Ikkje akkurat bibliotekarkjendis (det er fredag)

Den US-amerikanske bibliotekaktivisten og professoren i bibliotekhistorie, Kathleen McCook, kjem no opptil fleire gongar om dagen med bibliotekhistoriske artiklar på Substack. Så bra er dette at vi har lagt henne til i bloggrullen heilt nede til høgre.

Eitt tema ho er opptatt av er sensur, derfor minnar ho om historia om ein bibliotekar-sjølvbiografi som lenge var forboden og der manuset blant anna blei redda frå Dresden under bombinga i 1945, sykla til Leipzig og vidare til Wiesbaden med amerikansk militæreskorte. Boka blei utgitt på 1960-talet, men blei praktisk talt gløymt. Ikkje var personen så populær i alle krinsar heller …

Personen var fødd i Italia, men rekna seg som franskmann, og i 2007 starta ein innfløkt og hemmeleg prosess for fransk oppkjøp av manuset. Kathleen lenkar til ein video frå overrekkinga i 2011, det til då dyraste franske manuskjøpet i historia for 7 millionar Euro. New York Times hadde ei samtidig sak om denne transaksjonen.

Den sjølvbiograferte var ikkje mest kjend som bibliotekar, men …

… meir som svindlar, diplomat, soldat, alkymist, fiolinist og gamblar, for ikkje å seie vagabond, forførar og livsnytar.

PS: Noko som definitivt hadde gått i gløymeboka om det ikkje var for eit godt norsk bibliotekvesen er det norske bibliotektidsskriftet som hadde namn etter denne personen. Det var herverande bloggar som vann då dåverande Kommunale bibliotekarbeideres forening utlyste namnekonkurranse fordi også «drosjesjåførene i København og firmaet Eik og Hausken [utgir] «Kontakten». Send oss ett eller flere forslag til nytt navn».

Sjå gjerne grunngjevinga til underteikna. Namnekonkurransen var i 1983, men av ulike grunnar (?) blei ikkje namneendringa gjennomført før fem år seinare. Og det kom vel berre to nummer av tidsskriftet før «Bibliotekansattes forum» overtok, som uttrykk for at den store forbundsfusjonen var i gang.

Leave a Reply