Då vi i mars skreiv om Biletbruk på bibliotekheimesider handla det om korleis ein kan unngå å bli åndsverklovbrytar. No har det opna seg ein «bakveg» dei færraste ante noko om for eitt år sidan. Eirik Solheim på Nrk Beta skreiv i juni om Maskinenes kreative revolusjon, om kunstig intelligens brukt til å skape bilete. Sjå illustrasjonen her, der vi på nettstaden Craiyon.com gav kommandoen: «Library interior in snow».
Også i ein av dei største norske byane har biblioteket prøvd seg, men der må dei lære seg skilnaden på å og og. Det er jo særleg barn og ungdom under norskopplæring som bruker denne kanalen!
Dette ser ut til å bli ein kort bloggpost. Om det ikkje er meir å melde om Flen på ein lat fredag i juni? Og det er det:
Poenget var å påvise likskapar mellom bibliotek-IT (som lenge hadde heitt -EDB) og lengdeløp på skøyter.
Éin ting var den rivande utviklinga på begge felta på berre eit par tiår. Og i tillegg alle tala og tabellane som førekjem og som kan føde mistanke om eit samband.
Og vi hadde faktisk på denne tida «Skeisebibliotekarane i LASK» på Vestlandet pluss nokre i Trøndelag. Éin av dei figurerer som nummer 67 på «adelskalenderen» for Hordaland i 1997 (sjå siste side). Men då for Skuteviken Skøite Club. Mest synlege for ålmenta var dei likevel i litteraturkonkurransen «Klok på bok» i Dag og Tid, ofte med rette svar og heiderleg omtale.
Noko av innhaldet i presentasjonen kan vere feil, og mykje interessant manglar, men ingen i salen våga å seie noko då. I dag er det muleg, nedanfor.
Det har gått fjorten år, og ein kunne sikkert bygd det ut, men det finst kanskje viktigare ting å bruke tida til.
Dei som vil oppleve den fantastiske powerpoint-dynamikken anno 2007 kan gå hit.
Bloggarens kommunikasjon med bibliotek skjer stort sett med sms og e-post, men ein les og høyrer om bibliotek som bruker Messenger til varsling og anna. Vi er jo alt er på Facebook, lissom. Men no skriv NRK Beta at «Millioner av mennesker bytter meldingstjeneste. Dette trenger du å vite». Vi får blant anna stadfesta at FB sin Messenger er verstingen når det gjeld å spreie persondataen din til nettannonsørar og verdiskapande innovatørar av ulike slag. Heller ikkje protesterer dei altfor ivrig når slike data finn vegen til NSA- og FBI-liknande instansar, har vi høyrt.
Apropos (1) sistnemnde, så har vi tidlegare skrive utførleg om fire bibliotekarar sitt forsvar av lånarane sine persondata mot FBI, ulike regjeringar og The Patriot Act etter 9/11:
Det populære skal sikrast med algoritmar. Biblioteket i Århus «løyste» dette alt i 2008
Her om dagen blogga vi om biblioteket i Malmø som har sleppt laus algoritmane i medievalet. Det er eit dansk firma, Lyngsoe Systems, som leverer IMMS, eit såkalla intelligent datasystem for mediehandtering, som dei seier kan bidra til at:
«Branches will never have too many or too few items
No over-stocking (Up to 20% saving on individual title cost)
Item location known at all times
Extensive and accurate reporting
Up to >30% savings on Material handling time»
Medrekna Malmø finst dette i dag i fire nordiske storbybibliotek, så også eit bibliotek nær deg sit nok no og vurderer tilbodet. Systemet har klart sine fordelar, og finansrådmannen og politikarar vil sikkert fatte interesse, men særleg dei to første kulepunkta ovanfor bør få ein biblioteksjef til å tenkje seg om.
Samlingsutvikling er ei av kjerneoppgåvene i eit folkebibliotek, og i kor stor grad skal ein outsource slike oppgåver? I tillegg til det treffsikre, det å skaffe akkurat det ein lånar er ute etter, og helst på ein effektiv og økonomisk måte, må vi ikkje gløyme verdien av serendipitet eller litterære «lykketreff» under fysisk og virtuell hyllevandring i biblioteket.
Innføring av dette bør ikkje skje utan uhilda testing, utgreiing og debatt. I Sverige følgjer bloggen Systembibliotekarien saka, og også Bibliotek i samhälle (Bis) seier dei vil «återkomma till» dette.
«Tung läsning» – kva vil algoritmane meine om slikt? Frå Kulturbiblioteket i Stockholm i 2019
Ei sak på SVT tar for seg eit nytt innslag på biblioteket i Malmø av algoritmisk, m.a.o. kunstig intelligens (noko svenskane kallar artificiell, til skilnad frå konstig …). Det handlar om samlingsutvikling på 2020-talet og om «en algoritm som gör att det som lånas mycket av kommer finnas på det närmaste bibliotek».
Journalisten spør: «Men om systemet går helt efter vad som efterfrågas – blir det inte svårt att bredda läsandet hos allmänheten då?
«– Det är ju en intressant aspekt. Men det är där vår duktiga personal kommer in och kan lotsa och guida, det är de jättebra på».
Truleg er biblioteket i Malmø, Sveriges tredje største by, godt forsynt med dyktige bibliotekarar. Det springande punktet her er altså kompetanse og personalressursar. Men heller ikkje i Sverige er det vel gull alt som glimer.
I Sverige har dei alt lenge vore «i front» når det gjeld «modernisering» av medievalet. Historikaren Rasmus Fleischer forsøkte i 2011 å starte debatt om dette i «Biblioteket», ei bok som også fekk lesarar her i landet. Då var bokhandelen Adlibris i fokus:
Det nasjonale lånekortet anno 2005, but still going
Lesarar av bloggen vil ha oppfatta at underteikna ikkje er særleg entusiastisk til dei mange identitetspolitiske strøymingane i samtida. Likevel fekk vi i dag spontan sympati for eit prosjekt ved Brooklyn Public Library, NYC, der dei no utlyser ein konkurranse om design av eit SVART lånekort, i høve «celebrating Black American culture and history». Og vidare: «This card is the first in a series of future ‘Celebrating Heritage’ library cards».
Vel og bra, men kva med timinga?
Då det norske såkalla nasjonale lånekortet blei lansert i 2005 fekk det svært lite skryt for designen, snarare tvert imot. På fagforumet biblioteknorge meiner vi å hugse solid nedsabling av det klysegrøne Noregskartet overstrødd med mikroskopiske symbol, umulege å tyde, jamfør fotoet av bloggarens eksemplar (debatten skulle vi gjerne ha stadfesta og referert, men dette har Nasjonalbiblioteket gjort umuleg då dei i august fjerna heile forumet frå internettets overflate). Men initiativtakarane, alliansen «Biblioteksystemleverandørene i Norge», var uthaldande og valde å ikkje lytte til …
Vi framsnakka ein bibliotekblogg i går, og då tar vi ein til med det same, ein som passar bra på ein fredag, nemleg bloggen «Trangt i hylla», med undertittelen «Kassering med glimt i øyet». Utgjevarar er Vikengeriljaen*, med ei viss Jannicke Røgler som sjefsbloggar.
* Vi hadde verkeleg ikkje trudd at rebellar som den tidlegare Buskerudgeriljaen så lett hadde kapitulert for Sanner sitt Sanselause Samanslåingsstrev! Dei kan umuleg ha fått med seg østfoldingar på dette 😉
Hej, for en skinnede port! Stå! Vil du stå! Det rygger længer og længer bort!
No er fagforumet Biblioteknorge grundig fjerna frå Verdsveven (les meir om dette). Om du søker etter arkivet kjem du berre til nyheitssida på Bibliotekutvikling.no. Det same gjeld for lenker til innlegg på lista som vi har brukt i artiklar her på bloggen. Til dømes til talen underteikna skulle ha halde under Bibliotekmøtet i Haugesund i mars som takk for NBF sin pris (han fanst berre på Biblioteknorge, men nokre av dei som har lese han vil meine det ikkje er noko tap …). Men mange myyykje viktigare innlegg er blitt søkk vekk for ettertida.
Dei skriv at dei skal «bevare» innhaldet, men blir det tilgjengeleg, spør blant anna Thomas Gramstad? Etter prinsippa deira for arkivering av .no-domenet vil det berre bli tilgjengeleg for «forskning og dokumentasjon på særskilte vilkår». Men dei skriv også at «Deler av samlingen kan bli gjort tilgjengelig for allmennheten». Så får vi håpe på det. Men godt søkbart som inntil fredag morgon denne veka, blir det neppe.
Eit vagt minne om forumet/lista finn vi på Wayback Machine, men der er det nyaste frå 2017. Og klikking på den enkelte månaden gjev (førebels) informasjon om at «This page is available on the web!». Men dét vil vel snart bli retta.
Om det Norske Kongelige Nasjonalbibliotek her har brukt metoden med Robot Text File for å stenge seg ute, er komedien/tragedien fullendt. Men dette er ord som berre slike som underteikna, som for lengst er stempla som konspirasjonsteoretikar, bør ta i sin munn.
På fagforumet Biblioteknorge torsdag denne veka var det heitaste temaet forståeleg nok at Nasjonalbiblioteket på ėin dags varsel meldte at dei skal leggje ned lista, eit fagforum for bibliotektilsette og andre gjennom tjue år, der også politikarar og journalistar har heldt seg orienterte.
Kritikken var krass og mangfaldig. Den mest konkrete kritikaren var Thomas Gramstad, blant anna styreleiar i EFN, styremedlem i ISOC Norge og sekretær for NUUG, etter å ha vore nestleiar der i 2019-2020. Vi har her bedt han utdjupe nokre av ankepunkta.
