Pandemien: Infosvikt til dei som trong det mest

For å kunne hente må du vite at tenesta finst

JoLis – Journal of Librarianship and Information Science – har no ein artikkel basert på ei spørjeundersøking til bibliotekleiarar og -tilsette i britiske folkebibliotek: Delivering services in the new normal: Recording the experiences of UK public library staff during the COVID-19 pandemic. Mykje er sikkert kjende tonar for norske og nordiske bibliotekarar. Vi merka oss særleg frustrasjonen med å ikkje nå fram til folk som manglar nettoppkopling eller har dårleg kunnskap om nettbruk. Korleis var dette hos oss? Vi omset her eit avsnitt frå artikkelen:

«Sjølv om dei leverte naudsynte fysiske og digitale tenester under nedstengingane, makta ikkje respondentane alltid å gjere kjent kva for tenester som var tilgjengelege for lånarane. Dette blei spesielt hemma på grunn av problem med brukarar som ikkje hadde tilgang til IKT-infrastruktur eller Internett. Dei fleste av respondentane oppgav at kontakt med lånarane blei gjort gjennom sosiale medium og e-post. Dette etterlet då ein heil del av innbyggjarane utan kontakt, spesielt dei som normalt set lita si til biblioteket for visse tenester, som eldre eller dei utan IKT-infrastruktur. Dette problemet framhevar det digitale skiljet som gjeld i Storbritannia. Trass i at Internett og anna IKT-tilgang har auka dei siste åra, er det framleis mange som ikkje har desse fasilitetane eller ikkje er i stand til å bruke dei effektivt. Dette er nøkkelpersonane som vil ha nytte av å vite om tenester som Klikk og hent og heimelevering. Respondentane understreka frustrasjonen over å ikkje vere i stand til å marknadsføre tenestene godt nok».

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: