Korona-plassmangel i skolane – kva då med biblioteka?

Tronge biblioteklokale blir svært tronge i framtida

I Dagsavisen i går handla det om plassmangelen ved mange skolar på grunn av koronaen. Avisa skreiv også i mars: «Osloskolen om to meters avstand mellom elever: «Helt umulig»». Også omorganisering av klassane i kohortar krev meir plass. Skolane forsøker då å leige andre lokale i nærleiken.

Men skolebyråden i Oslo er ikkje uroleg for dette. Ho har «hele tiden tydelig kommunisert til skolene at de vil få dekket utlegg til leie av ekstra lokaler da dette vil være ekstraordinære koronautgifter. Denne typen ekstrautgifter forutsetter vi at staten kompenserer».

Kva då med folkebiblioteka?

For det første høyrer vi ingen verdas ting frå departementet eller Nasjonalbiblioteket om korona-kompensasjon. Dei ser ut til å meine at det held med e-boktilskota i fjor.

Men i biblioteket er det ikkje berre å leige kvadratmeter rundt hjørnet når biblioteklokalet i praksis er redusert til kanskje det halve på grunn av to-meteren mellom folk. Og permanent blir det; vi må bli betre førebudd mot nye pandemiar, og etter koronaen er bibliotekarkitekturen klart i omforming mot større areal per brukar. Og: For tida aukar kanskje ikkje utlånet, men dét gjorde besøket i åra før koronaen. Og mange brukte meir tid når dei var på biblioteket.

PS: Og apropos ei anna utfordring, nemleg …

… skolebiblioteket, som vi skreiv om i går. I Dagsavisen kan vi også lese om Osloskolen: «Det siste året med pandemi og strenge smitteverntiltak har skolen også tatt i bruk spesialrom, gymsalen, bibliotek og lærernes personalrom til undervisning» (vår utheving).

Slik «ekspropriering» av skolebiblioteklokale er ikkje noko nytt. Det var dessverre ein «tradisjon» lenge før koronaen. Worst case er vel Slevik skole i Fredrikstad. På Bibliotekmøtet i Stavanger i 2002 presenterte den dåverande Bibliotekaksjonen nokre gode føredøme, blant anna det nybygde, flotte skolebiblioteket på Slevik. Eit par månader seinare tok underteikna, som journalist, kontakt med skolen med tanke på å gjere ein reportasje, men då … hadde dei lagt ned skolebiblioteket og gjort det om til undervisningslokale.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: