Kategori: Andre greier
«Til slutt tok han jobben på biblioteket»
«Arbeidskontoret hadde prøvd å dytte den på ham hver eneste torsdag morgen når han hevet arbeidsløshetstrygden, og hver gang hadde han unnslått seg.
«Det er kanskje ikke akkurat i Deres gate,» sa herr Pitt, «men lønnen er ikke så verst og arbeidet er lett for en mann med Deres utdannelse.»
«Hva slags bibliotek er det?» spurte Leamas.
«Det er Bayswater bibliotek for psykisk forskning. Det er en slags stiftelse. De har tusenvis av bind, alt mulig, og de har nettopp arvet en hel bråte til. Derfor trenger de en ekstra assistent.»
Han tok pengene sine og lappen med henvisningen. «De er kanskje litt rare der borte,» la Pitt til, «men De pleier jo ikke å holde ut særlig lenge i samme jobben i noe tilfelle, og De kan da i hvert fall gjøre et forsøk. Jeg synes ærlig talt det kunne være på tide.»
Dette til minne om forfattaren John le Carré, som døydde i går, 89 år gammal.
Bibliotekassistent Alec Leamas viste seg også å vere britisk hemmeleg agent. Og apropos agentar: «Bra bibliotekarier är borna agenter». Eit sitat frå ein bloggpost for to år sidan.
Materialistisk, litterær jul
Det er blitt advent, men utan julekalender her på bloggen. Og det er ikkje første gongen; vi har faktisk aldri hatt ein. Derimot har vi ei juleforteljing. Ei vi har lese nokre gongar dei siste førti åra, også høgt, nesten som folk les juleevangeliet. Men denne er både verdsleg og materialistisk, faktisk er ho eit varmt forsvar for spekulativ kremmarverksemd.
Samtidig som ho kjem frå hjartet av den nordiske arbeidarlitteraturen. Vi snakkar om eit kapittel i sjølvbiografien til Ivar Lo-Johansson, band 2, «Asfalt», frå ungdomstida hans på 1910-talet.
Her nærmar vi oss klimaks i arbeidargutens strålande debut som juletreseljar sentralt i den svenske hovudstaden (les heile på nb.no):
I skumringen kom en herre med pelskrage på frakken og med sigar i munnviken og forlangte brysk en tometers gran. Bilen han ble kjørt i stod ved fortauskanten, klar til å kjøre hjem både ham og granen. Innenfor bilrutene skimtet jeg sjåføren.
– La meg se! sa han.
Da belysningen på plassen ikke tillot å se noe, holdt han seg ute på det brede fortauet hvor det var en gatelykt. Han forlangte at jeg skulle bære granen ut i lyset.
Jeg betraktet mitt offer.
– To meter?
– Vi har det høyt under taket hjemme. Hit med et tre og det fort.
(Omsett av Nils Werenskiold).
Reprisetimen
Då vi skreiv dette for to år sidan trudde vi det ikkje kunne bli verre, men det er det blitt. Det er blitt umuleg å skilje parodien frå røynda. Vi snakkar sjølvsagt om USA og presidenten deira, The Donald.
Og boka vi skreiv om blir meir og meir aktuell, trass i at ho er 85 år gamal: «Det kan aldri hende her».
900

No følgjer så mange denne bloggen gjennom twitter eller nyheitsbrev. Sjå illustrasjonen av påmeldings-boksen for nyheitsbrevet, som du finn igjen nede til høgre. Velkomen 🙂
Facebook sa vi farvel med for ein månad sidan. Eller dei med oss.
Vandring med litteraturen september 2020

På heimveg etter ein heilt vanleg søndagstur på Jeløya. Vi hadde snakka om bøker, frå novellene til Lucia Berlin og Tarjei Vesaas (nokon hadde sett Odd Nordstoga på Lindmo kvelden før) til mossingen Ola Innset si nyaste om den norske nyliberalismen. Og vi hadde jo snakka om pandemien. Og her under restane av herregårdsalleen nedanfor Framnes melde assosiasjonen seg til ein viss film (og roman) der ein skog, litteraturen og det eksistensielle smeltar så kraftig saman i sluttscena.
Verda går framover, og tilbake
På Mac sin nettlesar Safari oppdaga vi no eit tillegg for Wayback Machine, nettstaden som tar kopiar av alt muleg nettinnhald med ujamne mellomrom. Og legg det ut. Med tillegget (på utanlandsk: extension) ser du av eit ikon i verktøylinja om det finst kopiar av den konkrete sida, og du klikkar fram ein dialogboks der du enkelt kan sjå alle kopiane. Sjå illustrasjonen av søk på Norsk Bibliotekforening. Hos slike som dei, som nyleg har forenkla nettsidene sine kraftig, vil dette hjelpemiddelet vere spesielt nyttig. PS: NBF seier dei også har noko spennande på gang, vent og sjå.
Frå dialogboksen kan du også med eit museklikk hjelpe Wayback Machine med å laste ned URL-ar dei ikkje har frå før. Om ikkje eigaren har stengt for slik nedlasting, som til arkivet til e-postlista Biblioteknorge som Nasjonalbiblioteket har sletta verkeleg grundig. Test til dømes denne lenka til eit innlegg i listearkivet, bygt opp gjennom tjue år: https://www.nb.no/cgi-bin/wa?A2=ind2004&L=BIBLIOTEKNORGE&T=0&O=D&P=6255
LENGE leve norsk bibliotekhistorie!
Rekord

No på morgonen skjedde det, at trass i utestenging frå Facebook og avbrotet på Biblioteknorge passerte herverande blogg årsrekorden frå i fjor for nedlastingar. Og vi er berre midt i september. 45 525 er resultatet akkurat no. Orsak, 45 531 etter å ha skrive dette. Og med to nye følgjarar i løpet av dagen, på twitter eller e-post (sjå innmelding nede til høgre), kjem vi opp i 900.
Åttetusensjuhundreogfemtitre-tipset!
Tips oss om stort og smått (særleg stort) no som forumet Biblioteknorge er blitt fjerna. I rekordmånaden april i år blei sakene på bloggen lasta ned 8753 gongar til 2400 IP-ar. Skriv til: frilanders @ gmail.com.
Og bruk kommentarfelta.
Det er fredag
Når ein driv med lesing og skriving dag ut og dag inn, vil ein iblant reagere på språkleg slurv og, om ein er i dét humøret, stange i veggen eller liknande. Ved til dømes konstruksjonen «forhåndsregler». Som ikkje har noka meining og ikkje finst i språket, ikkje i noka målform (på nynorsk: «føregjerd»). Men i pandemiske tider som desse støter vi ganske ofte på dette, men der dei burde ha skrive «forholdsregler».
Til no i 2020 gir søk i Atekst 847 treff på «forhåndsregler» mot 6601 på det korrekte ordet. Altså er 11 prosent feil. For ti år sidan, i 2010 var 13 prosent feil, så det går sakte framover. I rikspressa er dei litt betre; der tar dei «berre» … Les mer «Det er fredag»
OBS
Bloggaren har fått reaksjonar dei siste par dagane som gjer at vi vel å gjere ekstra merksam på taggen OBS: Ironisk innhald. Fortsett go hælj 🙂
Nyheitsbrevet, kjem det?
«Følg Blogg via Epost» står det så fint nede til høgre her. Då skal du få e-post kvar gong det kjem noko nytt, til dømes dette innlegget. 823 har meldt seg på, men vi har fått to meldingar om at det ikkje fungerer. Gjeld det fleire? Skriv til frilanders @ gmail.com.
Fredeleg heving av opplysingsnivået!
I Klassekampen i dag finn vi eit av dei betre innlegga i debatten om statue-riving eller ikkje av i 2020 politisk ukorrekte førfedrar eller -mødrar. Forfattar er Andrea Gaarder, mangeårig aktivist på skolebibliotek i den vidaregåande skolen, tillitsvald i BF osv.
Ho let oss re-printe heile innlegget her på bloggen:
Reis nidstanga!
Flere ønsker å fjerne statuer av Winston Churchill og Ludvig Holberg i Oslo. Om de vil opplyse nye generasjoner om helters mindre heroiske sider, vil det være bedre å rette en nidstang mot statuene. Dette var en effektiv demonstrasjonstradisjon på Island og i Norge mot noen man mente hadde gjort seg skyld i stygge saker. Et dyrehode ble tredd på en stang og langs sidene ble det risset inn en tekst om det gale noen hadde gjort.
Nidstanga ga uttrykk for avsky og vanære. Et kjent eksempel omtales i Egils saga – om da den islandske høvdingen Egil Skallagrimsson reiste en nidstang mot den norske kongen Eirik Blodøks og dronning Gunhild.
Å rive statuene vil være løsrevet fra den historiske sammenhengen. Jo visst hadde Holberg en aksje i slavehandelen og Churchill hadde i ord og gjerning vist sin rasistiske innstilling. Men det gjelder også å se …
Boka vi heldigvis ikkje fekk gitt ut til jul

Også Biblioteksentralen tilbyr no den mest sjanger- overskridande turboka sidan «Guide til det danske høyfjellet». Her eit utval mulege Dewey-nummer: 359.14 / 439.822 / 526 / 526.8 / 551.31 / 554.81 / 554.823 / 577.3 / 634.9 / 796.509481 / 796.52209481 / 839.827008 / 910.014 / 914.810014 / 914.823 / 914.82304 / 929.97 / 948.23.
Det står «Innbundet», men det trengst ekstra plasting eller noko sånt på grunn av eit uvanleg stilig halv-omslag. Sånt sørger vel BS for.
Det kunne også stått coffee table book. Ingenting å ta med seg i sekken.
PS: Ingen seriøse firma vil annonsere på denne bloggen. Så driv vi heller eigenreklame. Presseomtalane er heller ikkje så gærne.
Livet og litteraturen frå no av
Når vi no sit i heil- eller halv-isolat på snart fjerde månaden og ser på desse seriane på strøyming eller tv, så spør vi oss før eller seinare: Korleis blir dei fiktive samtidsskildringane etter pandemien, inntil vaksina, må vi håpe, blir allemannseige? Kjem politi og røvar til å halde ein meter avstand eller to? Og kva med dei romantiske scenane: Kyssing og slikt alt etter første daten vil gje publikum heilt feil idear, så det må vel bli av typen: Det var hyggjeleg å treffe deg, kan eg få mobilnummeret ditt og sjå koronatesten din?
Romanforfattarane har fordelen at dei kan overlate meir til lesarane sin fantasi. Men så blir vel framtida minimalisme og symbolisme? Om ikkje apokalyptisk sci-fi og tilsvarande framtidsromanar blir dei einaste truverdige sjangrane?
Morgenbladet har omsett ein tekst av Michel Houellebecq der han blant anna nærmar seg dette. Han refererer til ein kollega som har sagt at … Les mer «Livet og litteraturen frå no av»




