DYNAMISK avtale om digitaliserte aviser

Blant anna Aftenposten skriv i dag om avtalen mellom mediekonsernet Amedia og Nasjonalbiblioteket «som gir publikum åpen tilgang til avisarkivene til 73 lokalaviser». Medrekna ein del regionaviser. Avisene eldre enn 15 år vil vi kunne søkje i og lese på eige utstyr, mens det nyare får du på biblioteket sine maskiner. Så det avisene er best på, nyheiter, får du ikkje her, men alle som er historisk interesserte får eit kunnskapsløft.

Det kanskje mest spanande …

er at avtalen om desse avisene, til skilnad frå bokhylla-bøkene, er dynamisk på den måten at «utgivelsene vil bli tilgjengeliggjort fortløpende, 15 år etter utgivelsesdatoen».

Då Bokhylla.no starta i 2012 var dei eldste bøkene der berre 11 år gamle (frå 2000 og eldre), mens dei i dag er 19. Det har lenge vore snakk om reforhandling om årstal, men ingenting har skjedd.

«I tillegg blir 46 av avisenes historiske forløpere tilgjengelige for publikum».

Leave a Reply