Interessert i bibliotekpolitikk etter 28.8.2020?

I det no nedlagde (sic!) biblioteket i Bethnal Green i Aust-London var Karl Marx på veggen

E-postlista Biblioteknorge, det klart viktigaste forumet gjennom tjue år både når det gjeld små og store bibliotekspørsmål, blei fredag 28.8., på éin dags varsel, stengt av eigaren, Nasjonalbiblioteket. Dei kunne ha berre frose det og halde det framleis søkbart, men har istaden gjort alt innhaldet utilgjengeleg, medrekna det siste døgnets debatt om nedlegginga. Derfor sjå sakene her på bloggen med stikkordet Biblioteknorge2020., blant anna også eit intervju med Thomas Gramstad som imøtegår NB sin påstand om forelda teknologi som grunn for full nedstenging.

I denne situasjonen rår NB oss til å bruke dei 56 (?) ulike del-forum (sjå nokre få i illustrasjonen ovanfor) på nettstaden deira Bibliotekutvikling.no (krev innmelding). Blant dei 56 finn vi ingen del-forum om bibliotekpolitikk, men éitt heiter det same som den nedlagde lista, og der kan vi vel forsøke å auke aktiviteten, frå berre 40 innlegg det siste året. Om ikkje nokon annan kan kopiere og starte opp Biblioteknorge igjen (sjå intervjuet med Gramstad).

Men om ikkje dette duger, bruk veldig gjerne denne bloggen, særleg til bibliotekpolitiske spørsmål. ytringsfridom, debattbiblioteket osv. ! Tips meg på frilanders @ gmail.com.

Heile 873 personar …

følgjer no bloggen og får e-post når det er noko nytt, eller dei følgjer underteikna på twitter. Det siste døgnet har talet på følgjarar auka med 45. For å tinge nyheitsbrev sjå her nede til høgre >>

PS: Her har eg kopiert dei to trådene med i alt 12 innlegg som folk rakk å poste i debatten om biblioteknorge, før lista blei stengt: «Biblioteknorge-lista – ein æra er over» og «Det er på tide og behov for en evaluering av NBs struktur og virksomhet». På same måte kan vi kopiere og sikre spesielt viktige innlegg og debattar frå e-postkassene våre. Om forumet ikkje blir tilgjengeleg igjen bør vi vurdere å rekonstruere det viktigaste på denne måten, og samle det på ein nettstad.

2 kommentarer to “Interessert i bibliotekpolitikk etter 28.8.2020?”

  1. Ja, hele 56 del-forum, noen av dem med bare et par medlemmer. Jeg tenkte jeg skulle be om epost varsel om nye innlegg osv., men det lar seg ikke gjøre…man kan bare få varsel dersom man selv blir nevnt av andre eller det kommer nye innlegg i tråder man deltar i. Med andre ord, umulig å bli oppdatert per epost på diskusjoner man ikke ante eksisterte, som var så fint med biblioteknorge. Og enda et bidrag til ekkokammer fenomenet….

    • Ja, det er rart dei ikkje har sikra e-postmeldingar. Lokale debattar, konferansar og tiltak vil ha stor nytte av dette, når dei enkelt kan opprette eigne fora, tenkte eg i første omgang. Men når deltakarar berre blir varsla når det vedkjem ein sjølv, blir det ikkje så nyttig.

Leave a reply to Anders Ericson Avbryt svar