Biblioteket og dei nye mutasjonane

Klikk for større bilete eller sjå FHI-foredrag

I mai i fjor gjekk Norsk Bibliotekforening og Bibliotekarforbundet saman om ein god, detaljert og relativt fleksibel «Smittevernveileder for bibliotek». Men etter dét har vi fått mutasjonar av viruset, der dei tre mest kjende er den «britiske», den «brasilianske» og den «sørafrikanske». Og som vi enno ikkje kjenner på langt nær så godt som det «vanlege» viruset og sjukdomen, men alt tyder på at dei er farlegare på ulike måtar. No er vi rett nok i gang med vaksinering i vår del av verda, men kanskje må nye vaksinar utviklast.

Dette mens presset aukar for å opne biblioteka. Før den nasjonale nedstenginga frå november og utover haldt biblioteka lengre ope enn dei fleste andre kulturtilboda med grunngjevinga at «det er lite som tyder på at bibliotek er en betydelig smittekilde».

Men med dei nye mutasjonane er dette argumentet svekka. Alt i januar ga FHI ut ein rapport der vi kan lese at …

… alle dei tre variantane smittar lettare, og at vaksinen kan gi redusert effekt mot den brasilianske og sørafrikanske. Førebels har ikkje FHI og regjeringa endra reglane, men kommunelegen i Haugesund seier i dag at «en samtale på to minutter i vanlig prateavstand har i noen tilfeller vært nok». Og no har det kome ein «tilleggsmutasjon»: «Når de muterer på samme virus, får viruset egenskaper som gjør at det både sprer seg lett og kan motstå vaksine og antistoffer for gjennomgått sykdom».

I september lista vi opp 19 punkt der vi meinte det vil vere behov for statleg ekstrainnsats for å få biblioteka på beina etter pandemien, både når det gjeld helsetryggleik og fagleg standard og tilbod. Vi fekk høyre at dette var for pessimistisk, men etter denne vinteren vågar vi å minne om dei igjen.

PS: I USA har det føderale «bibliotektilsynet» ILMS og det internasjonale konsortiet OCLC gått saman om REALM – REopening Archives, Libraries and Museums. På bloggen har vi tidlegare skrive om forskinga deira på smittefare via typiske «bibliotekoverflater», og no kjem dei med video og trykksaker for å førebu institusjonane på forsvarleg gjenopning. Dei peiker også på kor uvisst mykje er i dag og held fram fem viktige punkt i denne prosessen (klikk for større illustrasjon):

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: