Archive for ‘Andre greier’

februar 3, 2023

Bibliotek + frivilligsentral = Sant!

På Skjønhaug i Indre Østfold deler FS og B lokale

Dette er kanskje inga stor sak, og ikkje har vi nokon særleg kunnskap om dette heller, men når to e-postar om dette kjem same føremiddag, er det vel meininga at vi skal sjå nærmare på det:

Den eine e-posten kjem med det nyaste nummeret av Tidsskrift for samfunnsforskning og ein artikkel om Frivilligsentralane i Noreg: Har dei ein bindeleddsfunksjon? Ordet bibliotek er nemnt i samanheng med kven FS samarbeider med, men berre i ein parantes: «Kommunen (f.eks. sjukeheim, bibliotek)». Det finst ikkje eigne tal for bibliotek.

Er ikkje det litt rart, tenkjer vi? Vi har jo sett så mange stader at FS og bibliotek samarbeider nært, ikkje minst om SPRÅKKAFÉAR.

På dei tre første sidene av eit Googlesøk noterer vi desse stadene med slikt samarbeid: Klepp, Moss, Selje, Time, Hof, Nordby, Gran, Rennesøy, Løkken, Meldal, Narvik, Øygarden, Rykkinn, Askøy, Tøyen, Sarpsborg, Nord-Fron, Oppsal, Furuset, Våler i Viken (men snart i Østfold!), Lillesand, Saltdal, Kongsberg, Ringerike, Herøy, Askim, Hustadvika, Hjelmeland, Rendalen, Halden, Fauske, Skjønhaug, Byåsen, Heimdal, Ranheim, Rennesøy, Knarvik, Sula, Hamarøy, Holmestrand …

Den andre av e-postane i dag er frå Kulturdepartementet om Økt satsing på frivilligsentraler. Og med nye forskrifter og ei tilskotsordning med krav om samarbeid med kommunale instansar. Her må det vere potensial for kontakt og samarbeid, om det ikkje alt finst.

januar 19, 2023

Join our 1030 other followers

This blog, which deals with various – very important, if not existential – library issues, is mainly written in Norwegian and Swedish, but also with a number of posts in English. And the latter are all among the most important. Also note the translate tab at the bottom left.

If you want the blog post in your inbox immediately after publication, go to the box on the far right, enter your e-mail address and click «Følg meg» (Follow me).

desember 22, 2022

2022: Mykje internasjonalt

På Rygge bibliotek akkurat då desembersola tok ein kikk inn på det litterære juletreet deira

2022 er praktisk talt over, berre feriedagar gjenstår. Nesten.

Men i alle fall blei året eit visst internasjonalt gjennombrot for denne bloggen. Nedanfor ei liste over dei mest lesne artiklane til no i år. Dei engelskspråklege er på topp. Og utfrå statistikken ser vi at folk i dei store utlanda no også les artiklane våre på norsk og svensk. Ved hjelp av Google Translate og liknande. Men så har det også vore store saker «der ute», som krigen i Ukraina og IFLA-krisa. Medbloggar Mikael Böök står for det meste av dette.

Og dette var året vi var medarrangør av vårt første fysiske og zoom-seminar, i Stockholm i juni.

PS: Artiklane på denne lista er slike som er blitt opna individuelt, til skilnad frå dei mange som er så korte at vi ikkje har delt dei ved hjelp av lenka Continue reading.

What the Ukrainian and Russian library associations have said 1402 nedlastingar

On The Multifaceted Crisis of IFLA 1019

The library – a bright spot? Biblioteket – en ljuspunkt? 902

What librarians are saying about the war in Ukraine 715

«Why do we live in a world where libraries are illegal?» An interview with Alexandra Elbakyan 534 Og i 2021: 1311

So, the war started… what does the librarian say? 488

Meld deg på Biblioteknorge-lista igjen 468

Dokumentert: Problema med datahjelp til NAV-klientar 438

Er slaget om innbyggjartorget avlyst? 378

november 18, 2022

One Friday Off

By train from Oslo to Bergen 1200 mtrs above the North Sea. No libraries in sight.

november 17, 2022

Kva trudde du om Østfold og nynorsk?

Dette er off topic, men underteikna gjer faktisk meir enn berre å blogge om bibliotekpolitikk. Blant anna utfører eg bokdesign! Slett ikkje slik som proffe presterer, men bra nok for fattige forlag som Østfold Mållag (ta kontakt for oppdrag). Ved hjelp av ein vanleg tekstbehandlar er det blitt to mållagsårbøker på rad. Her er den siste, som bør vere interessant for alle biblioteka i Østfold og for folk med famile og vener i eller frå dette fylket. Som gjenoppstår i 2024! Og for dei som kjenner forfattarskapen til Øyvind Bremer Karlsen (1945-2022). Og for språk- og målføre-nerdar.

Klikk på bokomslaget og forstå meir, og ting gjerne bøker på e-post frå frilanders at gmail.com. Snart jul, er det ikkje?

PS: Det er framleis eit trettital eks. igjen av ei av tidenes mest originale tur- og kulturbøker.

oktober 14, 2022

Bibliotekarfredag

GLAD i biblioteket

I dagens Klassekampen er det store fredagsintervjuet med Halfdan Wiik, mest kjend som initiativtakar til Besteforeldrenes klimaaksjon, men som ein engasjert kollega blant lesarane av denne bloggen. «I alle år» var han tilsett ved høgskolebiblioteket på Stord, men etter pensjoneringa er han ein to-dagar-i-veka-bibliotekar ved folkebiblioteket i Knarvik. Om dette seier han: «– Jeg liker det så godt! Og for meg er det noe nytt å arbeide i folkebibliotek. Man møter så mange ulike folk, det er et av de få stedene der folk føler at de kan komme innom med ethvert spørsmål. Andre steder må man levere et skjema».

Og på kultursidene figurerer forfattar og bibliotekar Lars Petter Sveen: Kritisk til avslag. «Han er aktuell med ei personlig bok om stamming – et problem forfatteren selv har bakset med i mange år. Det er begrenset med litteratur på norsk om stamming, … Det finnes nesten ikke bøker om stamming i norske biblioteker. De titlene jeg kjenner til, er Knut Faldbakkens kriminalroman «Stammeren» og ei fagbok om temaet».

september 29, 2022

Katie Paterson – ei veke igjen

På Jeløya viser dei blant anna ein ca. 15 minutts film med Paterson og Atwood og fleire av forfattarane på skautur

5. oktober er siste dag av utstillinga hennar, Evergreen, på Galleri F15 på Jeløya i Moss.

Kor las du om henne sist? Kanskje her på bloggen for tre veker sidan i samband med det kjende verket hennar i Oslomarka og på Deichman, The Furure Library – Framtids- biblioteket.

september 23, 2022

Kult?

Nytt frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Dei har «i dag bestemt at den statlige virksomheten Norsk kulturråd skal endre navn til Kulturdirektoratet fra 1.1.2023. Rådskollegiet som forvalter Norsk kulturfond skal beholde navnet Kulturrådet».

august 18, 2022

1000!

På bloggen er vi no oppe i eitt tusen følgjarar. Ein beta igjen til influensar-toppen, men ny pers i alle fall. Og det er plass til fleire. Sjå illustrasjonen og leit etter ruta for innmelding borte til høgre.

juli 18, 2022

Biblioteket i kunsten

Frå utstillinga i Chicago til venstre. Foto (utsnitt): Steven Vance (CC BY-NC-SA 2.0). Oppe til h: Frå Ålborg bibliotek. Nede frå bokhandel i Stockholm

Det finst ulike innfallsvinklar for kunstnarar å «angripe» biblioteket med. Sjå nokre døme i denne kollasjen. Det største fotoet er frå ei utstilling i Chicago, der kunstnaren Theaster Gates overtok eit vrak av ei gamal bankbygning, og der han har slått seg laus med ulike samlingar som tema. Blant anna konstruert dette svært tradisjonelle bibliotekrommet, men med tidlegare ukjende dimensjonar! Sjå også denne videoen.

Herverande bloggarar har også samarbeidd med kunstnarar, faktisk i den fasjonable Blomqvist Kunsthandel i Oslo i 2016. Her bidrog vi med bibliotekinnslag til utstillinga Variations in Disco av fotografen Magnus Bjerk og installasjonskunstnaren Namia Leigh, med fleire.

Takk til Magnus for tipset om Theaster Gates.

mai 26, 2022

Lite nytt, men snart stort nytt

Dei siste par vekene har verken den finske eller norske redaktøren skrive noko særleg, men vore mest opptatte med førebuingane til den internasjonale idéverkstaden vår i Stockholm og på Zoom førstkomande tysdag, 31. mai: «THE LIBRARY – A BRIGHT SPOT? / BIBLIOTEKET – EN LJUSPUNKT?». Med BiS (Bibliotek i Samhälle) og Världsbiblioteket som samarbeidspartnerar. Marknadsføringa er godt i gang og har gitt resultat, jamfør illustrasjonen som viser talet på nedlastingar dei to siste vekene. Samtidig har talet på følgjarar auka til 975. Det er plass til fleire; sjå innmelding nede til høgre.

mai 17, 2022

Stockholm 31 May: Emily Drabinski on Nordic Online Workshop

This will be her first European «appearance» since she won the 2023-2024 ALA presidency one month ago. It has already attracted a lot of attention that a declared socialist, and lesbian, has been elected leader of one of the world’s largest library associations.

The theme for the workshop is library and sustainability, under the title «THE LIBRARY – A BRIGHT SPOT?». It takes place partly globally on Zoom and partly physically in Stockholm. Organizers are Swedish Bis (Library in Society), the Swedish World Library (Världsbiblioteket) and the present Finnish/Norwegian blog, Biblioteket tar saka.com (The Library Takes up the Case).

The workshop is part of People’s Forum, the critical «shadow conference» for Stockholm+50, where the UN commemorates the half century since the first global environmental conference in 1972 and celebrates «50 years of global environmental action».

On the Zoom section the other two speakers are South African international internet activist ANRIETTE ESTERHUYSEN and library professor KATHLEEN DE LA PEÑA MCCOOK from Florida. LARS ILSHAMMAR, assistant Swedish national librarian, will take part in the subsequent physical meeting (in Nordic languages). See the whole program.

PS: Please share this widely:

Stikkord:
mai 14, 2022

31. mai: Svensk/finsk/norsk workshop med den nye, sosialistiske ALA-presidenten

Dette blir EMILY DRABINSKI sitt første møte med bibliotekarar og miljøaktivistar i Europa. Ho tiltrer først neste år, men det har alt vekt mykje oppsikt at ein erklært sosialist, og lesbisk, er vald til leiar av ein av verdas største bibliotekforeiningar.

Temaet for møtet er bibliotek og berekraft, under tittelen «BIBLIOTEKET – EN LJUSPUNKT?», og det skjer delvis globalt på Zoom og delvis fysisk i Stockholm. Arrangørar er Bis (Bibliotek i samhälle), Världsbiblioteket og herverande blogg, Biblioteket tar saka.com.

Men møtet inngår samtidig i Peoples Forum, den kritiske «skuggekonferansen» til Stockholm+50, der FN markerer …

read more »
april 14, 2022

Bodø sett frå London

Kva får denne bloggaren ikkje tips om?! Vi kunne hatt mange fleire innlegg, men må gjere eit utval. I dag fell valet på ei sak i engelske The Guardian: «Bodø/Glimt, the Norwegian minnows catching Europe’s elite cold» (minnows = «småfisk»). Det handlar altså om fotball, men også om kulturskilnader i Europa og internt i Noreg.

Biblioteket Stormen i Bodø er sentralt, aller først i teksten. Der får vi nemleg historia om det store svart-kvite fotoet i trappa til andre høgda på biblioteket. Historia om korleis kommagane til menneska på fotoet er klussa over eller skrapa vekk, truleg for over hundre år sidan av …

read more »
april 13, 2022

«Siste kapittel»

Bloggaren prioriterer fiksjon framfor faglitteratur på raude dagar som desse. Då blir det også tv-titting, og i desse tider såkalla påskekrim. Den ovanfor namngitte serien på NRK er blitt ein snakkis trass i at skjermane våre no flyt over med mord og elende, både fiktive og dessverre høgst reelle.

Denne serien er innfløkt og spanande heile vegen. «Magpie Murders», som er namnet på utanlandsk, er mysteriet med det manglande, og sjølvsagt avgjerande, siste kapitlet i eit oppdikta krim-manus. Kor er det blitt av og kven var mordaren?

Prioriteringa vår av fiksjon omfattar også lesing og lytting. Og jammen er det ikkje ein tapt tekst også i lydboka som i går var med på tur rundt Tunevannet ved Sarpsborg (20 988 skritt). Det handlar om «Liknelseboken», den aller siste romanen etter Per Olov Enquist. Han er høgst sjølvbiografisk og ein oppfølgjar til «Ett annat liv» frå 2008 (her nemner vi dei svenske utgåvene, då berre desse finst på den eigne lydbokappen, og fordi betre lytteoppleving ikkje finst enn når P.O. les sjølv, i den folkelege, vesterbotniske stilen hans og med innslag av dialekt).

Men til dette med tapte tekstar: I Liknelseboken er blant anna faren i fokus, han som døydde då «Per Ole» var under eitt år gamal. Men brått i 2001, fortel han, sonen, kom ei skriveblokk etter faren til rette. Det viser seg at også faren hadde hang til det litterære, og blokka inneheld …

read more »