Nye og gamle nål-i-høystakken-metodar

M24 skriv NRKs Lars Kristiansen relativt utfyllande om kunstig intelligens (KI) innan journalistikken. Om det kjem brått på kor mykje robotane alt bidreg med til nyhetsbiletet må dei meir kjenslevare gjerne ta sentralnervestimulansar og/eller gode pausar under lesinga. Og dei med datasystem som slit med å navigere blant nokre tusen bøker i eit bibliotek kan få anfall av avundsjuke på journalistar som no bruker KI til å søkje i verkeleg store datamengder, og som finn resultat med stor presisjon.

Samtidig les vi på forskning.no om bruken av digitale visualiseringsverktøy i høgare utdanning og forsking. Vil dette overta …både for discovery-portalar og meir tradisjonelle bibliotekkatalogar? I denne artikkelen er bibliotek berre nemnt heilt i forbifarta: «Ofte finnes de gode svarene på biblioteket, men de fleste går heller på nettet.»

OBS: Mimring: Alf Endre Magnussen er bibliotekaren som var på laga som vann SKUP-prisen for framifrå gravande journalistikk både i 1999 og 2005. Fram til nyleg brukte han og kollegaene i Aftenposten vanlege rekneark for å finne nålene i høystakkane. På eit NOLUG-møte i 2012 heldt dei foredrag om dette med tittelen «”Bibliotekarmetoder” i journalistikken».

Meir mimring: Mange vil også hugse hypen om emnekart for 10-14 år sidan.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: