
Skepsisen til IFLA-leiinga breier seg sørover, no til Sveits. Tittelen ovanfor har vi omsett frå eit innlegg i dag på den sveitsiske bibliotekbloggen Biblog. Guillaume A. Pasquier refererer her blant anna til ei kjelde vi nemnde tidlegare, det franske bok-og-bibliotektidsskriftet ActuaLitté, som igjen referer og siterer frå temanummeret til det svenske Bibliotekbladet. Og han lenker til Mikael Bööks herverande blogginnlegg: On The Multifaceted Crisis of IFLA.
Pasquier seier at det i neste utgave av Hors-Texte, bladet til Genève-bibliotekarane, vil kome meir frå ein sesjon under WLIC 2022-kongressen i Dublin. Likevel, skriv han, er det ting som ikkje kjem med i dette bladet, men som han vel å publisere i blogginnlegget sitt: «I staden for å leggje dette i søpla, valde eg å lage eit blogginnlegg av det». Dette er kanskje ikkje breaking news, men ein stemningsrapport frå møtet, så vi omsett noko av det:
Pasquier opplevde på møtet at «merkelege manifestasjonar av orwellsk dobbelttenking fekk salen til å reagere ved fleire høve». Han viser til den nye kasseraren som meinte det ikkje hadde skjedd økonomiske overgrep og «at ei grundig undersøking var heilt ubrukeleg og for kostbar. Dette var synd, meiner Pasquier, for «ei grundig etterforsking kunne ha sett ein stoppar for ryktene eller i det minste avklart situasjonen».
Han skriv at latteren spreidde seg i salen då presidenten slog fast at det «ikkje fanst nokon interessekonflikt» rundt den omfattande finansieringa av IFLA frå Bill Gates si side «og at utilstrekkeligheita hennar til å leie IFLA ikkje påverka leiinga hennar av SIGL».
Han tar atterhald om kva som er sant og ikkje sant i dei ulike kjeldene som er på nettet no, blant anna anonyme, men konkluderer likevel med at «manglen på transparens har skada IFLA sitt image, og det verker legitimt å frykte for aktivitetene deira i framtida, så lengje tilhøvet til SIGL ikkje er stabilisert… noko som, for meg, berre kan skje om generalsekretæren også blir fråkopla SIGL».
Leave a Reply