Dårleg kultur i Kulturdepartementet

kulturdepartementet slott over slott m txt

Foto: Anders Ericson. Tekst: Henrik Ibsen

«Pinlig somling» er orda riksrevisor Per-Kristian Foss bruker når Dag og Tid denne veka (betalingsinnmurt) fortel han om den manglande oppfylginga av dårlege rutinar med journalføring av dokument og behandling av innsynskrav.

Dette betyr sjølvsagt dårlegare kår for innsyn og offentleg debatt, noko Norsk Presseforbund og Sivilombodsmannen fleire gongar slege fast. Organisasjonane til «debattbiblioteket» burde også meint noko om dette.

Og det er departementet «vårt» som har hovudansvaret, for det var … Arkivverket som fekk i oppdrag frå Kulturdepartementet å utarbeide rettleiingsmateriale i mai 2017. Men det er ikkje fullført. På eit internseminar om rettleiinga i juni var ikkje departementet eingong til stades.

Vi får lese at «Arbeids- og sosialdepartementet er ein klar versting når det gjeld journalføring av eigenproduserte dokument. Her går det ti–tolv dagar i gjennomsnitt frå datering til intern journalføring og så fire dagar til før publisering i offentleg elektronisk journal. Statsministerens kontor brukar ei veke på å journalføre eigenproduserte dokument og så fem dagar til på å publisere i offentleg journal. … Departementa forklarer tidsbruken med behov for «kvalitetssikring».»

Kulturdepartementet står sjølv for ein oppsiktsvekkjande svikt: « … avtaledokumenta mellom Fredriksen-døtrene og Nasjonalmuseet vart oversende til departementet frå Nasjonalmuseet 3. juli i år. Men i postjournalen til departementet oppgjev departementet 30. august som dokumentdato og journaldato. Dokumenta vart først publiserte i den offentlege postjournalen om ettermiddagen fredag 6. september.»

«Ferieavvikling» var orsakinga frå deptet, men dei har no endra dokumentdatoen frå 30. august til 3. juli 2019.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: