– Kven har den beste bibliodassen? (det er fredag)

I Frankrike innfører no bibliotekforeininga ABF eit nytt kriterium på kva som er eit godt bibliotek: At WC-en er open for alle og at han er vakker og nyskapande!

Denne veka slutta dei franske biblioteka seg til ei nasjonal rørsle for å løyse den alvorlege hygieniske krisa som er oppstått under koronaen fordi mange offentlege toalett blei lukka under dei ulike nedstengingane, og aldri blei opna igjen. Og fordi serveringsstader, med slike innretningar, er stengde i lange periodar. Slik vi forstår det, er biblioteka sjeldnare stengde enn andre institusjonar, så no bør ein kunne gå på biblioteket utan å låne noko anna enn wc-en.

Samtidig lyser bibliotekforeininga ut ein konkurranse om den penaste «ugle-dassen» («Chouettes Toilettes» må vel bety noko sånt; vi har forstått at ugla er verkeleg sterkt knytt til bibliotek der i landet). I den ganske muntre utlysinga kan vi blant anna lese at WC-en er eit «sentralt element i ein kvalitetsvelkomst, ein stad som iblant er forsømt eller ei kjelde til spenning …». Og no bør biblioteka nytte høvet til å «implementere prinsippa om tilgjengelegheit og inkludering i desse små hjørna i verksemdene våre» (vår omsetting). Både det estetiske og mangfaldet av tenester på bibliodassane vil bli vurderte av ein komité med både generelle og spesielle kvalifikasjonar.

PS: Apropos Frankrike, toalett – og bibliotekarar: Illustrasjonen viser verdas mest berømte pissoar, «utført» av den franske surrealistiske kunstnar-pionéren Marchel Duchamp og utstilt i NYC første gongen i 1917. Duchamp jobba blant anna også i bibliotek.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: