OCLC: Koronavirus overlever 1-5 dagar på bibliotekmateriale

Skjermbilde 2020-08-19 kl. 11.27.10

>> Omarbeidd 19.8. klokka 19.25.

Vi har tidlegare varsla om det USA-baserte bibliotekkonsortiet OCLC si forsking på koronaviruset si overleving på ulike typar materiale som er i bruk i bibliotek. No har resultata kome i form av tre delrapportar:

På papir og ulike typar papir- og tekstilbaserte bokomslag kan viruset halde seg levande i tre dagar. Alle typane kjem faktisk under «faregrensa» LOQ (kom gjerne med ei god forklaring på norsk i kommentarfeltet) på under eitt døgn, men etter tre døgn skal det vere heilt trygt.

Sjå også kommentar nedanfor (27.8.)

Her inngår også «DVD case», men vi vel å tolke det som DVD-omslag av papir, for testen av ulike plastbaserte omslag og konvoluttar viser levande virus i fire dagar og litt meir for enkelte typar. F-skapen «held ut» lengst, nemleg fire dagar, på DVD-omslag i plast.

For meir «glossy» omslag på magasin og liknande er fire døgn ein regel å halde seg til.

PS:

Dette betyr ikkje at all omgang med denne typen materiale som kan ha fått virus på seg vil føre til sjukdom og/eller fare for vidare smitte. I NBF/BF sin «Smittevernveileder for bibliotek» heiter det rett nok at ….

«Brukere bør oppfordres til å: …. Unngå å ta på materiale unødvendig», men samtidig siterer dei NB som siterer FHI som meiner karantene av bøker osv. er «ikke nødvendig».

Dette kan godt vere 99 prosent sant, men for ein del av millionen med norskingar som høyrer til risikogrupper er det likevel ikkje bra nok (eg har til dømes to i nær familie og venekrins som har det slik no og i månader framover). Eller dei føler det ikkje er bra nok. Som er grunn god nok til å jobbe med ein nasjonal plan for tiltak for å møte desse med tilbod også i tida som kjem. Kall det gjerne eit oppgradert Boka-kjem-tilbod. Men det må innehalde digitale greier også.

Og dette er noko av det bibliotek bør få statsstøtte til, jamfør behovet for omstilling av bibliotektilbodet som EBLIDA skriv om i rapporten sin. Noko av det biblioteka må krevje kompensasjon for frå staten er ekstrakostnader ved å halde fram med spesieltilboda og vidareutvikle dei.

I går og i dag er det ein debatt om dette på Facebookgruppa «Bibliotekarer i folkebibliotek».

4 Responses to “OCLC: Koronavirus overlever 1-5 dagar på bibliotekmateriale”

  1. Det er kjent at Corona-viruset trives best ved 3-13 grader, så svaret på spørsmålet om smitteperiode avhenger altså litt av temperaturen. Og det litt kontra-intuitive at det er best å la returnert materiale ligge i romtemperatur (og kanskje til og med utsette det for varme) heller enn å plassere det i et kjølig lager eller magasin.

Trackbacks

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: