Archive for ‘Biblioteknorgelista2020’

august 29, 2021

29. august

“Beatles Help” av  SixtiesGirl1964 (CC BY 2.0) Utsnitt.

På denne dagen fann blant anna dette stad:

1541 – Dei osmanske tyrkarane erobra Buda, hovudstaden i det ungarske kongeriket
1756 – Frederik den store gjekk til åtak på Sachsen og starta Sjuårskrigen
1831 – Michael Faraday oppdaga elektromagnetisk induksjon
1966 – The Beatles heldt den siste konserten sin for betalande publikum i Candlestick Park i San Francisco
1991 – Øvste Sovjet i Moskva sette stopp for all aktivitet i det sovjetiske kommunistpartiet
1997 – Netflix blei lansert som ei nettbasert utleigeteneste av DVD

2020 – Det norske Nasjonalbiblioteket lukka nettforumet Biblioteknorge etter tjue års drift. Dei fjerna også arkivet frå nettet. Dei sa dei skulle «bevare» arkivet, men ingen har sett det sidan. Men nokre dagar seinare starta frivillige opp ei tilsvarande liste, med same namn, og som fungerer som berre f. Til dømes har det vore 67 innlegg sidan 1. juni. Meld deg på du også.

Nasjonalbiblioteket lanserte i fjor haust ei plattform med lukka fora for bibliotekmiljøet, og med bl.a. eit hovudforum med namnet Bibliotek-Norge. Men der er fagmiljøet lite aktivt. Det har vore åtte innlegg der frå 1. juni til 29. august, utan eit einaste svar eller kommentar.

november 12, 2020

Meld deg på biblioteknorge-lista igjen

Biblioteknorge, e-postlista for bibliotekdebatt, blei nedlagd av Nasjonalbiblioteket, men er tilbake med same namn og i same innpakning. Ho er, som før, ope for både fagfolket og alle bibliotekinteresserte, medrekna journalistar og politikarar (som det finst mange prov på at var med). Påmelding her. For spørsmål: thomas@kunnskapsallmenning.no

september 18, 2020

Verda går framover, og tilbake

NBF julaften 1999. Klikk og kikk

På Mac sin nettlesar Safari oppdaga vi no eit tillegg for Wayback Machine, nettstaden som tar kopiar av alt muleg nettinnhald med ujamne mellomrom. Og legg det ut. Med tillegget (på utanlandsk: extension) ser du av eit ikon i verktøylinja om det finst kopiar av den konkrete sida, og du klikkar fram ein dialogboks der du enkelt kan sjå alle kopiane. Sjå illustrasjonen av søk på Norsk Bibliotekforening. Hos slike som dei, som nyleg har forenkla nettsidene sine kraftig, vil dette hjelpemiddelet vere spesielt nyttig. PS: NBF seier dei også har noko spennande på gang, vent og sjå.

Frå dialogboksen kan du også med eit museklikk hjelpe Wayback Machine med å laste ned URL-ar dei ikkje har frå før. Om ikkje eigaren har stengt for slik nedlasting, som til arkivet til e-postlista Biblioteknorge som Nasjonalbiblioteket har sletta verkeleg grundig. Test til dømes denne lenka til eit innlegg i listearkivet, bygt opp gjennom tjue år: https://www.nb.no/cgi-bin/wa?A2=ind2004&L=BIBLIOTEKNORGE&T=0&O=D&P=6255

LENGE leve norsk bibliotekhistorie!

september 13, 2020

Meld deg på Biblioteknorge-lista igjen

Biblioteknorge, e-postlista for bibliotekdebatt, blei nedlagd, men er tilbake med same namn og i same innpakning. Ho er, som før, ope for både fagfolket og alle bibliotekinteresserte, medrekna journalistar og politikarar (som det finst mange prov på at var med). Påmelding her. For spørsmål: thomas@kunnskapsallmenning.no

september 10, 2020

Meld deg på Biblioteknorge no!

I dag kl 9.00 biblioteknorsk tid gjekk ei gruppe bibliotekfolk på ulike plattformar ut med erklæringa nedanfor om gjenoppliving av det populære (rundt tre tusen brukarar) e-postbaserte debattforumet Biblioteknorge. Det skjer berre to veker etter at Nasjonalbiblioteket på éin dags varsel sletta det frå internettets overflate.

>> Sjå også Bok og bibliotek

Med Thomas Gramstad i spissen har ei liste med same namn gjenoppstått på same programplattform. Folk må melde seg inn på nytt, men det er enkelt. Her følgjer erklæringa og dei viktigaste detaljane:

september 1, 2020

Muleg vidareføring av Biblioteknorge-lista

Bibliotekarforbundet i dag kan vi lese at «flere aktører med tilknytning til biblioteksektoren [diskuterer] en mulig videreføring av Bibliotek-Norge-lista». Samtidig som Svein Arne Tinnesand på NB «ikke har noen motforestillinger mot en videreføring av BibliotekNorge-lista. – De som ønsker det står selvsagt fritt til å videreføre lista. Men Nasjonalbiblioteket kommer ikke til å tilby å drifte en postliste på den eksisterende teknologiske plattformen».

august 30, 2020

Åttetusensjuhundreogfemtitre-tipset!

Tips oss om stort og smått (særleg stort) no som forumet Biblioteknorge er blitt fjerna. I rekordmånaden april i år blei sakene på bloggen lasta ned 8753 gongar til 2400 IP-ar. Skriv til: frilanders @ gmail.com.

Og bruk kommentarfelta.

august 29, 2020

Interessert i bibliotekpolitikk etter 28.8.2020?

I det no nedlagde (sic!) biblioteket i Bethnal Green i Aust-London var Karl Marx på veggen

E-postlista Biblioteknorge, det klart viktigaste forumet gjennom tjue år både når det gjeld små og store bibliotekspørsmål, blei fredag 28.8., på éin dags varsel, stengt av eigaren, Nasjonalbiblioteket. Dei kunne ha berre frose det og halde det framleis søkbart, men har istaden gjort alt innhaldet utilgjengeleg, medrekna det siste døgnets debatt om nedlegginga. Derfor sjå sakene her på bloggen med stikkordet Biblioteknorge2020., blant anna også eit intervju med Thomas Gramstad som imøtegår NB sin påstand om forelda teknologi som grunn for full nedstenging.

I denne situasjonen rår NB oss til å bruke dei 56 (?) ulike del-forum (sjå nokre få i illustrasjonen ovanfor) på nettstaden deira Bibliotekutvikling.no (krev innmelding). Blant dei 56 finn vi ingen del-forum om bibliotekpolitikk, men éitt heiter det same som den nedlagde lista, og der kan vi vel forsøke å auke aktiviteten, frå berre 40 innlegg det siste året. Om ikkje nokon annan kan kopiere og starte opp Biblioteknorge igjen (sjå intervjuet med Gramstad).

Men om ikkje dette duger, bruk veldig gjerne denne bloggen, særleg til bibliotekpolitiske spørsmål. ytringsfridom, debattbiblioteket osv. ! Tips meg på frilanders @ gmail.com.

Heile 873 personar …

read more »
august 29, 2020

Gratulere med solid utført sletting, Nasjonalbiblioteket!

Hej, for en skinnede port! 
Stå! Vil du stå! Det rygger 
længer og længer bort! 

No er fagforumet Biblioteknorge grundig fjerna frå Verdsveven (les meir om dette). Om du søker etter arkivet kjem du berre til nyheitssida på Bibliotekutvikling.no. Det same gjeld for lenker til innlegg på lista som vi har brukt i artiklar her på bloggen. Til dømes til talen underteikna skulle ha halde under Bibliotekmøtet i Haugesund i mars som takk for NBF sin pris (han fanst berre på Biblioteknorge, men nokre av dei som har lese han vil meine det ikkje er noko tap …). Men mange myyykje viktigare innlegg er blitt søkk vekk for ettertida.

Dei skriv at dei skal «bevare» innhaldet, men blir det tilgjengeleg, spør blant anna Thomas Gramstad? Etter prinsippa deira for arkivering av .no-domenet vil det berre bli tilgjengeleg for «forskning og dokumentasjon på særskilte vilkår». Men dei skriv også at «Deler av samlingen kan bli gjort tilgjengelig for allmennheten». Så får vi håpe på det. Men godt søkbart som inntil fredag morgon denne veka, blir det neppe.

Eit vagt minne om forumet/lista finn vi på Wayback Machine, men der er det nyaste frå 2017. Og klikking på den enkelte månaden gjev (førebels) informasjon om at «This page is available on the web!». Men dét vil vel snart bli retta.

Om det Norske Kongelige Nasjonalbibliotek her har brukt metoden med Robot Text File for å stenge seg ute, er komedien/tragedien fullendt. Men dette er ord som berre slike som underteikna, som for lengst er stempla som konspirasjonsteoretikar, bør ta i sin munn.

august 28, 2020

Thomas Gramstad om den laust funderte nedlegginga av Biblioteknorge, og kva legg NB i å «bevare»?

Thomas Gramstad
Foto: Thomas Gramstad CC-BY

På fagforumet Biblioteknorge torsdag denne veka var det heitaste temaet forståeleg nok at Nasjonalbiblioteket på ėin dags varsel meldte at dei skal leggje ned lista, eit fagforum for bibliotektilsette og andre gjennom tjue år, der også politikarar og journalistar har heldt seg orienterte.

Kritikken var krass og mangfaldig. Den mest konkrete kritikaren var Thomas Gramstad, blant anna styreleiar i EFN, styremedlem i ISOC Norge og sekretær for NUUG, etter å ha vore nestleiar der i 2019-2020. Vi har her bedt han utdjupe nokre av ankepunkta.

NB er jo ikkje på nokon måte konkrete på korleis og når dei vil bevare innhaldet på lista og eventuelt om dei vil gjere det allment tilgjengeleg, og du etterlyste i går løysingar både for bevaring/arkivering og for alternativ drift. Men no har du også sett nærmare på heile grunnlaget for nedlegginga. Og dėt meiner du ikkje er spesielt godt fundert?

– NB hevdar at Listserv er forelda teknologi. Det er nok rett at dei konkurrerande frie programvarene Sympa og Mailman blir oppdaterte oftare, har fleire funksjonar, er meir moderne, brukast av mange fleire i dag, og at det ville vore betre å gå over til ein av dei. Likevel kan eg ikkje la vere å påpeike at det framgår av NB sine websider at dei køyrer ein gamal versjon av Listserv (15.5), mens produsenten Lsoft.com oppgir at versjon 17.0 blei sluppe 10. juni 2019. Det er ganske mange versjoner mellom dei to, så kanskje versjon 17 er litt mindre forelda.

Og eg merker meg spesielt …

read more »
Translate »