Ibsenbiblioteket i Skien: «- It cannot be a real library»

Arkitekturnettstaden dezeen.com har denne veka eit solid oppslag om det komande biblioteket i Skien, med fleire overveldande «arkitektteikningar». Det er mykje skryt å lese om alt frå val av materiale på yttertaket («sånt ville gode båtbyggjarar vore stolte av») til samspelet mellom bygget og parken («dette vil maksimere potensialet som møteplass»).

Men når det gjeld det funksjonelle er det tvil å spore i kommentarfeltet: «… stakkars dei forfattarane som vil vere umulege å nå på toppen av dei høge bokreolane». Og «har arkitektane høyrt om Dewey?». Ein konklusjon er at «dette kan ikkje vere eit verkeleg bibliotek». Noko ein annan kommentator stadfestar: «I dag er bøkene der berre berre for å dekorere» (vår omsetting).

Men det står ingenting om arkitektoniske følgjer av Koronaen. Under overskrifta Koronabibliotek på gang! samla vi i januar Skien og fleire andre planlagde bibliotek som i utforminga bør ta omsyn til denne og framtidige pandemiar.

2 Comments to “Ibsenbiblioteket i Skien: «- It cannot be a real library»”

  1. Ingen grunn til uro. Vi er mange som jobbar tett på og opp mot arkitektane med å passa på at både bibliotekfunksjonalitet og smittevern blir teke omsyn til.

    God påske frå

    Arne Olav

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: