Archive for ‘Bloggen som oppslagsverk’

april 3, 2022

Let’s roll!

Dette berre for å minne om den såkalla blogroll-en nede til høgre på bloggen. Altså lenker til nettstader vi har samla på i nokre år, med innhald som lesarane av denne bloggen truleg kan ha nytte og glede av. Vi ser no at nokre har mest berre historisk interesse.

Slik ser starten på lista ut >>

september 6, 2021

Bloggen som oppslagsverk

Eit utsnitt av kategoriskya

«Kategorisky», som du finn borte til høgre på bloggen, er ikkje namnet på ein russisk bibliotekar, men skya med kategoriar eller stikkord for innhaldet på bloggen. Slett ikkje alle kategoriane er med her, men (truleg) dei mest brukte. Klikking på ein kategori opnar desse blogginnlegga, med det nyaste på topp.

november 10, 2020

Det uavhengige biblioteket

Tenk over denne tittelen. Er folkebiblioteket faktisk avhengig av noko eller nokon? Kva i all verda skal biblioteket trenge å lausrive seg frå?

Så kan du lese eitt eller fleire av dei 89 blogginnlegga vi har knytt denne kategorien til. For dette innlegget tilhøyrer den faste spalta kvar tysdag der vi forsøker å presentere bloggen som eit oppslagsverk! Vi pleier også å la vekas kategori bli representert ved eit utvalt innlegg. Det blir eit innlegg frå 2016 der vi, saman med blant anna Mariann Schjeide, R. David Lankes, Joseph Good og Mikael Böök, stilte det (leiande) spørsmålet (og svarte): «Det nøytrale biblioteket? Ja – og nei!».

oktober 20, 2020

Bibliotekoptimisme!

Det er tysdag, og vi presenterer éin av mange kategoriar vi har knytt til artiklane på bloggen gjennom fjorten år. Denne veka blir det «Bibliotekoptimisme», representert med 20 artiklar. Det var overraskande, vil mange meine, for ein slik dystopisk festbrems-blogg. Artikkelen vi vil framheve er denne frå 2018: «Faktisk sant: Bibliotekbruk gir økt boksalg!»

oktober 13, 2020

Bibliotekhistorie

Denne tysdagen er «Bibliotekhistorie» vekas «tag» på bloggen. Per i dag er det 38 blogginnlegg i denne kategorien. Kvar veke vel vi eitt innlegg som skal representere kategorien, og det blir eit små-ironisk og bittert innlegg frå 2018 om eitt historieverk som framleis er på vent.

oktober 7, 2020

Det uavhengige biblioteket

Dette er éin av mange kategoriar eller emneord knytt til innlegg i denne bloggen. «Det uavhengige biblioteket» er ein av «ur-kategoriane», for bloggen starta for å spreie ideen om ein eigen type digital bibliotekteneste med namn identisk med bloggen. Oppstarten var i 2006, og 11 år seinare hadde ideen spreidd seg og blitt tema på eit seminar i Chicago.

september 29, 2020

Barske bibliotekarar

Det tysdag igjen og tid for å minne om ein kategori på bloggen. Ein viktig ein, etter vår meining, er «Barske bibliotekarar». Her finst det per i dag 19 artiklar. Vi står i dag framfor dei tøffaste forsvarskampane på lenge, nemleg under og etter koronaen, og då bør vi lære av dei som gjennomførte dei suksessrike forsvarskampanjene for finske folkebibliotek på 1990-tallet.

september 22, 2020

Falske nyheiter

Kvar tysdag minnar vi om at vi på denne bloggen legg kategoriar til artiklane. Slik kan bloggen fungere som eit oppslagsverk i det små. Denne veka ser vi på «falske nyheiter». Her er det per i dag 36 artiklar. Den utvalde artikkelen er «Falske fakta-fella» frå november i fjor, der vi siterte den danske forskaren Johan Farkas som meiner heile tankegangen er feil.

september 15, 2020

Bloggen som «oppslagsverk»

Elles utan samanlikning: Arbeidernes leksikon. Utg. 1932-36.

Frå og med i dag skal vi kvar tysdag presentere éin av kategoriane eller stikkorda som er knytte til innlegg her på bloggen (ei tid tok vi lett på dette, derfor er mange berre blitt «Uncategorized», men det er eit par år sidan no). Denne tysdagen er temaet Litteraturformidling! (i bloggens ånd ikkje så mange detalj-tips, men viktig nok). Og som reprise-innlegg i denne kategorien vel vi «Nyklassisisme frå Jotunheimen», frå februar i fjor.

De finn ein sky med eit utval (truleg dei mest brukte) av dei 144 kategoriane her nede til høgre. På toppen av høgre kolonne har bloggen også ein intern søkemotor som omfattar heile innhaldet, men hugs då at berre dei siste to åra har språket vore nynorsk.

Translate »