Bibliotekrettleiing med fullt sprik

Skjermbilde 2020-04-30 18.24.36

Må vi ty til svenskane når det gjeld rettleiing?

Onsdag var det uvanleg sterke reaksjonar på fagforumet biblioteknorge etter at Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartementet hadde annonsert at dei ikkje vil kome med noka rettleiing for opning av biblioteka, til skilnad frå andre fag og bransjar. Dei generelle smittevernreglane skal vere nok (Bibliotekar- forbundet fekk eit liknande svar). Då viste vi her på bloggen til at blant anna i Danmark hadde bibliotekforeiningane kome med ganske detaljerte forslag i eit brev til kulturminsteren.

Men no har foreiningane fått svar frå Sundhedsstyrelsen (SST). Dette oppsummer Danmarks Biblioteksforening (DB) slik «at der ikke kan gives branche-/sektorspecifikke retningslinjer for nuværende, kun at SST er bekendt med, at bøger skal være karantæne i 72 timer». Men fagforbundet Kultur og Information har ei anna tolking, nemleg at … «man kan vælge at sætte bøgerne i karantæne i 72 timer efter udlån» (deira eigen kursiv).

Danske modale hjelpeverb skal ein vere forsiktig med. Vi visste at «må» betyr «kan», mens «skal» faktisk betyr «skal». Men når dei her bruker «kan» og ikkje «må»?  Vi ventar med spenning på kva dei seier i Bibliotekschefforeningen, som også var med på kravbrevet …

PS: Av ein eller annan grunn meiner DB at «de danske biblioteker [kan] evt. lade sig inspirere og forberede sig på en snarlig genåbning ved at læse og forholde sig til de norske regler».

 

2 Trackbacks to “Bibliotekrettleiing med fullt sprik”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: