Det er fredag

forhåndsregler riksaviserNår ein driv med lesing og skriving dag ut og dag inn, vil ein iblant reagere på språkleg slurv og, om ein er i dét humøret, stange i veggen eller liknande. Ved til dømes konstruksjonen «forhåndsregler». Som ikkje har noka meining og ikkje finst i språket, ikkje i noka målform (på nynorsk: «føregjerd»). Men i pandemiske tider som desse støter vi ganske ofte på dette, men der dei burde ha skrive «forholdsregler».

Til no i 2020 gir søk i Atekst 847 treff på «forhåndsregler» mot 6601 på det korrekte ordet. Altså er 11 prosent feil. For ti år sidan, i 2010 var 13 prosent feil, så det går sakte framover. I rikspressa er dei litt betre; der tar dei «berre» … … 6 prosent feil. Men Aftenposten er verst, i alle fall over tid, sidan Atekst-starten i 1991. Dei står for nesten halvparten av feila (sjå illustrasjonen på toppen). Men dei produserer jo ekstra mykje tekst. Likevel ingenting å vere stolt av.

forhåndsregler NBSpråkrådet skriv at «Misforståelsen er sikkert hundre år gammel. Den ble imidlertid holdt i sjakk av våkne redaktører og korrekturlesere i mange år».  Før folk slog seg laus på sosiale medium. Men denne andre illustrasjonen vår er frå Nasjonalbiblioteket og viser stor oppblomstring mellom 1980 til i dag. Men likevel litt nedgang i det siste.

Vi tvittrar til Språkrådet og får gjerne svar i kommentarfeltet nedanfor. God sommar, med eller utan «forholdsregler».

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: