Meir bibliotekhistorie digitalisert på nb.no

Blant anna i mangel av eit samla nasjonalt bibliotekhistorieverk og eit bibliotekmuseum er det viktig at det bibliotekfaglege og -politiske stoffet blir digitalisert og gratis tilgjengeleg. Derfor er 29. september ein aldri så liten merkedag når Nasjonalbiblioteket i dag annonserer at Norsk Bibliotekforening sitt tidsskrift Bibliotekforum ligg les- og søkbart på nb.no.

Tidsskriftet var i drift i 19 år, frå 1995 til 2014. Forgjengaren, meldingsbladet Internkontakt (1976 – 95), bør bli neste prosjekt.

Vi ser at også salige Kommunale bibliotekarbeideres forening sitt tidsskrift Kontakten er digitalisert, rett nok berre fire årgangar. Dei ligg ikkje ope tilgjengeleg, men desse kan det då ikkje vere grunn til å halde innelåst? Tidsskriftet blei utgitt mellom 1960 og 1988. Fortsettaren, med namnet CasaNova (!), finn vi heller ikkje (PS: Med denne grunngjevinga vann underteikna i 1988 konkurransen om eit meir spenstig og mindre vanleg tidsskriftnamn enn Kontakten).

Leave a Reply