AI-gjennombrot også for lydbøkene?

Lydbøker i norske folkebibliotek (2019)

Apple har no innbydd forlag til ein «ny» metode for produksjon av lydbøker. Av titlar som tilfeldigvis alt finst i Apple sin e-bokhandel, og førebels berre på engelsk.

Det nye er den bedriftøkonomiske løysinga, mens teknikken, talesyntese, er velkjend. Lenge har jo dei fleste operativsystema hatt talesyntese for alt frå mobil- til PC/Mac. Men kvaliteten er sjølvsagt blitt betre etter kvart, blant anna i Apple sin «bokhandel» (høyr smakebitar bak Apple-lenka ovanfor).

Ein viktig skilnad blir at forlag truleg vil ta seg råd til å lage lydbøker av fleire titlar enn i dag. Og i små språkområde som det norske, fleire sjangrar enn bestseljarar og krim.

Det blir også ein skilnad for skodespelarar som i dag har levebrød eller viktige ekstrainntekter frå innlesing av lydbøker…

Kva med Noreg? Underteikna gjorde alt for tolv år sidan ein reportasje på NLB om den alt då avanserte norske talesyntesen Brage, som var øyremerkt for studielitteratur for blinde og svaksynte. I dag har NLB fornya seg med syntesane Clara (bokmål og austnorsk tonefall og Hulda (nynorsk og vestnorsk tonefall).

Og i dag gjeld tilbodet ein del fleire brukarar enn synshemma, men dei juridiske og politiske avgrensingane og avtalar med opphavsrettsorganisasjonane opnar ikkje for eit større allment lydboktilbod. Likevel kan ein håpe utviklinga på det såkalla AI-området kombinert med open kjeldekode gjer at bibliotek eller bibliotekkonsortium kan produsere eigne lydbøker frå digitale tekstar. Til dømes starte med titlar som har falle i det fri etter opphavarens død + 70 år eller dokument frå det offentlege eller titlar som er sette fri av opphavaren.

PS: Mykje tyder på at forlaga i dag vel å spare pengar på å ikkje ta med fotnotar, litteraturlister osv. i lydbøkene. Jamfør til dømes den viktige sakprosaboka til Ulrik Eriksen, «Et land på fire hjul», der dei 39 sidene med sluttnotar ikkje er med. Og heller ikkje litteraturlista på fem sider. Vil forlaga bry seg om å produsere meir fullverdige sakprosatitlar når innlesinga blir billegare?

Meir ChatGTP, stadig meir ChatGTP

Omtrent like intelligent

Vi kunne i desse dagar ha skrive mange spaltekilometer om dagen berre ved å sitere aviskommentarar til denne nye «intelligente» automaten, men så er det altså denne snømåkinga… Så i dag blir det å avgrense seg til Bjørn Vassnes i Klassekampen: «Som du spør, får du svar». Abonnentar kan få med seg både søtt og surt frå vitskapsredaktøren denne gongen, blant anna utfordringa «at elever og studenter for ofte kan bruke dette som en snarvei til å forstå en vanskelig tekst – og dermed mister øvelsen det er å tolke krevende tekster. De vil ikke lenger bli trent opp til å tenke, noe som over tid kunne gitt dem evnen til nettopp det å forstå». … Og: «Jo bedre den takler oppgaver som det å skrive essays, jo lettere har vi for å tro at den faktisk har fornuft. Men det har den ikke, den er bare trent opp til å etterlikne fornuft. Jo bedre den blir til dette , desto mer er vi villige til å overlate til den».

Så minner vi om «julenummeret» til Bibliotekaren (nummer 4/22), der dei har heile fem artikler rundt AI/KI og bibliotek. Her var vel redaksjonen avslutta før ChatGPT blei lansert 30. november, så her sit vi altså med eit uaktuelt blad? Nei, slett ikkje. Blant anna er det eit intervju med Andrea Gasparini, UBOslo, som vi nyleg siterte i ein annan samanheng. Meir om dette heftet seinare.

PS: Sjå fleire bloggpostar om AI – Kunstig intelligens.

Namnet skjemmer ingen?

Indre Østfold innbyggertorg og bibliotek er éin av dei nye kommunale kombi-institusjonane dei siste åra, ein modell som fekk ein viss popularitet blant lokalpolitikarar. Bloggaren har lurt på om folk i desse kommunane framleis kallar det bibliotek eller kva? Og dei bibliotektilsette, er dei forplikta til å omtale arbeidsplassen sin med eit så langt og innfløkt namn? I skrift, truleg, men i daglegtale?

Eller er det som i dette oppslaget i Indre24, der seksjonsleiaren i Indre Østfold «oppfordrer folk til å bruke IBene uavhengig av hvor man bor» (vår kursiv)? (dei av oss med litt fartstid kan få andre assosiasjonar… Forresten har det nyleg kome ein høgst lesbar «dokumentarroman» om dette IB-et).

I Danmark, der samanslåing av bibliotek med borgerservice blei nærmast obligatorisk for kommunane, skriv dei i alle fall til til dømes Odense Bibliotek og Borgerservice, med bibliotek som det første leddet.

For tjue år sidan oppstod fenomenet og ny-ordet Idea Store i bydelen Tower Hamlets i London. Dette var ei kombiløysing mellom bibliotek og vaksenopplæring pluss pluss. Modellen og namnet har ikkje spreidd seg til andre bydelar eller kommunar, men under krisa i UK dei siste åra har mange folkebibliotek blitt til community hubs. Her kan namnebruken blant folk variere, melder ei lokal kjelde.

PS: Her på bloggen har vi fanga opp og tatt del i debattar om denne kombinasjonen under eit omgrep og eit stikkord som var vanleg då dette starta; Sørviskontor.

«Vi må være kresne og kritiske»

ChatGPT har blant anna enno ikkje fått med seg at nynorske hokjønnsord med -ing får hankjønnsbøying i fleirtal

Ein viktig debatt er (eller kan vere) på gang i Klassekampen omkring AI – kunstig intelligens – og utdanning. I dag eit innlegg med tittelen ovanfor av UiO-professor Maja van der Velden og førstebibliotekar UBO Andrea Gasparini, som svar på eit innlegg 23.12. med tittelen «La elevene omfavne kunstig intelligens».

Velden/Gasparini imøtegår påstanden «Elevene får verken referanser eller noen form for kilder på hvor setningene er hentet fra. Hvilken sensor vil godta det?» med: «Faktum er at når ChatGPT har skrevet teksten, kan du spørre den om å sette inn referanser. ChatGPT leverer! Men formålet med ChatGPT er ikke å replikere hvordan vi gjør ting, bare raskere og enklere. ChatGPT er en disruptiv teknologi. Den omgår de gamle måter å gjøre ting på og gjør verdier og ferdigheter overflødige».

Og vidare: «Teknologier er ikke nøytrale verktøy. De er designet med iboende verdier som vi kanskje ikke deler».

van der Velden og Gasparini er knytte til prosjektet «Sustainable AI» ved «Sustainability Lab». Prosjektet har som mål å undersøke «how AI is implemented in the public sector, how this shapes its processes and services, and how these are experienced by the general public».

PS 1: Sjå elles intervju med Gasparini i Bibliotekaren nr. 4/22, side 18-19.

PS 2: Sjå fleire bloggpostar om AI – Kunstig intelligens.

«Storebror ser deg, men ChatGPT kjenner deg. Og kan imitere dine tilbøyeligheter»

Dette skreiv politisk redaktør Geir Ramnefjell i Dagbladet 27.12., berre éin av svært mange kronikkar og kommentarar dei siste vekene om ChatGPT, for tida einaren på robot-kjendistoppen. Med relativt få ord får han fram dei mest sannsynlege pluss- og minussidene til nyvinninga for eit større publikum.

Men utan å gå i djupet. Nettstaden Khrono er éi kjelde for å bli klokare på dette. Der finn vi blant anna ein polemikk (og starten på ein større debatt?) mellom Petter Bae Brandtzæg – «Kunstig intelligens vil ta jobben frå mange forskarar» – og NHH-professor Tor Wallin Andreassen, som meiner det diametralt motsette.

Andreassen kallar ChatGPT ein «gjetteteknologi», som «kjem til å pumpe ut enorme mengder tekst og informasjon, eller på fagspråk: predikasjonar. Det er nettopp dette som vil føre til stigande etterspurnad etter kunnskapsarbeidarar».

Blant dei etterspurde kunnskapsarbeidarane nemner han ikkje bibliotekarane. Naturleg nok sidan …

Les mer ««Storebror ser deg, men ChatGPT kjenner deg. Og kan imitere dine tilbøyeligheter»»

Murakami og dei som verre er

Details below

Nettstaden Chytomo, som etter eige utsegn er «the largest independent media covering publishing and contemporary literary and cultural processes in Ukraine», har saker og ting å melde frå russiske bibliotek. Så med atterhald om mulege partiske haldningar frå eit okkupert land, her nokre smakebitar:

«Ifølgje ein russisk bokbransjekanal fekk biblioteka i Moskva lister over bøker som skulle fjernast og slettast data til, utan noka offisiell grunngjeving.

Lista omfattar 53 verk av hovudsakeleg utanlandske forfattarar. Blant desse er romanar av Haruki Murakami, Stephen Fry, Antonia Byatt, Jean Genet, Jaume Cabret, Michael Cunningham, Sarah Waters og boka «The Wave» av Todd Strasser om skoleeksperimentet som viser korleis fascismen veks fram i eit samfunn. … Når det gjeld innhaldet i dei fleste av titlane på lista, tyder mykje på at fjerninga skjer fordi dei på ein eller annan måte kjem inn på LHBTQ (IA+) eller fordi forfattarane deira er opne representantar for denne fellesskapen».

Fotoet: Haruki Murakami sine bøker skal no kasserast ved russiske bibliotek. For ikkje berre introduserer han skeive personar i nokre av romanane sine, men han kritiserer Russlands krig mot Ukraina. Ved å lansere ei liste med musikkstykke FOR FRED! Sjå lista med lenker på Youtube. Foto: wakarimasita (CC BY-SA 3.0).

Den demokratiske oppgåva

Dette er temaet i svenske bis nr. 3, 2022, som du no kan laste ned som pdf eller enkeltartiklar. Og abonnere på! Av innhaldet:

Nummeret inneheld også ein ein artikkel av underteikna, her i nettutgåva: «Det norske ˮdebattbiblioteket”, kan det overleve?». Denne blei skriven i sommar, før eg visste noko om Elin Golten si framdrift med doktoravhandlinga.

2022: Mykje internasjonalt

På Rygge bibliotek akkurat då desembersola tok ein kikk inn på det litterære juletreet deira

2022 er praktisk talt over, berre feriedagar gjenstår. Nesten.

Men i alle fall blei året eit visst internasjonalt gjennombrot for denne bloggen. Nedanfor ei liste over dei mest lesne artiklane til no i år. Dei engelskspråklege er på topp. Og utfrå statistikken ser vi at folk i dei store utlanda no også les artiklane våre på norsk og svensk. Ved hjelp av Google Translate og liknande. Men så har det også vore store saker «der ute», som krigen i Ukraina og IFLA-krisa. Medbloggar Mikael Böök står for det meste av dette.

Og dette var året vi var medarrangør av vårt første fysiske og zoom-seminar, i Stockholm i juni.

PS: Artiklane på denne lista er slike som er blitt opna individuelt, til skilnad frå dei mange som er så korte at vi ikkje har delt dei ved hjelp av lenka Continue reading.

What the Ukrainian and Russian library associations have said 1402 nedlastingar

On The Multifaceted Crisis of IFLA 1019

The library – a bright spot? Biblioteket – en ljuspunkt? 902

What librarians are saying about the war in Ukraine 715

«Why do we live in a world where libraries are illegal?» An interview with Alexandra Elbakyan 534 Og i 2021: 1311

So, the war started… what does the librarian say? 488

Meld deg på Biblioteknorge-lista igjen 468

Dokumentert: Problema med datahjelp til NAV-klientar 438

Er slaget om innbyggjartorget avlyst? 378

«Tyveri av kasserte bøker». Interna riktlinjer.

Ikkje utypisk syn ved norske folkebibliotek. Kassering eller bevaring?

Av Mikael Böök, Isnäs, Finland

«Tyveri av kasserte bøker» var en rubrik på listan Biblioteknorge denna vecka. Anledningen till diskussionen gav en nyhetsartikel på Nrk.no: «Ansatt skal ha stjålet over 5000 bøker fra bibliotek». Dock var det inte fråga om några särskilt värdefulla bokverk, som i Stockholm 2004 . De «stulna» böckerna var denna gång mogna för skrotning eller loppis. Men i diskussionen på listan Biblioteknorge (som jag nedan ska kalla Bibno) väcktes frågor om bibliotekets «interna riktlinjer» för just skrotning av böcker eller annat omhändertagande. Detta fick mig att fundera vidare på bibliotekets «interna riktlinjer» här på bloggen.

Ett annat exempel: Det hände sig för ett tag sedan, att en superstruktur — en grupp av überbibliotekarier, eller tekniker som rår över utvecklingen av bibliotekariernas digitala verktyg — fick för sig att lägga ned Bibno vilket de ockskå gjorde utan dess vidare diskussion. Kanske tyckte de helt enkelt att epost redan är stenålders i jämförelse med modernare digitala kommunikationskanaler typ Facebook, Telegram, Instagram och Zoom. Hur som helst: en mer konservativ grupp av bibliotekarier insåg, att de ville ha kvar sin Bibno. Dessa motsträviga element beslöt därför att grunda Bibno på nytt i egen regi, vilket de också gjorde. Efter en kort övergångsperiod återgick kommunikationen på Bibno till det normala och intermezzot med nedläggningen glömdes bort. Men, skulle jag vilja tillägga: numera fungerar Bibno i egen regi  och i högre grad än tidigare enligt bibliotekariernas egna interna riktlinjer.

>> Nytt kl. 21.27 finsk tid: Medbloggare Anders lovar «slutte seg til i kommentarfeltet.Men flere bør også bli med», säger han.

Les mer ««Tyveri av kasserte bøker». Interna riktlinjer.»

Bokbål i Moskva: Biblioteksjefen har siste ordet, men …

Verdas til no mest kjende bokbål, i Berlin 10. mai 1933

Det finske Hufvudstadsbladet skriv i dag om om offentleg destruering av «53 verk som de ryska myndigheterna klassar som «hbtq-propaganda». … En ny, strängare lag, som censurerar allt som har med hbtq att göra, trädde i kraft i Ryssland i början av december. Den ryska författaren och journalisten Sergej Lebedenko har på sitt Telegramkonto delat listan på förbjudna böcker. Till exempel ska Michael Cunninghams Snödrottningen och John Boynes The Absolutist förbjudas på bibliotek i Moskva».

Vidare: «I dekretet som utfärdats den 16 december står det att chefsbibliotekarierna har det sista ordet, men att lagen föreskriver att förbjudna böcker ska föras till avstjälpningsplatsen och förstöras». 

 

Langlesinga taper

Khrono.no skreiv i går om lærebøker som er blitt digitale og som skapar problem for ferske studentar. Den omfattande skjermbruken i skolen og på fritida gjer at dei ikkje lenger kan lese lange tekstar. Og professor Anne Mangen ved Universitetet i Stavanger meiner blant anna at «metaananlyser slår fast at når man skal lese mer enn en side på skjerm, og må bla eller scrolle, går det ofte utover forståelsen. Dette er mer og mer tydelig jo lenger og mer kompleks teksten er».

Men når dei i høgare utdanning må lese langt, vil dei fleste lese på papir. Mange vil ha både papir og skjerm. Ifølgje ei undersøking: «66 prosent av studentene som har svart, foretrekker å lese pensum både på papir og digitalt. Ca. 30 prosent sier at de foretrekker å kun lese pensum på papir».

Samtidig har Morgenbladet i dag overskrifta «Svenske myndigheter: Skjermeksperimentet i skolen er mislykket». MB refererer til Svenska Dagbladet, der skoleminister Lotta Edholm sa at «skjermene i skolen er et mislykket prosjekt. Det finnes noe utrolig merkelig i hvordan Sverige har håndtert dette spørsmålet. … Barn sitter med skjerm store deler av dagen. De beveger seg mindre, leser mindre og anvender penn og papir mindre, samtidig som bøker blir enda mer fraværende. Til nå har svaret fra samfunnets side vært at det skal være enda flere skjermer i skolen.»

leselystkampanjar må det ikkje bli slutt på!

Fjernlånet – den avgjerande 4-prosenten!

Les om fjernlånet av denne nasjonalhistorisk viktige boka nedanfor

I det ferske nummeret av Bok og bibliotek kjem Ola Eiksund, biblioteksjef i Arendal, med innlegget og konklusjonen: «Fjernlånsordningen er statens ansvar». Dette som svar på to artiklar i førre nummer i kjølvatnet av den ferske rapporten om fjernlånet.

Eiksund og sikkert mange andre i både folke- og fylkesbibliotek er ueinige med nasjonalbibliotekar Sira Myhre, som under bibliotekleiarkonferansen i oktober skal ha sagt at «Kostnadene knyttet til fjernlån må ned». Det blir for enkelt.

Fjernlånet utgjer 4 prosent av alt utlån, men er dette «for mykje» eller «for lite»? Faktorar her er at sjølvforsyningsgraden i folkebiblioteka er synkande. Og at (for) mykje av fjernlånet er nye bestseljarar og underhandningslitteratur. Men samtidig aukar fjernlån av faglitteratur. Her er det kanskje ubrukt potensial. Og undersøkinga viser at fjernlån i 2022 avlar meir fjernlån. Trass i nb.no og internett.

Som frilansjournalist, forfattar, mållagsaktivist og debattant i lokalsamfunnet har eg mange gode fjernlånsopplevingar, men eg registrerer at andre i same situasjon, pluss frivillege organisasjonar og miljø, manglar kunnskap om både bøker og nettressursar, blant anna om digitaliseringa på nb.no.

Og som Ola Eiksund skriv: «Noen av de store taperne er masterstudenten som ikke lenger kan ta det desentraliserte studiet, og hen som tar videreutdanning på siden av jobb».

Det er fleire andre problem rundt dette, til dømes med Biblioteksøk og transportmangel i Nord-Noreg. Les rapporten eller intervjuet med to av dei mest involverte, Britt Ellingsdalen og Trygve Kikut.

Utan fjernlånet er det samla folkebibliotektilbodet sterkt svekka. Men fjernlånet er den avgjerande bagatellen som politikarane og det breie laget av brukarar aldri vil gå i demonstrasjonstog for. Her må fagfolka diskutere og presse på. Køyr debatt!

>> Til illustrasjonen: Eg har nyleg fått fjernlånt denne boka, «The Nansen Photographs», på 712 sider. I tillegg til fotografia inneheld ho dei tidlegare upubliserte dagbøkene til mannskapa på ekspedisjonane, noko som må føre til omskriving av historia om nasjonalhelten. Med forsvarleg innpakking ville mål og vekt (4,3 kg) bety 169 NOK for postsending og tilsvarande i retur. Med Transportordninga kostar denne boka like mykje eller lite som ei pocketbok.

Eit av hovudfunna i fjernlånsrapporten er at «Selvforsyningsgraden ved bibliotek og internt i landets fylker er generelt sett fallende». Den viktige Nansenboka finst berre ved seks bibliotek i Noreg, fem UB-ar pluss NB!

Dokk1 i Århus: «Meirope» heile fredagane?!

Vi knipsa dette under ei vitjing på Dokk1 i 2018. No må dei ta det vekk på fredagane

Skeptikarar har heilt sidan dei første «åbne biblioteker» i Danmark i 2004 og sidan det første norske i Stavern i 2013 vore redde for at «meirope» bibliotek skal bli ei grei spareløysing for politikarane. I mindre målestokk har nok dette vore tilfelle fleire stader, men i dag skriv danske Fagmagasinet at dette kan bli ein realitet heile fredagane på dronningrikets mest bejubla folkebibliotek, Dokk1 i landets nest største by, Århus.

Den tillitsvalde ved biblioteket er naturleg nok redd for at «løysinga» skal spreie seg og minnar om at «Vi må igen forvente, at en del af borgerne vil komme på bibliotekerne på andre dage, hvilket øger arbejdspresset dér, hvor der jo ikke vil være flere ressourcer». Ikkje minst også fordi kommuneleiinga vil leggje ned to filialar.

>> Bloggen har Meirope bibliotek som stikkord til p.t. 26 artiklar.

Sverige: Likevel ikkje politikardiktat

Også i USA er det kampar om biblioteksjefen sin rett til å avgjere programinnhaldet. Klikk og kikk

Etter fleire dagar med debatt og reportasjar i lokal- og riksmedia blei den svenske kulturministeren (Moderaterna) tydeleg på å krevje «armlängds avstånd till kulturen». Bakgrunnen var at ytre-høgrepartiet Sverigedemokraterna (SD), der dei er i posisjon i kommunar, forsøkte å stoppe «sagostundar» på bibliotek i regi av dragartistar.

I Trelleborg i Skåne sørga Centerpartiet i dag for at «Kulturnämnden beslutade med röstsiffrorna 6–1 att arrangemanget ska genomföras som planerat». I Malmø måtte biblioteket bruke vektarar for å få gjennomført eit slikt arrangement, og der blei ein bibliotektilsett truga på livet. I Olofström blei biblioteket pressa til å overføre berre digitalt. Så får vi sjå om SD får vedtatt gjennomgang av pengebruken ved biblioteket i Kalmar.

Både før og etter riksdagsvalet, der dei blei støtteparti til høgreregjeringa, har SD køyrt hardt på kulturspørsmål av denne typen. Dette kan bli eit alvorleg nederlag for dei.