
Torsdagar skal det vere noko nytt på bloggen, men oppsummeringa etter den stockholmske globale idéverkstaden krev litt meir tid. Derfor berre nokre lause tankar rundt papirbaserte medium og institusjonar. På bussen heim gjennom Värmland.
Klassekampen, elles ein av dei mest «papirtrygge» norske avisene, så lenge dei ikkje konkurrerer om nyheiter, har nyleg sett på papirprisutviklinga og (dermed) strategival i avisbransjen. Veldig kort fortald: Dei nemnde prisane har auka 70 %, stadig fleire lesergrupper går no helst digitalt og mange synst kortfatta bodskap frå influenserar og andre via sosiale medium er meir enn bra nok.
Vi har enno ikkje sett det heime på same måten som i Sverige, i alle fall Stockholm, men etter nokre dagar her borte konstaterer vi blant anna at papiravisene er heilt vekke frå frukostsalane i hotella, og berre dei aller …
… største utsala til Pressbyrån (ein slags Narvesen) har andre aviser enn tabloidane. Dei små har ikkje eingong desse to (Expressen og Aftonbladet).
Og i sentrale Sthlm, kloss ved Sergels torg, var det i alle år ein stor og god Akademibokhandel. Denne er no redusert til eit minimum og pressa ut og ned i kjellaren i Gallerian. Det er mange Pocket Shop å sjå, men det er noko anna. Berre ferskvare og billegbøker.
Og kva med biblioteka? Folkebiblioteket i hovudstaden sliter med politikarane sine. Nytt hovudbibliotek, som i mange år var på saklista, skjer det no lite med. Bydelen Kungsholmen, med 70 tusen innbyggjarar, hadde frå før ein alvorleg liten filial, og no har dei måtte dele arealet med avdelinga for framandspråk, etter at dei blei kasta ut av lokala sine.
Denne turen i Austerled handla også om at UB i Uppsala blei 400 år midt under Coronaen, og no feirer med eitt feitt historieverk osv. Meir også om dette seinare. Då skal det handle om Silverbibeln og andre herlegdomar. Men etter å ha lese på nytt, på bussturen hit bort, romanen Tjuven, om planen om å stjele denne fantastiske evangeliesamlinga, den einaste boka på det utdøydde gotiske språket, fekk vi trong til å lese meir om forfattaren, den nordisk råds litteraturprisvinnande Göran Tunström. Så gjekk vi til ein bibliotekfilial i Stockholm. Vi fann berre romanane hans. Så spurde vi då i infoskranken. Men fekk spørsmålet tilbake: – Vad sa du att författaren hette? Vi måtte bokstavere.
Jo, det fanst ei bok, «Vår ljusaste tragiker» av Birgitta Holm, men ho var utlånt på denne filialen. Dei kunne reservere eller låne inn eller eg kunne prøve eit anna bibliotek.
Enden på visa blei at eg sjekka lyd- og e-bokappen, ikkje biblioteket sin, for der var ho ikkje, men den kommersielle som har følgt oss på mobilen i fleire år no. Der var boka. Så blei heile biblioteket uinteressant, papir eller ikkje.
Leave a Reply