Personvern i bibliotek er mykje meir enn utlånsdata

Om denne illustrasjonen, sjå nedanfor

På denne bloggen har vi kategorien Personvern med 26 artiklar, medrekna denne. Utfordringa med lekking av utlånsdata dominerer*. Men så kjem det no eitt Nytt nettkurs om GDPR i folkebibliotek, der det framgår at i dag er det fleire typar sensitive data, blant anna i samband med Meirope bibliotek og kampanjar som Sommarles. Lesing av aviser i Pressreader er også noko ein må ta alvorleg. Flott, kursforfattar Aud Jorunn Hakestad og oppdragsgjevar Rogaland fylkesbibliotek!

Vi kan lese at «E-læringskurset vil følges opp med flere slike workshoper i løpet av våren 2023. Workshopene annonseres fortløpende i kalenderen på bibliotekutvikling.no. …. Kurset er ikkje utfyllande, men det er lenka opp til viktige sider på Datatilsynet og andre kjelder der du kan lesa meir».

PS: Det står ein del om og av systemleverandørane i kapitlet om Utlån. Desse har sjølvsagt også stort ansvar her. Underteikna kjenner ikkje til stoda når det gjeld dei aktuelle systema i dag, men det finst relativt nylege døme på at …

… kjende system ikkje har kunna garantere full tryggleik, jf. Knut Hegna si bok Forskningsbiblioteket – fra kortkatalog til Twitter, side 349 ff (pdf).

>> Illustrasjonen: Fram til digitaliseringa, gjerne på seint 90-tal, kunne uvedkomande utan store problem kunne sjå lånarnummera på slike kort, for bokkorta og lånarregisteret med nummer og namn var slett ikkje alltid nedlåste. Forresten finst dette «Newarksystemet» framleis på filialen på Hægeland i Vennesla, ifølgje Nrk.no.

* Lekking av utlånsdata, og då særleg kjepphesten vår om krimforfattarar som lar dei oppdikta etterforskarane sine lure bibliotektilsette til å gje frå seg informasjon om kva mistenkte har lånt. Just like that. Det handlar blant anna om prominente detektivar som John Rebus (Ian Rankin),  Kolbjørn «K2» Kristiansen (Hans Olav Lahlum), Odd Singsaker/Siri Holm (Jørgen Brekke), Ulf Varg (Alexander McCall Smith) og dobbelagenten Piet Hoffmann (Roslund og Hellström).

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: