Falskt Oslokart

På bloggen til bibliotekprofessor Kathleen McCook (no også kjend frå den fellesnordiske idéverkstaden 31. mai) skreiv ho nyleg om den omfattande US-amerikanske digitaliseringa «World War II records». Her finst det blant anna ein tysk film frå invasjonen i Bergen og Oslo, som i alle fall underteikna ikkje har sett før. Og mange kart frå krigen, også falske kart for å forvirre fienden eller for hemmeleg framrykking. Eitt av desse heiter «Bogus Map Oslo», heilt utan likskap med den norske hovudstaden og med fleire tvilsame stadnamn som Portugal, Prague og Venice. Ein kan sjølvsagt lure på om slikt kunne lure nokon som helst?

Om underteikna blir inaktiv framover, kan studium av dette arkivet vere grunnen…

Arkiv-NOUen frå ein bibliotek-ståstad

I april kom NOU 2019: 9 «Fra kalveskinn til datasjø — Ny lov om samfunnsdokumentasjon og arkiver» og no går han på høyring. Vi har lese han på skrå og blant anna notert oss at omgrepet samfunnsdokumentasjon blir heilt sentralt. Det låter bra. Både arkivarar, politikarar og folk flest bør mentalt pensast inn på det sporet.

Utvalet vedgår at dei har slite med kor lova bør høyre heime: «… det er vanskelig å fastslå den faktiske og den riktige balansen mellom kulturarv på den ene siden og digitalisering, forvaltningspolitikk og dokumentasjonsforvaltning på den andre.»

Dei av oss som hausten 1999 ramla av stolen då departementet nærmast spontant lanserte ei ABM-melding (arkiv, bibliotek og musé) i staden for den bibliotekmeldinga vi lenge hadde sett fram til, merker oss at det i dag … Les mer «Arkiv-NOUen frå ein bibliotek-ståstad»