Medmenneskeleg bibliotekbygging i Chicago

I mangel av foto med CC-lisens, eit utsnitt av fotosøk på «Little Italy Branch Library»

Vi blogga i går om at biblioteka må kunne gjere noko for å motverke einsemd for norske studentar – og for folk i tre forstadar i Chicago. Det siste hadde vi frå ei ny bok:  «Ensomhetens århundre» av britiske Noreena Hertz. Men her fann vi berre uklare referansar, før vi no las boka grundigare:

Det interessante med Chicago er ikkje at dei har bygd nye bydelsbibliotek, noko som i seg sjølv fremjer sosial kontakt, jamfør PLACE-prosjektet, men at dei nyleg har fullført tre bustadprosjekt der bibliotek er sentrale og heilt integrerte.

I Noreg betyr nye, urbane bustadprosjekt typisk høg standard med tilsvarande prisnivå og påfølgjande gentrifisering. Men i nybygga i desse tre Chicago-bydelane er det ulike prisnivå, noko som bidrar til at biblioteka blir reelle fleirkulturelle og -sosiale møteplassar. Hertz skriv blant anna:

«Biblioteket tjener som en felles møteplass, knytter bånd mellom generasjoner og er et sted der folk med forskjellig samfunnsøkonomisk bakgrunn kan møtes for å lese, bli lest for, se film og bare nyte å være del av de samme omgivelsene. Barn med foreldre som får offentlig støtte, er like velkomne disse stedene som barn fra familier som bor i leiligheter som selges til markedspris – potensielt vegg i vegg. … Når man hører at det skal komme sosial-boliger i nabolaget, kan folk av og til si: ’Ja, det er vel og bra å gi folk boliger et sted, men ikke i mitt nabolag.’ Men her var lokalsamfunnet veldig støttende», seier leiaren av arkitektfirmaet.

I ein artikkel i New York Times – «Chicago Finds a Way to Improve Public Housing: Libraries» – kan vi lese meir om denne filosofien. Tradisjonelt var bibliotekfilialar (byen på 2,7 millionar har 81 av dei) ganske standardiserte for å redusere byggjekostnadene og sikre ein viss arkitektonisk likskap mellom grannelaga. Men når bygga og innreiinga likevel måtte ha litt tilpassing, blei det ikkje spesielt økonomisk. Så i staden valde borgarmeister Rahm Emanuel i 2017 ein annan modell: «Med utgangspunkt i byens arkitektoniske arv fremja han ein slåande ny sivil arkitektur for å synleggjere byen positivt og som ei kjelde til byrgskap i samfunnet. … God arkitektur kostar meir, men det gir utbytte over tid» (vår omsetting).

PS: Om ein les Newsweek tysdag, kan ein kome i sterk tvil om heile bibliotek-løftet til borgarmeisteren. I alle fall må han ha gjort dette først og fremst med panisk tanke på ettermælet sitt som Demokratisk politikar. For i samband med nomineringa til den nye regjeringa til Biden er ei brei venstreside i partiet sterkt imot å gje ein slik posisjon til ein nyliberalar, fagforeiningsknusar og unnalurar av videobevis i ei politiskyting i 2014.

2 Comments to “Medmenneskeleg bibliotekbygging i Chicago”

  1. Jeg må takke deg, for det er veldig vanskelig å finne god informasjon som bloggen din

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: