KOMMUNIKATØR er ifølgje Magasin K ein type bibliotekjobb, i alle fall i Malmö, der fem tilsette har denne tittelen (kanskje heiter det slik ved norske bibliotek også, men i så fall nytt for bloggaren). Dei fem jobbar med moderering og svar på dei 29 kontoane på sosiale medium. Så debatten om bibliotekbruk av Facebook eller ikkje, ser ikkje ut til å gjelde lenger…
NÅR KULTURTILBODA BLIR DYRARE kan faktisk bibliotek sikre gratis opplevingar på eksterne arenaer. Jamfør NTB-meldinga om Høgmos Häcken frir til publikum – kan låne sesongkort på bibliotek. Men alt for tre år sidan delte vi oppslaget om at eit finsk basketlag gjorde det same. Og året før lånte Lørenskog bibliotek ut eit årskort til eit innandørs alpinanlegg.
ENDÅ EIN MIKS? Demo Linderud i Oslo er «en kombinasjon av basis biblioteksfunksjoner, nærmiljøkontorfunksjoner, og en kulturell møteplass for barn og unge, lokale foreninger, frivillighet og befolkningen for øvrig». Vi har skrive om miksen med innbyggjartorg osv, men dette blir kanskje noko anna? PS: Filialen på Veitvet, nær Linderud (sjå foto frå 1961), blei nedlagd (når? Fyll ut år på lokalhistoriewiki!). Så kom eit kunstnarstyrt «Bok på Veitvet», men som ikkje levde lenge. Bytting av private bøker var ikkje det folk trengte. Og no?
NYTT FRÅ POLEN. Lesing for hund veit vi barn kan ha utbytte av. Men oppslaget i ei lokalavis i Wrocław seier ikkje om dette er bakgrunnen for at biblioteket i byen har opna dørene for kjæledyr. Dei har også laga «hundereglar og vettreglar for hundepassarar og andre besøkande». Ifølgje DeepL, som står for omsettinga, gjeld altså vedtaket kjæledyr, så om det også strøymer på med katt og kaninar … ?
Leave a Reply