
Årleg publikasjon då biblioteka rula innan datasøking. NB: Finst ikkje i bokhylla.no. Kan nokon digitalisere dei??
>> Sjå viktige kommentarar nedanfor
Læringssenteret ved Sandefjord videregående skole har tatt eit godt initiativ, i nært samarbeid med Institutt for Arkiv, bibliotek og informasjonsfag ved OsloMet: Ved to høve dei siste åra har dei undersøkt kor mykje lærarane bruker databasesøk som er tilgjengeleg via læringssenteret (tidl. biblioteket), og meir spesifikt avisartikkelbasen Atekst. Men desse respondentane, altså ei gruppe med både fagspesifikk mastergrad og pedagogisk utdanning, ved landets største vidaregåande skole og med eit høgst oppegåande læringssenter (vi har vore der og sett), avslørte eit farleg lågt nivå:I utgangspunktet var det svært få, berre 5 prosent, som brukte basen jamnleg, og til og med i den nyaste undersøkinga, etter at Atekst faktisk blei lovleg som hjelpemiddel under eksamen, sa heile 22 av 31 lærarar i fag der det er naturleg å drive databasesøk, at dei aldri brukte han.
Her på bloggen har vi heile tida vore opptatte av kunnskapsbiblioteket og først og fremst urolege for at biblioteka si abdisering på tidleg 2000-tal i høve til Google-søking kan gje gjennomgripande følgjer både for biblioteka og for brukarar og ikkje-brukarar.
Dette må vere det mest alvorlege provet til no på at det går den vegen. I oppsummeringa av prosjektet, som omfattar ein god del meir, heiter det at dei må marknadsføre tenesta betre, men slik det er formulert i oppsummeringa får ein ikkje inntrykk av det vil gå glatt.