
Gamle aviser må vel trykkast opp igjen no? Her ei viss 50-årsjubileumsutgåve
For eitt år og fire dagar sidan skreiv vi om krisa for Atekst når nokre aviser trekker seg og stadig fleire aviser innfører embargo på artiklane sine på ei veke eller meir. No har dette stått på eit år, og ved inngangen til 2020 har Retriever/Atekst valt ein ny betalingsmodell som for dei fleste vil bety ein sterk prisauke. Så mykje dyrare blir det, meiner i dag NBF-nestleiar og bibliotekdirektør på OsloMet Lars Egeland på Khrono.no, at fleire bibliotek må seie opp avtalane.
>> 31. januar: Retriever støttar delvis Egeland, men skuldar på avisene.
OsloMet forlenger avtalen med same sum som i fjor, men alt utpå våren vil pengane ta slutt, då den nye betalingsmodellen går på forbruk, artikkel for artikkel. Det blir ein prisauke på 170% om dei skulle halde fram med like mykje bruk som i fjor. Det same valet har UiO, UiB, UiT og NTNU gjort.
Kritikken til Egeland er skarp; han skriv blant anna at «avisarkivet er en monopolist som nå presser prisene oppover samtidig som folks mulighet til å kunne søke i gamle avisartikler i høyeste grad er av stor demokratisk betydning». Men han foreslår også konkrete løysingar baserte på røynslene med Lovdata i året som gjekk:
«De kan fortsette med å selge tilgang til enkeltartikler til enkeltpersoner på nettet, men i tillegg tilby gratis adgang i alle bibliotek. I tillegg kunne de fortsette å gi tilgang for undervisningsinstitusjoner til en fast pris – ikke slik at jo mer elever eller studenter leser, jo mer skal det koste.»
Egeland appellerer til pressestøtta, avisenes fritak frå MVA, samfunnsansvaret og til at biblioteka ikkje vil «bli behandlet som en hvilken som helst annen kunde».
Korleis vil den nye modellen fungere for folkebibliotek som tilbyr tenesta? Skriv gjerne om det i kommentarfeltet.
Leave a Reply