Romanlesing for studentar, tjue år etter

Khrono.no har vore på HF-fakultetet i Bergen og studert mobilfri lesekafé prosjektet Humanistar les. Her heiter det «Kom og les med oss! Lesing opner døra til humaniora sitt fantastiske univers. Det humanistiske fakultet gir gratis roman til nye studentar og inviterer til lesekafé, bokbad og meire til». Romanen er Pedro Carmona-Alvarez sin «Chiquitita». Ein professor på HF vedgår at «Nokre kjem til oss og har aldri lese ein heil roman. Det er ikkje fokus på å lesa heile romanar i grunnskulen eller vidaregåande skule».

Då må eg tenkje attende på eit intervju eg gjorde for Bok og bibliotek i 2003 med Leif Alsheimer, som heldt på med noko liknende i Jönköping, og med stor suksess. Likevel ikkje for humanistar, men for jusstudentar ved handelshögskolan. Her stod blant anna Kafka på leselista.

Og om tjue år må kanskje bibliotekstudentar gjennom noko liknande?

2 kommentarer om “Romanlesing for studentar, tjue år etter

  1. Eg vil ikkje svara for bibliotekarutdanninga om tjue år. Men om nokon vil lesa saman med studentane våre dette året, vil eg anbefala Morgon og kveld av Jon Fosse. Og den er ikkje det einaste skjønnlitterære verket der heile boka er på pensum.

    Helsing Marit Kristine Ådland, bibliotekarutdanninga ved Oslomet

Leave a Reply