroll-en nede til høgre på bloggen. Altså lenker til nettstader vi har samla på i nokre år, med innhald som lesarane av denne bloggen truleg kan ha nytte og glede av. Vi ser no at nokre har mest berre historisk interesse.

Slik ser starten på lista ut >>

Bokdesign (annonse!)

Klikk og kikk

Underteikna brukte hausten på å skrive, redigere – og utforme – årboka til Østfold Mållag 2021. Dei to første oppgåvene i eit kollektiv, men den siste heilt aleine. Og ikkje i noko avansert layoutprogram, men i Word. Enkelt og greitt. Det einaste produktet til no er denne årboka (sjå fotoet), men eg er no lysten på og førebudd på liknande oppdrag.

Kva med den lokale bibliotekhistoria? Eller rapporten frå eit prosjekt?

Sikkert mykje billegare enn kor som helst elles, og eg har samarbeid med eit godt, rimeleg – og kortreist! – trykkeri. Årboka på 106 sider, med god limfrest rygg og godt papir, kosta 26 tusen for 300 eks. Kontakt frilanders @ gmail.com eller 97775170.

Verdskjende, ukjende bibliotekarar

Fleire stader kan vi lese om slike som desse, eller som desse. Men bibliotekbloggar Kathleen McCook kjem i dag med éin som dei færraste har høyrt om. I bibliotekarrolla.

Vel, det var som berre frivillig ekstrahjelp han var knytt til skolebiblioteket ved L. C. Humes High School i Memphis, Tennessee, mens han gjekk der. Han blei uteksaminert der i 1953. Kathleen legg også ut foto av lånekortet hans ved folkebiblioteket i heimbyen Tupelo. Nokre klokker som ringjer?

I dag, 8. januar, ville han blitt 87. Men blei berre 42. No, då!?

PS: Kathleen har veldig mykje anna på bloggen. Og viktigare, utan tvil.

Bibliotekfunn jula 2021

For bloggaren er jula skjønnlitterær. Og det er ein vane (uvane?) å google straks eit namngitt bibliotek er omtalt. Denne jula blei det fleire bibliotek fordelte på to romanar, ein svensk og ein norsk. Og med stor spennvidde, frå oldtids- og mellomalderske boksamlingar til sjukehusbiblioteket på ein terminal sengepost. Det blei mykje død og forderving, men:

«Ju mer jag leste om döden desto piggare blev jag»

Carl-Henning Wijkmark fann vi fram til på Storytel, med romanen «Stundande natten», etter å ha lese at han nyleg er komen på norsk: «Inn i natten». Eg-personen, ein pensjonert ikkje altfor vellukka skodespelar, ligg på det siste og funderer og samtalar, klokt og svart-humoristisk, med romkameratar, så lenge dei varer, og med ymse personale. Blant anna med sjukehusbibliotekaren:

Les mer «Bibliotekfunn jula 2021»

Debattåret som gikk – forbi

Frå Dokk1 i Århus i oktober 2018

Godt nytt år og takk for det gamle. Her nokre forsøk frå 2021 på å restarte det vi meiner er viktige bibliotekfaglege og -politiske debattar, men der det til no berre unntaksvis har kome kommentarar. Altså:

God jul!

Klikk og lytt

Bloggens klart mest musikalske, Mikael Böök, står i år for julehelsinga til lesarane våre i 87 (!) land rundt på kloden.

Som pianist i bandet presenterer han «Trio BINs Julhälsning år 2021 / Trio BINin Joulutervehdys vuonna 2021!»

Auka interesse for bibliotek etter pandemien!?

Ut i naturen med Rygge bibliotek! Foto 16.5.2020

Vi publiserte tidlegare i dag om ein dansk statistikk og ein svensk professor som meinte stengingane kan føre til at mykje vil gå tapt for biblioteka etter pandemien. Men i dag kjem vårt eige kulturdepartement med nokre delrapportar om kulturlivet, der vi i éin av dei (på side 29) kan lese at fleire norske innbyggjarar trur dei vil bruke biblioteket meir etter pandemien enn før; 60 mot 55 prosent! Det er rett nok eit statistikkfagleg atterhald fordi mange færre har svart på etter-situasjonen enn før-.

Når det gjeld mottak av krisestøtte frå staten har institusjonar i gruppa «Drift av bibliotek, arkiv, museum og anna kulturverksemd» mottatt forsvinnande lite. Så lite at det er nesten ingen vits å be dei om spesifisering. Musé og andre som har tapt billettinntekter har nok fått det som er.

PS: Kva er eigentleg etter pandemien …

Nokre spør …

Klassekampen-lesarane er ikkje som før. Her frå ein aktuell annonse. Sjå prisen – og namnet!

… og fleire tenkjer kanskje på kvifor bloggaren har så mange referansar til oppslag i avisa Klassekampen. Nokre veit at han har tinga fast sidan 1971 og at han var aktiv i partiet som lenge eigde avisa med hud og hår. Men grunnen er at Klassekampen er landets beste bibliotekavis, i alle fall med tanke på kvantitet. Vi søkte i Atekst på «bibliotek*» i riksavisene dei siste 30 dagane. Her er ti-på-topp: Klassekampen 35, Dagsavisen 22, Aftenposten 8, Finansavisen 4, Dagbladet 4, Vårt Land 4, Morgenbladet 4, VG 3, Dagens Næringsliv 3, Nationen 2.

Alltid noko nytt frå Sambandsstatane

Moss sentrum i oktober. I motsetnad til nyliberale verdiar

Bloggaren har heile tida ambisjonar om å trappe ned, for dette er jo galskap. Har halde på med dette gratisarbeidet sidan journalistjobben i NBF måtte sparast inn for sju år sidan. Ein kunne jo i staden henge ute med dårlege vennar og drekke kaffi og det som verre er på herverande utestader, eller gå turar med alle desse lydbøkene i all slags vér, no blir det mest i godvér, eller sitje på enden og lytte til relakserande musikk.

Så dukkar det opp eit perfekt kompromiss: Slow Library! Og ikkje heilt utan sting.

Fort og gæli omsett: «Sakte bibliotek er ein antirasistisk, lydhøyr og verdidriven praksis som står i motsetnad til nyliberale verdiar. Arbeidstakarar i sakte bibliotek er fokuserte på relasjonsbygging, djup forståing og å møte behova til brukarane, og gi rettferdige tenester til lokalsamfunna deira. Internt er langsam bibliotekkultur fokusert på læring og refleksjon, samarbeid og solidaritet, verdsetting av alle slags bidrag og støtte til tilsette som heile menneske. Sakte bibliotekverksemd er ein prosess, ikkje eit mål; det er ei orientering mot arbeidet vårt, oss sjølve og andre som skaper positiv endring. Det er ein organisasjonsfilosofi som støttar arbeidarar og byggjer sterkare relasjonar med lokalsamfunna våre».

Så vi får sjå.