Den danske biblioteksentralen DBC reklamerer i dag med at dei har utstyrt nesten 1,4 millionar katalogpostar til danske tidskriftartiklar med kodar for fagleg nivå. Til dømes kan no ein elev på vidaregåande søke i bibliotek.dk (førebiletet og supervarianten av norske Biblioteksøk) og få treff avgrensa til «gymnasieniveau». Dei tre andre nivåa er «alment», «fagligt» og «forskningsniveau». I norske Biblioteksøk har vi to slike nivå: «Barn og ungdom» og «voksne».
Men er alt arbeidet verdt det? For korleis får dei elevane, for ikkje å seie studentane og forskarane, til å ikkje gå rett til Google kvar gong?
Vi les anbodet på audiovisuelle løysingar til Nye Deichman i Teknisk Ukeblad, i ordelag vi ikkje akkurat er vane med:
«Konseptene vil omfatte lyd- og bildeløsninger, lysløsninger, samhandlingsløsninger, informasjonssystemer og multimedialøsninger. Mye av det som foregår på skjermene vil ifølge direktøren være interaktivt, og er ment å skape stemninger og en helhetlig opplevelse.»
På M24 skriv NRKs Lars Kristiansen relativt utfyllande om kunstig intelligens (KI) innan journalistikken. Om det kjem brått på kor mykje robotane alt bidreg med til nyhetsbiletet må dei meir kjenslevare gjerne ta sentralnervestimulansar og/eller gode pausar under lesinga. Og dei med datasystem som slit med å navigere blant nokre tusen bøker i eit bibliotek kan få anfall av avundsjuke på journalistar som no bruker KI til å søkje i verkeleg store datamengder, og som finn resultat med stor presisjon.
Men så tenkjer vi, ikkje som ekspert av noko slag, men som livslang brukar av bibliotekkatalogar, at ein god del må vel på plass innan vi kjem dit? For òg når det gjeld god, gamal skriftleg dialog ligg biblioteket langt etter Google, Amazon og andre søkemotorar og nettbutikkar. Stadig fleire av dei foreslår meir sannsynlege alternativ når vi har tenkt for vidt eller for smalt (for andre har søkt etter det same, og Google & co hugsar det for oss), og dei rettar typiske stavefeil mens vi skriv.
Eller: Får vi på konferansen i april høyre at vi ved hjelp av kunstig intelligens snart kan hoppe over slike utviklingssteg?
Kjære svenskspråklege lesarar: Kunstig intelligens = Artificiell intelligens (AI). Om ein norsking skriv «kunstig intelligens» på ein svensk maskin vil resultatet kunne bli ganske «konstig», for å seie det slik. Om ikkje, må maskina vere verkeleg intelligent!
Bibliotekarstanden syntest det var eit stort sprang framover då webkatalogane, pluss no også Oria.no og Bokhylla.no, fekk seg «google-søk», altså enkle rektangel som innbyr til å skrive og søkje i naturleg språk. Men så blir ikkje trefflistene heilt som du er van med frå Google.