– NB er jo ikkje på nokon måte konkrete på korleis og når dei vil bevare innhaldet på lista og eventuelt om dei vil gjere det allment tilgjengeleg, og du etterlyste i går løysingar både for bevaring/arkivering og for alternativ drift. Men no har du også sett nærmare på heile grunnlaget for nedlegginga. Og dėt meiner du ikkje er spesielt godt fundert?
– NB hevdar at Listserv er forelda teknologi. Det er nok rett at dei konkurrerande frie programvarene Sympa og Mailman blir oppdaterte oftare, har fleire funksjonar, er meir moderne, brukast av mange fleire i dag, og at det ville vore betre å gå over til ein av dei. Likevel kan eg ikkje la vere å påpeike at det framgår av NB sine websider at dei køyrer ein gamal versjon av Listserv (15.5), mens produsenten Lsoft.com oppgir at versjon 17.0 blei sluppe 10. juni 2019. Det er ganske mange versjoner mellom dei to, så kanskje versjon 17 er litt mindre forelda.
Slike låneprotokollar frå tidleg 1800-tal og langt seinare var trugsmål mot personvernet, men misbruk av datasystema i 2020 kan vere mykje meir alvorleg (frå Eiker folkeboksamling, trykt i Kildal: Norske folkeboksamlinger, side 184.
Oppdatert 6.7. kl 11.17.
På Nrk Nyhetsmorgen på P2 Radio måndag 6. juli kl 9.19: «Studentar avslørte sikkerhetshull» (sjå meny på venstre side). Bibliofil er i bruk i 159 bibliotek rundt i landet. Dei tre studentane ved NTNU gjennomførte ei sikkerhetstesting av biblioteksystemet som ledd i arbeidet med ei bachelor-oppgåve. IT-ansvarleg ved Trondheim folkebibliotek melder at dette skjedde «i fullt samråd med Trondheim kommune og Bibliotek-Systemer AS». Produsenten forsikrar at ingen andre enn studentane har utnytta holet. Torgeir Waterhouse seier at «Hovedproblement er at man ikke gjør systematisk testing, hele tiden. … De som tar beslutninger må være villige til å løfte sikkerhetsnivået».
Bibliotekteknologi anno 1970-talet. Frå Informatikk- biblioteket ved UiO sitt lille museum
Vi skreiv tidlegare i dag om ein av følgjene av å ikkje utføre grundige analysar av statistikkdata frå folkebiblioteka. Endå eit teikn på at bibliotekstatistikk er blitt eit venstrehandsarbeid finn vi på side 109 i Kulturstatistikk 2018 (og tilsvarande i heftet for 2017 og 2016 osv, i alle fall tilbake til 1986). Då var det heilt naturleg, men i 2018-heftet skriv dei framleis om utfordringa med bibliotek som har «fotomekanisk utlånssystem» (mikrofilm + holkort, eventuelt foto også av lånekort)! Då måtte dei ta stikkprøver for å kunne innrapportere utlånsstatistikk.
Starten på den ganske brå slutten på historia om slike system og overgangen til digitale integrerte biblioteksystem i norske folkebibliotek fann stad i alle fall i 1982 om ikkje tidlegare (sjå side 23 ff).
Her heime har vel bibliotekmiljøet heilt gitt opp å få KS med som pådrivar i kampen om e-bøker og eventuelt anna viktig på bibliotekfeltet. Dette samtidig som at staten aktivt seier frå seg ansvar og viser til kommunane, som no sist rundt stenging og opning av bibliotek under koronakrisa. I Danmark har derimot det kommunale nivået ved KL overtatt kommandoen av Danskernes Digitale Bibliotek (DDB), ein organisasjon for å «understøtte en digital udvikling på biblioteksområdet og skabe sammenhæng mellem det fysiske og det digitale bibliotek». DDB skal erstattast med ein ny organisasjon der «opgaveløsningen knyttes mere klart til folkebibliotekerne og fagmiljøerne». Kulturministeriet har til no vore sidestilt med KL i leiinga av dette, men det er no redusert til ein dialogpartner «på politisk niveau med henblik på at fremtidssikre biblioteksvæsnet».
DDB har stått for, og den nye organisasjonen skal stå for, blant anna dei viktige og etter kvart tradisjonsrike digitale fellestenestene som Litteratursiden, eReolen og Biblioteksvagten, men fleire mykje meir overordna oppgåver.
Den danske biblioteksentralen DBC reklamerer i dag med at dei har utstyrt nesten 1,4 millionar katalogpostar til danske tidskriftartiklar med kodar for fagleg nivå. Til dømes kan no ein elev på vidaregåande søke i bibliotek.dk (førebiletet og supervarianten av norske Biblioteksøk) og få treff avgrensa til «gymnasieniveau». Dei tre andre nivåa er «alment», «fagligt» og «forskningsniveau». I norske Biblioteksøk har vi to slike nivå: «Barn og ungdom» og «voksne».
Men er alt arbeidet verdt det? For korleis får dei elevane, for ikkje å seie studentane og forskarane, til å ikkje gå rett til Google kvar gong?