Les – og høyr – Agnes Ravatn!

Den nye romanen hennar, Doggerland, er ikkje berre frekk, underhaldande og medrivande, som vanleg frå hennar side, men denne gongen også ein skarp analyse av dei høgaktuelle problema for bok- og forlagsbransjen og for den allmenne lesevna og -lysten, då ikkje berre for born og ungdom. Og med eit småskummelt sci-fi-hint til den såkalla kunstige intelligensen.

Etter å ha lese Doggerland, eller før lesinga, bør alle bibliotekarar (og andre) lytte til ein episode i Litteraturhusets (Oslo) podkastserie med tittelen Ubehaget i lesekulturen der DnF-leiar Bjørn Vatne intervjuar Agnes Ravatn. Ein heil time, utan eitt dødpunkt.

Underteikna har lenge vore opptatt av motseiingane mellom biblioteket og den øvrige bokbransjen, særleg når det gjeld kampen om lydbøkene og e-bøkene og av den ikkje sjeldan utviste ignoransen til biblioteket frå antatte autoritetar på litteraturfeltet. For femti år sidan, i ml-rørsla, var det mykje snakk om å identifisere underordna motseiingar kontra hovudmotseiinga i alle problemkompleks. No, nokre timar etter lesinga av Ravatn, og podkasten, har eg ei kjensle av at biblioteket høyrer mest saman med resten av bokbransjen. Men vi får sjå.

KI – skremmande bra! På noko

Mossevassdraget ifølgje kinesisk KI. Og desse er vi redd for skal overvåke oss?! (ironisk smilefjes)

Eg har med ujamne mellomrom testa opne KI-tenester. Med svært blanda resultat. Til dømes har eg fleire gongar spurt kva som er den fjernaste kjelda til Mossevassdraget, som altså renn ut i Oslofjorden i Moss (rett svar er Smalvannsmåsan i Østmarka, nær Skullerud søraust i Oslo).

Svaret i dag frå DeepSeek er minst like dårleg som ved dei tidlegare forsøka:: «Mossevassdraget renner gjennom kommuner som Tynset, Tolga, Rendalen og Åmot før det munner ut i Glomma ved Åmot. Den fjerneste kilden er et lite tjern eller bekke i høydedragene vest for Tylldalen».

Men i går bad eg same maskin lage eit samandrag av eit 17 sider langt kapittel i ei komande lokalhistorisk bok eg er redaktør for. Kapitlet handlar om ein alvorleg intern konflikt mellom politikarar, administrasjon og tilsette i ein norsk kommune, som enda med ei arbeidsrettssak for over tjue år sidan. Ei sak ein praktisk talt ikkje finn noko om på det opne nettet, om du ikkje søkjer på nb.no i dei relevante lokalavisene. Og det gjer vel ikkje desse kinesarane?

Oppsummeringa som følgjer fekk eg levert på under fem sekund. Ho inneheld dei klart viktigaste elementa i saka og slett ingen «hallusinasjonar». Eg kunne nok ha laga eit samandrag på «gamlemåten» på eit par timar, men ikkje noko betre enn dette (eg har anonymisert namna som var involverte):

«Dokumentet beskriver en langvarig og komplett konflikt i NN kommune rundt barnevernet, med fokus på avskjedigelsen av XX og oppsigelsen av YY, to ansatte i barnevernsetaten. Konflikten startet i [året] da det ble foreslått å ansette en jurist i barnevernet for å redusere kostnadene ved å bruke eksterne advokater. XX og YY prøvde å informere politikere om nye opplysninger i saken, noe som ble sett på som illojalt av kommunens ledelse. Dette førte til harde reaksjoner fra rådmannen ZZ og kommunalsjef ØØ, inkludert beskyldninger om illojalitet og en omfattende «ryddeaksjon» i barnevernet.

Situasjonen eskalerte med interne møter hvor ansatte ble beskyldt for å være mytterister, noe som førte til stor uro og at flere ansatte søkte seg bort. Barnevernet ble midlertidig stengt på grunn av et dårlig psykososialt arbeidsmiljø. XX og YY ble etter hvert fjernet fra sine stillinger, noe som førte til en arbeidsrettssak hvor kommunen tapte og ble dømt til å betale erstatning og gjeninnsette de to ansatte.

Rådmannen og kommunens ledelse ble kritisert for sin håndtering av saken, og det ble reist mistillitsforslag mot rådmannen, som til slutt trakk seg etter en avtale om kompensasjon. Konflikten avslørte også feil i kommunens regnskap og manglende respekt for ansattes ytringsfrihet.

Saken fikk bred mediedekning og førte til politiske splittelser, med demonstrasjoner og sterke reaksjoner fra fagforeninger. Til slutt ble det klart at kommunens ledelse hadde mislykkes i å håndtere konflikten, og saken ble en viktig lærepenge for NN kommune om viktigheten av åpenhet, korrekt informasjon og respekt for ansattes rettigheter». 

Er KI kunst?

N E I ! Eit uslåelig svar på dette kom i dag frå avisteiknaren Ann Telnaes, mest kjend for at ho valde å slutte som fast teiknar i The Washington Post etter at teikninga hennar av tech-milliardærane og Trump blei stoppa av redaksjonen. På teikninga ligg blant anna WP-eigar Bezos og Disneys Mikke Mus, på kne for presidenten (eg limer inn teikninga, ho er «Fair use» i Trumpistan).

PS: Jau, det var ho som heilt nyleg var i Bergen og delte ut prisen for Årets avistegning i Noreg. Og jau, ho har norsk far og var norsk statsborgar til ho var 13. Kan ho stamme frå Telnes i Øygarden? Nokon som veit?)

Falske litteraturlister: Tromsø 2025 – Belgia 1840

Forfattarane av rapporten «Ny barnehage- og skolestruktur» for Tromsø kommune gjekk nyleg i den elementære KI-fella og leverte ei litteraturliste med titlar som aldri har eksistert, jf blant anna nrk.no og bloggen til Mona Astrid Fonnes. Som prøver å gjere noko med det.

KI-verktøy fanst ikkje i 1840, men i Binche i Belgia var det ein slags parallell; ein bokauksjon av 52 sjeldne bøker, men så sjeldne at dei påståtte einaste eksemplara av dei heller aldri hadde eksistert. Til denne såkalla Fortsas-auksjonen baud dei inn bokhandlarar, bibliotekarar og bibliofile frå heile Europa. Problemet var berre at heile auksjonen var ein bløff, sett i scene av antikvaren og spøkefuglen Renier Hubert Ghislain Chalon (1802-1889).

Kathleen McCook, bibliotekskoleprofessor på The University of South Florida, skreiv i går om dette på bloggen sin. Ho skriv at Chalon «skal ha observert kaoset på avstand, og gledd seg over å sjå dei lærde og aristokratane bli lurte av sin eigen grådigheit etter eksklusive føremål» (mi omsetting).

Illustrasjonen viser rapporten frå Tromsø og katalogen til auksjonen i 1840, som ironisk nok er blitt eit stort samlarobjekt.

Kan vi stole på ChatGPT og DeepSeek?

>> 3.feb kl 14.45: Meta sletta dette på FB når eg delte det på to FB-grupper for bibliotekarar. Med grunngivinga: «Innlegget bruker kanskje villedende lenker eller innhold for å lure andre til å besøke eller bli på et nettsted». Interessant. Kan vi stole på Facebook og Meta?

Kva er den fjernaste kjelda til Mossevassdraget? Også for såkalla kunstig intelligente program burde dette vore svært enkelt å svare på. Eit DuckDuckGo-søk eller liknande gir lenker til fleire leksika med rette svar. Til dømes svarer Lokalhistoriewiki presist:  «Rundvann (242 moh.) og Smalvann (247 moh.) i Østmarka». Altså i Oslo (i tillegg er resultatet av ein omfattande ekspedisjon til kjelda nyleg publisert på nettet).

Men kva er svaret frå ChatGPT?

«Den fjernaste kjelda til Mossevassdraget er Øyeren, nærare bestemt bekkar og småelvar frå dei nordlege områda av vassdraget. Mossevassdraget startar i Øyeren, der Glomma slepper ut vatn. Men om vi ser etter den aller fjernaste kjelda, må vi følge Glomma heilt opp til Aursunden i Røros, sidan dette er den opphavlege kjelda til vatnet som til slutt renn ut gjennom Mossevassdraget og vidare til Oslofjorden ved Moss. Om du meiner den fjernaste kjelda innanfor sjølve Mossevassdraget (utan Glomma), er det truleg småbekkar i høgareliggande område rundt innsjøane som Hobølelva drenerer, som t.d. områda ved Lyseren eller Mjær i Viken».

Heilt på slutten nærmar dei seg, men elles er dette slikt som alle grunnskoleungar aust for Langfjella ville avvist på det sterkaste.

Og kva svarer DeepSeek?

Les mer «Kan vi stole på ChatGPT og DeepSeek?»

Lat oss banne litt i KIrka

Ekstrem skepsis. Dagens Næringsliv, 20. august 1996

Eg har lite kontakt med folk som eventuelt er «heilfrelste» på AI/KI/kunstig intelligens, så eg veit ikkje kva som skal til for å banne i kirka deira, men i går las eg vitskapsjournalist Bjørn Vassnes i Klassekampen si årsoppsummering om KI. Han er skeptisk til fenomenet frå fleire innfallsvinklar.

Han refererer blant anna til ein IT- og media-skeptikar heilt tilbake til 1980- og -90-talet, svenske Lasse Svanberg. Vassnes skriv: «… KI kan … bety at de mekanismene evolusjonen gjennom årtusener har utviklet for læring, kan bli forstyrret. Dette startet allerede med skjermenes inntog på barnerommene og i skolene, men med KI vil dette akselereres. Grunnen er at der snarveier kan tas, vil de bli tatt, som svenske Lasse Svanberg forutså i 1983 i boken «Bekvämlighetens triumf». Vi ser det allerede i dag: Når skoleelever og studenter får oppgaver, gidder de ofte ikke først tenke gjennom dem, men ber med en gang en KI om et forslag» (mi utheving).

Eg intervjua Svanberg for Bok og bibliotek i 1996, på eit tidspunkt då berre ti prosent av folket (det norske) hadde prøvd seg på Internett. Har du nokre ledige minutt til å lese intervjuet vil du faktisk kjenne deg igjen på mange punkt, og flire på ein del andre (eg fekk forresten kjeft frå kollegaer i 1996 for å ha bidratt slik til både skepsis og pessimisme).

PS: Så er det tida for litt banning på juletradisjonane sitt område. Høyr denne versjonen av verdas verste/beste julesang! Med ein artist (R.I.P.) som du aldri ville trudd skulle synge denne.

Google og KI – ufrivillig komisk/tragisk

Gizmodo tar 24. mai kritisk føre seg Google sine «AI overviews», det vil seie samandraga som søkemotoren den seinare tida har presentert på toppen av trefflistene. Artikkelforfattaren meiner Google «hallusinerer» i fleire av desse tekstane, som at, jau, ein kan koke spaghetti i bensin og at Barack Obama var muslim: «Hallusinering gir grunn til uro, men det er ikkje heilt overraskande. Som vi har sett før med KI chatbots, ser denne teknologien ut til å forveksle satire med journalistikk … Problemet er at denne AI-en tilbyr eit autoritativt svar til millionar av menneske som dagleg bruker Google for å søkje kunnskap».

Det heiter vidare: «Det som har skjedd, er at Google har følt seg pressa til å haste frå ord til handling ved å leggje KI-satsinga si til søkemotoren. Folk vel i aukande grad ChatGPT, Perplexity eller andre KI-tenester som den viktigaste metoden for å finne informasjon på nettet, og Google ser på dette kappløpet som eksistensielt, men dei har kanskje sett søkeopplevinga i fare ved å prøve å ta igjen forspranget» (mi omsetting).

Nettstaden legg fram 11 slides med døme på slike «hallusinerande» samandrag. Her er eitt, men spørsmålet var kanskje ikkje så seriøst:  How do cats teleport?

Unyttiggjering av biblioteket 3.0?

Biblioteka var tidleg offensive på Nettet, med søkbare katalogar og høg-kvalitets, handplukka emneportalar. Før Google søkemotor kom med imponerande snøggleik, lange trefflister og gradvis betre treff/algoritmar. Men så gradvis dårlegare.

Søkemotoren WolframAlpha i 2009 kan vi vel kalle det neste skremmeskottet, sjølv om han aldri på langt nær overtok for Google. Den gongen snakka vi ikkje om kunstig intelligens, men om «den «semantiske verdsveven», der vi kunne stille spørsmål i naturleg språk og få ”komplette” svar, ikkje berre trefflister som i Google. 

I dag skriv Nrk.no entusiastisk om norskutvikla Keenious, som «fungerer ved at den ved hjelp av kunstig intelligens analyserer teksten til brukeren, og så lager en liste av anbefalte forskningsartikler».

Blant anna biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet innbyr til å teste programmet. Men dei er atterhaldne: «Keenious kan være et nyttig supplement til å finne forskningsartikler, men erstatter ikke tradisjonelle søk i databaser». Og kanskje heller ikkje bibliotekaren?

Keenious er gratis, men ikkje Plus-varianten, og dei har ei salsavdeling, så kor mykje kostar det for eit UH? Det finn eg ikkje svar på. Så kva med bibliotekbudsjettet den dagen universitet NN skal ut med millionar til Keenious? Spør eg berre.

Kunstig intelligens – What’s next?

Annelin Eriksen, professor i sosialantropologi, skreiv i «Ex-Machina-spalten» i Klassekampen måndag om blant anna kryobiologi og vitrifisering; digital bevaring av menneskelege minne. Dette må vi vel også no, forsøke, å forstå. Studieobjekta hennar ønskjer blant anna å «få direkte tilgang til fremtidas historiske personer». Men ho er skeptisk: «Teknokapitalismen spiser seg stadig inn i de mer intime sfærer av menneskelivet. Ser vi konturene av et konsummarked for det vi kan kalle evighetsteknologi?» 

Eg har akkurat lese den ferske boka hennar, «Evighetsmennesket : om teknologi, vitenskap og udødelighet» (Universitetsforlaget, 2023). Noko hadde eg høyrt litt om før, blant anna i god, gamal sci-fi-litteratur, noko måtte eg lese to eller fleire gongar, før eg kanskje måtte gi opp og himle med auga; – Kor gærne kan rike US-amerikanarar bli?! Men noko brukte eg merketusjen på for å hugse til neste utgåve av ChatGPT, eller den neste etter der igjen.

Fellesnemnaren for dei ulike personane, miljøa og verksemdene Eriksen skriv om er at dei nektar at eksistensen skal slutte når blodpumpa gjer det. Noko er mest hyper-individualisme, noko er mest new age-religion, mens noko er forsøk på oppfølging av pacemakeren og kunstige hofteledd, og nærmar seg faktisk vitskap. Men merk at fleire av miljøa ho skriv om er svært små og kanskje utdøydde (sic!) før vi veit ordet av det.

Når ho dreg inn «vanleg» kunstig intelligens i dette, oppnar ho litt andre dørar enn i anna eg har lese om KI. Slikt er nyttig.

Eg trur Annelin Eriksen har orda sine i behald, og eg skal ikkje levere denne boka til nærmaste loppis.

Kor godt må bibliotekarar forstå «kunstig intelligens»?

Bloggaren har no lese ut boka «Maskiner som tenker» av Inga Strümke (etter å vore innom denne og tre andre relevante bøker 25. mars). Vi snakkar no om ein bestseljar gjennom snart tre månader, trass i det krevjande innhaldet, så mange tar altså «KI» verkeleg alvorleg. Og boka kan nok vere ein god stad å starte, trass i ein god del både filosofiske og IT-tekniske og realfaglege utfordringar for dei fleste av oss.

