Nokre e-bokbetraktningar

Den svenske Bokmessan er over, med blant anna ein debatt om «hur vi ser till att biblioteken kan använda den digitala backlisten för att fullgöra sitt uppdrag». Altså ikkje berre det nyaste nye. Noreg er nemnd i denne samanhengen, og nærmast som «best i klassen»: «[man har] i Norge avtalat med samtliga förlag gällande backlist-böcker fram till år 2000». Hurra!?

Nei, norske forlag kjem då nesten ikkje med e-bokutgåver av anna enn krim, «løkkeskriftbøker» og relativt populære titlar frå dei siste 15-20 åra. Vi har sett litt på dette:

Her søk i Bookbites på dei Brageprisnominerte for skjønnlitteratur for vaksne i 1997 og -98, altså dei siste åra før det første gjennomslaget til e-boka (titlar i alt er tatt frå Wikipedia):

Brit Bildøen 9 av 14 / Kjartan Fløgstad 6 av 49 / Hans Herbjørnsrud 3 av 9 / Liv Køltzow 11 av 14 / Sissel Lie 3 av 18 / Geir Pollen 9 av 14.

Og så nokre frå den førre generasjonen, nemleg vinnarane av Riksmålsprisen frå 1960 til -65: André Bjerke 0 av 31 / Solveig Christow 0 av 34 / Odd Eidem 0 av 33 / Gunnar Bull Gundersen 0 av 23.

Og heller ikkje av nyare bøker finst det mykje digitalt, jamfør den norske Bransjestatistikken for 2021 (pdf, side 15): «Innenfor allmennlitteraturen er sakprosa i liten grad på digitale flater, mens skjønnlitteratur samlet er på 32% og barne- og ungdomslitteratur er på 26%».

Så må vel svenskane sin påstand handle om Nasjonalbiblioteket si digitalisering og fri bruk? Men éin ting er at …

… nb.no-bøker er mykje mindre lesevennlege enn kommersielle e-bøker på eit lesebrett, éin annan ting er at «backlista» til nb.no – altså frie bøker utgitte fram til og med 2000 – er blitt ganske gammal etter kvart. Ei backliste med berre bøker som er 21 år og eldre, er vel litt spesielt. Ved starten i 2006 var derimot fem år gamle bøker frie.

PS: I januar rekna vi ut at berre halvparten av titlane på nb.no var med fri tilgang, og etter åtte månader er det alt nede på 48,5 prosent, utrekna etter den same metoden.

Eit sprang til e-lydbøker: Eigentleg burde biblioteka tilby parallelle lån av e- eller p-bøker til folk som låner allmenn sakprosa som e-bok. Eller i alle fall varsle om viktige manglar ved sannsynlegvis fleire av dei. Eit døme:

Underteikna har no lytta til Ulrik Eriksens «Et land på fire hjul», men oppdaga at dei 39 sidene med viktige sluttnotar ikkje er med. Og heller ikkje litteraturlista på fem sider. Ein kan forstå at notane er verdilause om dei skulle bli opplesne til slutt, og framtidig teknologi vil sikkert opne for val av den enkelte fotnoten undervegs. Men innan då vil lydbøker aleine duge dårleg til studium og fagleg dokumentasjon.

Enklare burde det vore å få lese opp dei relativt korte etterorda til bøker som Tom Egeland sin Bjørn Beltø-serie, der forfattaren avklarer kva som byggjer på realitetar og kva som er fri dikting. Det same gjeld til dømes nokre av Jørgen Brekke sine Odd Singsaker-bøker. Men slik tenkjer dei tydelegvis ikkje i forlaga.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: