Nord-Korea, Aserbajdsjan, Armenia – og norske bibliotek

43 band av Kim Il Sungs bokskatt. Her på engelsk. Dei var like solid innbundne på norsk.

Under nyheitssendingane dei siste dagane fekk vi eit flashback til ein reportasje i Klassekampen i 2016 om bokgåver til bibliotek: «Kampen om hyllene» (du må truleg ha passord her). Frå ingressen: «Norske bibliotek mottar gaver fra alle kanter. Nazistene, Nord-Korea og rike bergensere har vært med på å fylle opp samlingene». Her førekjem også Aserbajdsjan, Armenia, Nagorno-Karabakh og meir til (no kan det bli mange nedlastingar!).

Avisa intervjuar Halvor Kongshavn, overbibliotekar på Universitetsbiblioteket i Oslo. Han fortel blant anna den fantastiske historia om ei stor bokgåve og medhøyrande utstilling frå den aserbajdsjanske ambassaden. Men som under opninga viste seg å …

vere planlagd som eit propagandashow «for Aserbajdsjans fortreffelighet og Armenias forbrytelser. Det passer veldig dårlig i et bibliotek som etterstreber politisk nøytralitet i alt de driver med, så Kongshavn og noen kolleger fikk i all hast hentet inn noen bøker med Armenias syn på saken». Og som om ikkje dét var nok, forsøkte ambassaden å snike inn eit banner, truleg med ein liknande bodskap, bak ryggen på Kongshavn då han stod på podiet og blei filma.

Vi kan også lese om flaumen til norske bibliotek på 1970- og -80-talet av tjukke band forfatta av Kim Il Sung, den nord-koreanske statsleiaren og «Store sol» gjennom nesten femti år. Bøkene var faktisk på norsk, omsette i Pyongyang, skriv Klassekampen, men trykte, ser vi i Nettbiblioteket, hos Volder-Trykk i Øvre Vollgate i Oslo. I Nettbiblioteket finn vi 26 band (nokre opne og andre lukka. Kvifor?), mens vi i Oria finn 56 titlar på norsk.

Per Petterson, Deichman-praktikant på tidleg 70-tal og seinare studiekamerat på bibliotekskolen, fortalde at dei gjerne fekk heile pallar med bøker frå koreanarane, for ofte kom fleire band i slengen og 18 eksemplar av kvart. Til alle dei 18 avdelingane medrekna filialar og utlånsstasjonar. Det aller meste gjekk i søpla med det same (resirkulering var berre såvidt påtenkt).

Men éi bok, «Svar på spørsmål fra utenlandske journalister», blei med på lasset til det nye biblioteket i Bjørvika og skal stå i 5. etg. – Historie – Asias historie –  951.9.

I Biblioteksøk konstaterer vi at Nasjonalbiblioteket og Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek til saman har eit «godt» utval, men at mange titlar står med «0 av 0 ledige». Hmm?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: