«På biblioteket» – ein sterk retrofilm – og ein KI-test

Skjermdump frå filmen

Tilfeldigvis kjem eg over filmen «På biblioteket» på nrk.no. Første og siste gong send 24. oktober 1963, heiter det. Med opptak frå «gamle» Deichman (den same hausten eg starta å bruke akkurat dette biblioteket) og frå ein bokbuss og nokre bibliotek i Østfold, med meir. Og med unike (?) filmintervju med sentrale folk som dåverande direktør Anders Andreassen i Statens bibliotektilsyn og Arne Kristian Sollid, mangeårig bibliotek- og så kultursjef i Fredrikstad (namna framgår ikkje, men det er desse eg kjenner igjen. Kjenner du andre intervjua kollegaer, skriv om det i kommentarfeltet).

Her har vi ein gløymd bibliotekfilm, vil eg påstå. Det finst andre og meir kjende fulltreffarar, blant anna «Rundt land og strand – Om ambulerende kulturtiltak i Norge» frå 1961, «Biblioteker for alle : en film om bibliotekaryrket» frå 1966 og ikkje minst Arnljot Bergs «For Lærde og Lærdoms elskere» frå 1970. Men Nrk har ikkje meir informasjon enn år og dato om «På biblioteket». Og rulletekst finst ikkje.

Likevel, slike utfordringar er det vi bibliotekarar lever for, ikkje sant. Men ein halv times søking gav ikkje resultat. Heller ikkje i nb.no, verken søk på film, bøker eller tidsskrift (der dei fleste bibliotektidsskrifta no er ferdig digitaliserte). Eg kunne ha kontakta NRK, som truleg står bak filmen, men hadde dei visst det, hadde dei vel skrive det.

Men så er det dette nye, den såkalla «kunstige intelligensen». Eg spør ChatGTP: «Kan du seie noko om filmen «På biblioteket» frå oktober 1963?». Eit tilsynelatande skråsikkert svar kjem på få sekund:

«Filmen “På biblioteket” ble utgitt i oktober 1963 og ble regissert av Per Høst. Den er en norsk dokumentarfilm som tar for seg Deichmanske bibliotek i Oslo og viser hvordan biblioteket fungerer og hva som skjer bak kulissene. Filmen viser også hvordan biblioteket spiller en viktig rolle i samfunnet og hvordan det kan hjelpe mennesker med å utvikle seg og lære nye ting. “På biblioteket” er ansett som en viktig film i norsk dokumentarfilmhistorie og vant pris for beste norske kortfilm ved Filmkritikerprisen i 1964».

Svært mykje er rett. Eg tenkjer først at ChatGTP må ha funne informasjon som eg ikkje fann.

Men når eg ser nærmare etter, er det viktige fakta som ikkje stemmer. For det første: Eg søkjer på Per Høst, men finn ikkje teikn til at han var regissøren. I biografien sin om Høst, «Naturen og eventyret : dokumentarfilmskaperen Per Høst», skriv forfattaren, Gunnar Iversen, rett nok at filmografien bak i boka ikkje er komplett. Men for det andre: Filmkritikerprisen blei ikkje utdelt i 1964.

Eg konfronterte ChatGTP med dette og fekk til svar: «Something went wrong. If this issue persists please contact us through our help center at help.openai.com».

Men om du finn at chat-kameraten har rett, bruk kommentarfeltet. Og oppgi kjelda og korleis du gjekk fram.

PS 1: Kan dei ha tilgang her?!! Kan nokon med Feide-tilgang sjekke? (desse var forresten opne før, så her er kanskje sparekniven alt i sving?)

PS2 kl. 18.50: Delar av mysteriet er truleg løyst! Eg fekk no dette tipset om at i tv-programmet for 25. oktober 1963 står det at Arnjot Berg stod bak denne filmen – også. Og i strid med Nrk sin eigen informasjon blei filmen vist på tv den 25. og ikkje den 24. Og klokka 20.30 og ikkje 23.00. Eg melder dette til Nrk.

Eg kunne vel meldt frå til ChatGTP også, men vi bør vel ikkje fremje dei som sanningsvitne heller 🙂

3 Comments to “«På biblioteket» – ein sterk retrofilm – og ein KI-test”

  1. Det er nok for mye rusk i våre gamle arkiver til at alt kan publiseres. Men her er det som ligger i NRKs egne arkivsystemer. Men det ligger vitterlig inne i både interne og eksterne systemer at programmet ble sendt 19.30 den 25.10.1963?
    På biblioteket
    Montasje fra Deichmanske bibliotek på Hammersborg i Oslo. Fra Fredrikstad Bibliotek, bibliotekbussen og bokbåten. Ved Arnljot Berg.
    Beskrivelse
    Filmprogram.
    Montasje forskjellige forbudsskilter og andre skilter, utstillinger.
    Divs. scener fra virksomheten i hovedutlånet på Deichmanske Bibliotek
    med skranker, publikum, kataloger, bøker. Bibliotekdirektør Anders
    ANDREASSEN ved skrivebord, om mennesker, bøker og bibliotek. Bokhyller
    med forskjellig litteratur. bibliotekarer uttaler seg om sitt
    arbeide. Katalogskuffer, kjøring langs bokreoler i magasin.
    Barneavdelingen på Deichman. Stillsmontasjer forskjellige fagområder.
    Barnebibliotekar arbeider med barnegruppe. Ungdomsgruppe diskuterer.
    Studiesirkel for voksne. Musikkavdelingen. Språklaboratorium.
    Avislesesal. Bokbuss.
    EA: Bokbåt, 20″.
    Anders ANDREASSEN igjen, EA. Montasje folk leser. Bibliotekmontasje
    Deichman, Fredrikstad. Bokbuss. Sluttbilde veggdekorasjon i Deichman.
    Merknad: Historisk
    Medvirkende
    Arnljot Berg, Reporter
    Åsmund Revold, Fotograf
    Anders Andreassen, Medvirkende, Bibliotekdirektør, Statens Bibliotektilsyn
    NRK eier rettighetene. Det er ingen vilkår for gjenbruk i NRK.
    Sendelogg: 25.10.1963 19:30

  2. Ligger filmen ute fortsatt?

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: