For bloggaren er jula skjønnlitterær. Og det er ein vane (uvane?) å google straks eit namngitt bibliotek er omtalt. Denne jula blei det fleire bibliotek fordelte på to romanar, ein svensk og ein norsk. Og med stor spennvidde, frå oldtids- og mellomalderske boksamlingar til sjukehusbiblioteket på ein terminal sengepost. Det blei mykje død og forderving, men:
«Ju mer jag leste om döden desto piggare blev jag»
Carl-Henning Wijkmark fann vi fram til på Storytel, med romanen «Stundande natten», etter å ha lese at han nyleg er komen på norsk: «Inn i natten». Eg-personen, ein pensjonert ikkje altfor vellukka skodespelar, ligg på det siste og funderer og samtalar, klokt og svart-humoristisk, med romkameratar, så lenge dei varer, og med ymse personale. Blant anna med sjukehusbibliotekaren:
«Han hette Georg och drog omkring en vagn med bocker på avdelningarna, bocker från stadsbiblioteket som man uppmuntrande nog fick låna en månad i taget. Georg var en entusiast. På vagnens sidor hade han klistrat små banderoller, “Tillbaka till kulturen” och “Film år bast på bok” läste jag på ett par av dem. Når jag piggnat till något grep jag tacksamt efter ett par av hans böcker, urvalet var ganska avancerat och retade nog en del patienter som begripligt nog ville ha lättare saker (som han for övrigt också hade, men sparsamt)».
Det blir Tolstojs krigsnoveller, dei egyptiske og tibetanske dødsbøkene, Nietzsche, ein antologi om «fridöd», Thomas Manns «Troll(doms)fjellet», men etter kvart også Tom Jones, Wodehouse og Evelyn Waugh.
Til slutt: «Böckerna räckte långt men inte ända fram» … Likevel: Wijkmarks roman er ingen dødsdom verken over biblioteket eller livet. Lesbar!
«De dødes bok» (oppdikta)
Bjørn Beltø, Tom Egeland sin arkeolog-helt gjennom åtte romanar, grev ikkje berre i jorda, men også i bibliotek. I «Lasaruseffekten» får vi innblikk i nokre verkeleg eksotiske, gamle bibliotek. Beltø er denne gongen på jakt etter eit tapt klenodium, «De dødes bok». Boka er oppdikta, men biblioteka han leitar i er ekte. Eller var; nokre klarte nazistane å rasere.
Egeland/Beltø er god på research. Men mykje blir dikta vidare på. Når det gjeld bibliotek i denne boka er Egeland mest «kreativ» når Beltø oppsøkjer det ruvande San Michele-klosteret nær Torino, dette som skal ha inspirert Umberto Eco då han skreiv «Rosens navn», som finn stad på 1300-talet. Men Egeland plasserer også vår tids Beltø på det benediktinske San Michele, trass i at klosteret blei nedlagt fire hundre år tidlegare. I 1622 blei bøkene i det vidgjetne biblioteket spreidde for alle vindar. Denne anakronismen vedgår Egeland i eit etterord. Det noverande biblioteket er ikkje eldre enn frå 1836, då ein annan orden overtok borga. Men San Michele tar imot besøk heile året.
I Roma utfører Egeland/Beltø godt gravearbeid. Her er jødiske samlingar i fokus, men der nazistane var svært «effektive» under verdskrigen. Ved rabbinarskolen konfiskerte dei «Biblioteca del Collegio Rabbinico Italiano», men denne samlinga kom i retur i 1947. Denne og andre samlingar finst no i «Centro Bibliografico». Men i synagogen «Tempio Maggiore» fantest «Biblioteca della Comunità Israelitica», som skal ha vore ei av verdas største jødiske boksamlingar. Herfrå kom ingenting attende.
Men dette stoppar sjølvsagt ikkje Egeland/Beltø, som i Bayeren finn fram til ein etterkomar av sjefskonfiskatoren, og med dårleg samvit. Men sjølvsagt er det mange forviklingar før dei kjem vidare.
Det gedigne Butler Library på Columbiauniversitetet i New York, kan også nemnast. Men her finn Egeland det opportunt å dikte inn eit alvorleg døme på uetisk bibliotekverksemd; biblioteket låner ut namnet sitt «mot en god slump penger og løftet om å få De dødes bok – hvis jeg [Beltø] fant den». PS: På Butler har bloggaren ein gong forsøkt å kome inn, men utan hell. Eit norsk pressekort var like verdelaust som ein subwaybillett.
Meir bibliotek: Takk til Egeland for å minne om det meiningslause i at bokhylla.no er sperra for utanlandske IP-adresser (side 465 i førsteutgåva)!
Bloggaren har stort sett lytta til Beltøromanene. Men etter å ha hatt p-boka ved sidan av denne gongen, ser vi nytta av folkeopplysningsmannen Tom Egeland sine over tretti sider bak i boka med «Fakta og ordforklaringer for spesielt interesserte». Blant anna ei solid liste over faktiske bibliotek som er nemnde i boka. Dette er ikkje med i lydboka.
Kvifor bruke 12 timar og 24 minutt på å lyttelese ei slik bok? Kanskje mest fordi arkeolog Beltø, i den aller første boka, «Sirkelens ende», gjorde bokas Verkeleg Store Funn på jordet nord for Verne kloster i Rygge, som er midt i bloggarens favoritt-turområde!
Leave a Reply