I få bøker har eg brukt merkepenna så mykje som denne. Fleire stader har eg sett spørjeteikn i margen, for å sjå om eg kan forstå meir ved seinare lesing. Døme på slikt er når ho skriv om «dimensjonsforbannelsen» og «maskinlæring i høydimensjonale data». Men mykje har eg «gula ut» nærmast i triumf, av slikt eg (trur eg) har forstått. Her nokre slike gullkorn eller plutseleg frigjerande tankar, for å seie det med Kjell Askildsen:

Side 160: «Det finnes (inntil videre) ingen chatboter som kan gå ut i verden og bestemme seg for hvilke forhold som må undersøkes nærmere og skrives saker om. ChatGPT er, som alle dens søstre, fabelaktig flink til å formulere seg, men den har ingen måte å undersøke om det den sier, er sant. Kort sagt er den god til å kommunisere, men elendig til å informere».

Side 165: «… når vi tenker på språkmodeller, må vi huske at språk handler om noe. Og hvorvidt en maskinlæringsmodell kan forstå dette “noe” basert kun på gigantiske mengder tekst, er vanskelig å si. Språkmodeller har ikke kropp, de har aldri gått rundt i den virkelige verden og forstått ekte årsakssammenhenger. Samtidig kan de altså lære seg å beherske språk, som representerer nettopp den virkelige verden med alle sine sammenhenger».

Side: 178: » … vissheten om at all digital informasjon i prinsippet kan være villedende, gir oss et kraftig incentiv til å utvikle kritisk tankegang…. Om vi forstår at vi går en fremtid i møte der absolutt alt vi støter på kan være falskt, og at man er naiv om man tror på det man får servert uten å undersøke hvor faktaene kommer fra, vil dette gi vår evne til kritisk tenking et solid løft». (høyrer eg bibliotekarjubel?).

Side 196: «Sporvognproblemet (bør du endre kursen på den løpske sporvogna så ho berre dreper eitt menneske i staden for ei gruppe? Min merknad) var før kun et tankeeksperiment, konstruert for å belyse ulike etiske perspektiver, og har nå blitt et aktuelt spørsmål som må løses i den virkelige verden». 

Kor mykje må folk flest forstå av «KI» i dag? Det viktigaste er kanskje å kjenne avgrensingane til systema. Kva som er muleg og umuleg, inntil vidare. Dei digitale analfabetane i dag (rundt 600 000 i Noreg som ikkje er på nett og/eller ikkje har smarttelefon) forstår ikkje eingong kva som er muleg på nettet. No blir mange fleire av oss analfabetar. Men bibliotekarar må forsøke å forstå meir enn oss vanlege om kva som er «under motorpanseret». Slikt som Strümke skriv om.

Så skriv ho på side 190: «Maskiner overtar ikke oppgavene til mennesker av egen vilje. Det er mennesker som bestemmer at de skal gjøre det, og konsekvensen av at det gjøres, er avhengig av hva slags samfunn det hele skjer i. Riktignok kan de økonomiske driverne være så sterke at vi får et inntrykk av at det ikke finnes et reelt valg rundt hvorvidt maskiner skal overta arbeidsoppgaver, men konsekvensene av dette er det like fullt samfunnet som må håndtere».

Her kjem Strümke inn på noko avgjerande viktig, utan å følgje opp i særleg grad.

Men i Klassekampen 2. juni foreslår doktorgradsstudent i filosofi, Ellen Emilie Henriksen: «Følg pengene». Ho avsluttar slik:

«Regulering av et marked hvor man selv allerede er monopolist kan være positivt: som et enormt selskap har man ressursene til å tilpasse seg nye lovkrav. I tillegg nekter man mindre selskap den samme friheten man selv hadde da man klatret til toppen. At Sam Altan (han heiter Altman, min merknad) advarer om dommedagsprofetier på grunn av KI burde ikke møtes med spørsmål om hvorvidt dette er overdrevet eller ikke, men heller brukes som en anledning til å diskutere hvorvidt dette fungerer som reklame for OpenAI, eller om det er en del av en allerede etablert strategi om å regulere et marked hvor man allerede er monopolist.

Både medier og forskere har latt seg avlede av diskusjoner om hva intelligens er og hvorvidt en maskin er i stand til å oppnå menneskelig intelligens. Dette er interessante spørsmål, men de går på bekostning av en analyse av teknologiselskapenes strategi og motiver. Teknologiselskapene har en ufattelig makt over samfunnet, og det er ikke fordi intelligens nødvendigvis fører til makt. Makt fører til makt».

Før og etter ChatGTP

Etter at eg avslutta den kvilelause “bibliotek-overvåkinga” her på bloggen, har eg fått tid til å «ta igjen» ein del verkeleg viktig lesing (for biblioteka er faktisk ikkje så viktige, når no potensialet blir stadig dårlegare utnytta, jamfør den nye boklova, der politikarane vil reservere sentrale delar av framtidas kunnskap og kultur for kremmarane).

2023 er året for verkeleg viktige hendingar og utvikling. «Kunstig intelligens» (KI) og faren for ein ny verdskrig, er slikt ein ikkje kan la liggje til seinare (på 1990-talet gav eg til dømes opp å følgje med på «Jugoslavia-krigane», noko eg har mått forsøke å rekapitulere i ettertid).

Eg ser at KI er tema i alle tidsskrift og blant anna på KORG-dagane no snart, så derfor nokre personlege innfallsvinklar til dette emnet (det strengt bibliotekrelevante overlet eg førebels til dei som driv med det):

For seks år sidan las eg Max Tegmark si bok «Liv 3.0 – att vara människa i den artificiella intelligensens tid». Men som alle  andre før «ChatGTP-hausten» 2022, sa Tegmark slikt om «overmenneskeleg» superintelligens: «Det finst AI-ekspertar som trur det aldri vil skje, i alle fall ikkje på hundrevis av år. Tida vil vise! Omtrent halvparten av AI-ekspertane på Puerto Rico-konferansen vår gjetta at det ville skje innen 2055. På ein oppfølgingskonferanse vi arrangerte to år seinare, hadde dette sokke til 2047» (mi omsetting frå svensk. Boka finst visst ikkje på norsk, dét er synd). 

Så KI- eller AI-alvoret gjekk ikkje skikkeleg opp for meg, og heller ikkje mange andre. Til dømes ikkje Yuval Noah Harari i den nyaste boka si (på norsk), «21 Tanker for det 21. århundre» (2018), den tredje i Sapiens-serien. Han meiner der at vi kan ta det med ro «eit hundreår eller så». Dette er likevel ei umisteleg bok, både for «KI-skeptikarar» og andre, ikkje minst fordi ho er lett å lese! Du fossar fram frå side til side. 

Bjørn Gabrielsen skreiv i DN-Magasinet då boka kom, at «Det er minst 50 prosent sjanse for at Harari, uansett hvor tilfredsstillende og utfordrende han er å lese i dag, vil virke ekstremt utdatert om få år». Just precis, som svensken seier, for i 2023 er vi alt der.

Lena Lindgren si prisvinnande «Ekko» frå 2021 er også pre-chatGTP. Men boka er framleis svært aktuell med det ho handlar om. Ho er filosofisk, psykologisk og nærmast poetisk, og dermed lesbar (eg måtte likevel stoppe opp her og der for å forsøke å forstå). Lindgren er på ein måte endå meir samfunnskritisk enn Harari. Ho tar blant anna eit grundig oppgjer med IT-gigantane i Silicon Valley, spesielt den kyniske, men skummelt kreative Peter Thiel.

Eg var sci-fi-entusiast for femti år sidan, men ikkje lenger. Og slett ikkje sci-fi i filmar og TV-serier. Det har blitt eit mas etter drama, framfor alt. Fleire peikar no på at den dei snikande KI-appane burde overta for dei aggressive robotane i underhaldning og anna fiction, men dette blir nok for krevjande for den store US-amerikanske marknaden, så gløym det.

Harari skriv at når vi skal tenkje «på en framtid med kunstig intelligens, er Karl Marx fremdeles en bedre veileder enn Steven Spielberg».

Det beste av apokalyptisk sci-fi har trass alt vore berre sci-fi, men i dag kjem KI-pionerar som Eliezer Yudkowsky med relativt saklege dommedagsprofetiar, som denne i Time: «Pausing AI Developments Isn’t Enough. We Need to Shut it All Down». Steng alt no, seier han altså, til skilnad frå dei 500 eller kva det er, som vil ha ein utviklingspause for KI på seks månader.

Denne skriv eg ikkje om her, men ho er slett ikkje uinteressant i 2023

Éi bok til: Inga Strümke: «Maskiner som tenker», Kagge, 2023. Ho er altså klart post-ChatGTP. Eg har berre starta lesinga, og har sett på vent den lange innleiinga hennar om KI-historia. For ein som meg, som aldri har programmert ei linje og som såg på NG+ i matte til artium som ein stor siger, er dette ikkje berre enkelt, men eg skal gjennom det. Noko eg har lese er kapitlet om «Superintelligens og annen spekulering». Med stort utbytte. Blant anna er ho god, trur eg, til å drøfte menneskeleg medvit (bevissthet), som er avgjerande viktig, både for dei som vil utvikle superintelligente maskiner, og dei som vi avvikle dei. 

Dette får vere nok i dag. Aviser og tidsskrift er sjølvsagt (altfor) fulle av kronikkar og lesarinnlegg om KI. Men Filter Magasin har ei «sitat-teneste» frå det dei ser som det viktigaste om temaet. Pluss noko på Filter Nyheter.

PS: Bøker som desse ovanfor, dei viktigaste i alle fall, forsøker eg, om muleg, først å skumme som lydbok, gjerne i dobbelt tempo, og så lese på papir eller e-bok. Men eg har sagt det før: I lydbøkene, som no blir viktige for stadig fleire, kuttar forlaga ut fot- og sluttnotar. Eg forstår at det ikkje blir lesarvenleg med mange «tørre» notar, men kvifor ikkje leggje dei ut på ei nettside?! 

Dette gjeld i grunnen nesten all faglitteratur i lydbokform. Hei, norske bibliotek, kva med å kopiere og leggje dei ut, i alle fall sluttnotar, og litteraturlister, om forlaga ikkje vil? Men då blir det vel rettssaker om brot på opphavsretten…

«På biblioteket» – ein sterk retrofilm – og ein KI-test

Skjermdump frå filmen

Tilfeldigvis kjem eg over filmen «På biblioteket» på nrk.no. Første og siste gong send 24. oktober 1963, heiter det. Med opptak frå «gamle» Deichman (den same hausten eg starta å bruke akkurat dette biblioteket) og frå ein bokbuss og nokre bibliotek i Østfold, med meir. Og med unike (?) filmintervju med sentrale folk som dåverande direktør Anders Andreassen i Statens bibliotektilsyn og Arne Kristian Sollid, mangeårig bibliotek- og så kultursjef i Fredrikstad (namna framgår ikkje, men det er desse eg kjenner igjen. Kjenner du andre intervjua kollegaer, skriv om det i kommentarfeltet).

Her har vi ein gløymd bibliotekfilm, vil eg påstå. Det finst andre og meir kjende fulltreffarar, blant anna «Rundt land og strand – Om ambulerende kulturtiltak i Norge» frå 1961, «Biblioteker for alle : en film om bibliotekaryrket» frå 1966 og ikkje minst Arnljot Bergs «For Lærde og Lærdoms elskere» frå 1970. Men Nrk har ikkje meir informasjon enn år og dato om «På biblioteket». Og rulletekst finst ikkje.

Likevel, slike utfordringar er det vi bibliotekarar lever for, ikkje sant. Men ein halv times søking gav ikkje resultat. Heller ikkje i nb.no, verken søk på film, bøker eller tidsskrift (der dei fleste bibliotektidsskrifta no er ferdig digitaliserte). Eg kunne ha kontakta NRK, som truleg står bak filmen, men hadde dei visst det, hadde dei vel skrive det.

Men så er det dette nye, den såkalla «kunstige intelligensen». Eg spør ChatGTP: «Kan du seie noko om filmen «På biblioteket» frå oktober 1963?». Eit tilsynelatande skråsikkert svar kjem på få sekund:

Les mer ««På biblioteket» – ein sterk retrofilm – og ein KI-test»

AI? – Syntetisk media!

I Bergen kunne dei trenge intelligente skilt

Vi kunne kvar dag sitere, kommentere og drøfte mengder av blodferske tekstar om «kunstig intelligens» eller AI. Vi skal ikkje dét. Men til dømes har vi i dag lese fire interessante innlegg, to svenske og to norske. Først dei svenske:

Éin av dei mest aktive over Kjølen er historikaren Rasmus Fleischer, ikkje ukjend for svenske bibliotekarar og for lesarar av denne bloggen. Akkurat no er han i debatt i Göteborgsposten med EU-kommisjonær Ylva Johansson om EU-lovforslaget om Chat Control. Føremålet med lova er meir enn heiderleg, å «förebygga och bekämpa sexuella övergrepp mot barn», men det vil krevje forbod mot krypterte tenester som t.d. Signal, noko som vil utradere kjeldevern og hindre varsling.

I Aftonbladet i dag har Fleischer ein kronikk der han kommenterer det internasjonale oppropet frå ulike ekspertar om å stoppe utviklinga av AI i minst eit halvt år, for å tenkje seg om. Men han foreslår i staden: «Låt oss i ett halvår avstå från att alls prata om ”artificiell intelligens”. Inte för att vifta bort några risker. Tvärtom: för att få ett bättre grepp om dem. Då är det tveksamt hur behjälpta vi är av den notoriskt vaga metaforen ”intelligens”. Ingen kan säga riktigt vad AI är. Låt oss istället tala om syntetisk media». 

Eitt par andre smakebitar herfrå:

Les mer «AI? – Syntetisk media!»

Chatbotane er trugsmål mot demokratiet

Ofte ein fordel

Danmarks Radio har intervjua Harvard-professor Shoshana Zuboff, kvinna som introduserte ordet «overvåkings- kapitalisme». Og fenomenet chatbot, til no mest kjend gjennom ChatGPT, meiner ho klart høyrer til under dette omgrepet.

Ho seier blant anna: «… da Microsoft for nylig gav en række journalister adgang til en ny chatrobot i søgemaskinen Bing, så erklærede den kunstige intelligens pludselig sin kærlighed til en journalist fra New York Times, og bad ham insisterende om at gå fra sin kone. – Det er fordi de er blevet trænet ved at samle op, hvad end der nu er ude på internettet, og fordi vi nu har et internet der er fuld af korrupt indhold».

Og: « … hvis chatrobotterne lærer fra os, så bliver de også som os … og det er ikke altid en rar oplevelse at se sig selv i spejlet» …

AI-oppdikta bøker!

Moss bibliotek hadde ei tid ei utstilling oppkopierte manus frå eit skrivekurs som var halde i biblioteket.

På Nrk.no i kveld kan vi lese at Studenter ble lurt – bestilte bøker som ikke finnes. Luringen er – igjen – ChatGPT, «bullshit-generatoren» som no også diktar opp både falske forfattarar og titlar som dei skal ha skrive. Men dei intervjua bibliotekarane på Universitetet i Agder har no avslørt dette og har gått ut med åtvaring til studentar og tilsette.

Og på spørsmål om «hvem er Norges fremste kvinnelige forfattere?», var eitt av svara «Jorun Jacobsen Bryn». Som ikkje finst. Og på spørsmål om roboten hadde dikta opp forfatteren, svarte hen med å «beklage dypt for feilen den gjorde». « – Det er litt rart å få en beklagelse, men det er den programmert til å kunne gjøre», forklarer professoren som spurde.

Så snart er det vel uinteressant med nettstader som The Invisible Library, «a collection of books that only appear in other books. … books unwritten, unread, unpublished, and unfound». Mange av oss kjenner godt (sic!) The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy, og ikkje berre den verkeleg boka med denne tittelen, men den oppdikta boka med same tittel, som spelar ei viktig rolle i førstnemnde.