Oppsnappa veke 28

Utan nokon som helst relevans til tekstane

Om tyrkisk bibliotekhumor, om ein 90-årsjubilant og norsk statleg bibliotekpolitisk historie og om kor viktig bibliotek og arkiv er for journalistikken og historieskrivinga og særleg når det skal handle om vanleg folk. Klikk for å lese:

Inga ære før etter 79 år. Mange har sikkert sett saka på Nrk.no om «Dei skjulte steinhoggarane»: «Gustav Vigeland fekk æra. I dag kan NRK fortelje den verkelege historia om kven som bygde nasjonalskatten Monolitten». Nemleg tre til no anonyme steinhoggarar som jobba på skulpturen i 14 år, men utan å få namna sine nokon stad. Med eitt bortgøymt unntak, som NRK-journalist Maren Kvamme Hagen kom over. Fagbladet Journalisten har intervjua henne som fekk ideen og var hovudansvarleg, men til skilnad frå steinhoggarane har blant anna også NRK-researcher Inger Karin Raknerud fått plass «på rulleteksten». Og sjølvsagt «har Nasjonalbibliotekets avisdatabase, som er søkbar på nett, vært viktig i prosessen». Og Arbark og fleire arkiv.

Svart bibliotekhumor. Når Ellen Engelstad skriv i Klassekampen 5. juli om Finland og Sverige sin trekantavtale med Tyrkia, opnar ho slik: «Jeg kan bare én tyrkisk vits, og den går som følger: En innsatt i et tyrkisk fengsel oppsøker stedets bibliotek og spør etter en bok. «Beklager», svarer bibliotekaren, «den er forbudt. Men vi har forfatteren!»».

Av respekt for Engelstad sitt eigentlege tema tar vi med avslutninga hennar også: «I utlandet er Norden kanskje mest kjent for interiør og design. Med hele regionen innlemmet i Nato er det mye mer sannsynlig at vi blir en stilig, minimalistisk dørmatte enn en kraft som kan heve stemmen mot urett».

Jonsmoen i 90. Vi les no fleire stader at forfattar Ola Jonsmoen frå Alvdal har berre ti år igjen til hundre. Bloggaren hugsar han som ein svært klok og triveleg samtalepartnar blant anna i pausene under møta i Statens bibliotekråd på 1980-talet. Ja, det fanst eit slikt, men berre i fire-fem år.

PS: Den viktigaste oppgåva til rådet blei å førebu revisjon av biblioteklova. Rådet, med kulturpolitikaren Jostein Nyhamar (AP) i spissen, gjekk offensivt inn for å forsvare status quo for folkebiblioteka, men i konkurranse med dei langt tyngre stortingspolitikarane blei det i staden ei lov med langt mindre statleg styring og vekk med øyremerkte statstilskott. Les meir om dette i «Bok over land», side 217 ff.

One Comment to “Oppsnappa veke 28”

  1. Takk for tips, godt og viktig fra Engelstad…og en god vits!

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: