Arkitekten som angra. Eller kva er eit bibliotek i 2022?

Ein høgst uvanleg arkitektonisk sjølvkritikk var å lese denne veka i svenske Biblioteksbladet. Der vedgår dei velrenommerte arkitektane bak det berre eitt år gamle hovudbiblioteket i Örebro at dei «inte [är] entydigt förtjusta i slutresultatet». Og i overskrifta står det at arkitekten «sågar nya svenska bibliotek». «Att såga» tyder ifølgje Svensk Ordbok «att kritisera skonings­löst och från­känna allt värde». Arkitekten sitt eige pinlege poeng er: «Om vi fick göra ett bibliotek till, så skulle vi vilja göra en massa olika rum, som en labyrint, eller en slags basar».

Korleis er ei slik heilomvending muleg på dei fem åra frå teiknebordet til kort etter opninga? Seier det berre noko om at arkitektar ikkje tar bibliotek alvorleg, eller er heile tenkinga rundt folkebibliotek, og dermed -arkitekturen, blitt ein postmoderne tombola?

Vi kjenner verken arkitekten eller bibliotek- eller kommuneleiinga i Örebro, så dette blir rein spekulasjon, men kan dette vere endå eit døme på at viktige avgjerder blir tatt utan dialog med, eller også i strid med, dei bibliotekfaglege?

Deichman i Bjørvika kunne faktisk blitt Dømet med stor D på eit slikt uføre. Liv Sæteren, Oslos biblioteksjef fram til ho gjekk i pensjon i 2014, karakteriserte dialogen med byggherren, altså kommuneleiinga, som «å stå på hver sin side av en brusende elv og snakke til hverandre», grundig utbrodert i eit intervju eg gjorde med henne for Bibliotekforum i 2014.

Gratis lån av bøker i seg sjølv skaper ikkje trufaste bibliotekbrukarar på 2000-talet. Kjøpesentra innbyr gjerne til «ei god handleoppleving», og biblioteket må ha …

… element av det same, men utan å prostituere seg. Og Örebro-arkitekten sin etterpåkloke idé om møteplass, variasjon og «basar» er slett ikkje ny. Sven Nilsson, biblioteksjef i Malmö då dei fekk nytt bibliotek for tjuefem år sidan, var inne på det same i den då svært viktige boka «Tidernas bibliotek» (1997), og på konferansar i heile Norden.

Og i alle fall sidan 1992, då den innebygde handlegata Galleri Oslo var førstevalet for Deichman, fronta Liv Sæteren lokalt og internasjonalt ideen om eit mangfald av rom eller «scenar» for ulike behov og brukargrupper. Alle som opplevde Galleri Oslo før stagnasjonen, for ikkje å seie forfallet, forstod kva som var muleg for eit bibliotek i desse lokala, med varierte rom og tilbod til høgre og venstre langs midtgangen. Også då den enorme flata i Postterminalen blei aktuell rundt 2000, skisserte ho eit slikt mangfald. Scenografi blei eit viktig stikkord.

Ho sa i 2002 til den eigne bloggen nye-deichman.no (då Vestbanetomta var «greia»): «Vi ønsker å få kartlagt alle tenkelige brukersituasjoner og innrede biblioteket etter det. Det skal være plass til et “tempel” for byens forfattere, men også et “elg-i-solnedgang-rom” om noen ønsker det». 

>> I 2015 hadde Aftenposten ei sak der nokre av dei i alt 25 (!) alternative tomtene og bygga er nemnde.

Og i det ferdige biblioteket i Bjørvika ser vi at dei ulike «romma» er ordna vertikalt gjennom seks høgder. Nokre med og nokre utan veggar.

Dette er eit godt høve til å finne fram eit leseksemplar vi fekk frå Pax i april, nemleg praktboka, får vi vel seie, «Deichman Bjørvika». Dette er først og fremst arkitektane sin grundige dokumentasjon slik vi aldri har sett han før, men vi finn også eit viktig bibliotekstrategisk essay av Liv Sæteren. Ho sender blant anna dette signalet til etterkommarane:

«Til nå er det hovedsakelig attraksjonsfaktoren som er utviklet. lnviterende bygg og rom som er utformet med innsikt om preferansene hos ulike brukargrupper. Neste trinn som bør gis større vekt er utformingen av rom som virkemiddel i fortellingen om innholdet. Det vil si bruk av utstillingsarkitektur og scenografi, vel så mye som interiørarkitektur. Skal biblioteket iscenesette møter mellom innhald og brukere, krever det scenografisk tenking rundt utformingen av interiører».

Litt tilbake til den allmenne nytt-biblioteksituasjonen:

I 1914 var det enkelt å vise korleis eit bibliotek skulle vere. Her frå bibliotekavdelinga under Jubileumsutstillinga i Frognerparken.

I bygde- og småbybibliotek har vi sett til dømes at eit brukbart publikumsareal er blitt unødig oppstykka av ein arkitekt med hang til frittståande søyler av ulike diametrar. Og vi har registrert verknaden av arkitektar med ustoppeleg kjærleik til skulpturelle vegg- og golvfaste bokreolar i bastant limtre. Lagnaden til generasjonar av bibliotekbrukarar kan også bli forsegla om by- og tettstadsutvikling får førsteprioritet, eller når politikarbanda til lokale tomteeigarar er for sterke. Men i byar som Örebro, på storleik med Kristiansand, og med lange og gode bibliotektradisjonar, burde det ikkje vore plass for slik vilkårlegheit.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: