
På Nrk.no i kveld kan vi lese at Studenter ble lurt – bestilte bøker som ikke finnes. Luringen er – igjen – ChatGPT, «bullshit-generatoren» som no også diktar opp både falske forfattarar og titlar som dei skal ha skrive. Men dei intervjua bibliotekarane på Universitetet i Agder har no avslørt dette og har gått ut med åtvaring til studentar og tilsette.
Og på spørsmål om «hvem er Norges fremste kvinnelige forfattere?», var eitt av svara «Jorun Jacobsen Bryn». Som ikkje finst. Og på spørsmål om roboten hadde dikta opp forfatteren, svarte hen med å «beklage dypt for feilen den gjorde». « – Det er litt rart å få en beklagelse, men det er den programmert til å kunne gjøre», forklarer professoren som spurde.
Så snart er det vel uinteressant med nettstader som The Invisible Library, «a collection of books that only appear in other books. … books unwritten, unread, unpublished, and unfound». Mange av oss kjenner godt (sic!) The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy, og ikkje berre den verkeleg boka med denne tittelen, men den oppdikta boka med same tittel, som spelar ei viktig rolle i førstnemnde.