Unyttiggjering av biblioteket 3.0?

Biblioteka var tidleg offensive på Nettet, med søkbare katalogar og høg-kvalitets, handplukka emneportalar. Før Google søkemotor kom med imponerande snøggleik, lange trefflister og gradvis betre treff/algoritmar. Men så gradvis dårlegare.

Søkemotoren WolframAlpha i 2009 kan vi vel kalle det neste skremmeskottet, sjølv om han aldri på langt nær overtok for Google. Den gongen snakka vi ikkje om kunstig intelligens, men om «den «semantiske verdsveven», der vi kunne stille spørsmål i naturleg språk og få ”komplette” svar, ikkje berre trefflister som i Google. 

I dag skriv Nrk.no entusiastisk om norskutvikla Keenious, som «fungerer ved at den ved hjelp av kunstig intelligens analyserer teksten til brukeren, og så lager en liste av anbefalte forskningsartikler».

Blant anna biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet innbyr til å teste programmet. Men dei er atterhaldne: «Keenious kan være et nyttig supplement til å finne forskningsartikler, men erstatter ikke tradisjonelle søk i databaser». Og kanskje heller ikkje bibliotekaren?

Keenious er gratis, men ikkje Plus-varianten, og dei har ei salsavdeling, så kor mykje kostar det for eit UH? Det finn eg ikkje svar på. Så kva med bibliotekbudsjettet den dagen universitet NN skal ut med millionar til Keenious? Spør eg berre.

3 kommentarer to “Unyttiggjering av biblioteket 3.0?”

  1. Eg kan ikkje sei at eg bekymrer meg særleg for Keenious. Snarare tvert imot. Det kan vera eit supplement til dei tenestene biblioteka elles har. Så får det enkelte bibliotek ta stilling til kva dei brukar pengane på. Dei som var på Korg-dagane i fjor, fekk ein presentasjon av Keenious der.

    Ein studie som samanliknar Keenious og Google Scholar kan oppsummerast med dette resultatet: «The participants perceive Keenious slightly more positively compared to Google Scholar as a system that inspires for learning and the retrieval of serendipitous results. Further, Keenious and Google Scholar are perceived to complement each other by retrieving different relevant results.» (Johansen & Borlund, 2022)

    I tillegg tenker jo eg at alle som har bruk for Keenious i studier og forsking også har stor bruk for dei meir fagspesifikke databasane som eit fagbibliotek gjev tilgang til.

    Studien er forresten denne, med min kollega Pia Borlund blant forfattarane:

    Johansen, Jesper Solheim; Borlund, Pia (2022). Academic information searching and learning by use of Keenious and Google Scholar: a pilot study. Information research. Vol. 27.
    https://doi.org/10.47989/colis2231

    Beste helsing

    Marit Kristine Ådland

    Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag

    • Takk for svar. Bra at dette alt er fanga opp i forskingsmiljø, men det bør ikkje stoppe med dét. Dette er sikkert berre starten på KI som «bibliotekar-erstattar».

      • Kanskje me kan spå ut frå det som har skjedd til no? Eg har for eksempel inntrykk av at folkebiblioteksjefar er mindre interesserte i katalogarbeid, fordi dei stoler på at importerte postar er gode nok. Det frigjer tid som dei tilsette kan bruka på andre ting. Maskingenererte katalogpostar er på trappene, og KI-genererte emnebeskrivingar kjem kanskje i neste omgang? På formidlingssida er Maken (frå NB) eit system der KI er i bruk for å anbefala litteratur. Eg har klart å få gode anbefalingar derifrå, men det er ikkje alltid så lett. Eg trur det finst måtar å betra det på, for eksempel ved å mata systemet med metadata som identifiserer verk.

        I tillegg vert det vel i rykk og napp fleire digitale bøker og færre papirbøker. Det vil gjera det lettare å laga system som kan formidla rett bok til rett brukar utan innblanding frå bibliotekaren. Eller ved hjelp frå bibliotekarar som røkter systema på ein eller annan måte. Eg trur jo mest på det siste. Som sluttbrukar tenker eg at det er fint. Eg bekymrer meg meir for forretningsmodellane som utviklar seg. Dei kan verta ein større trussel mot biblioteka enn teknologien.

        Men det er klart: om eg i framtida kan gå på eit digitalisert bibliotek og låna ei KI-generert bok av eit KI-generert system der bibliotekaren er redusert til ein systemrøktar, så er det litt stusseleg. Samtidig kan det jo henda at den systemrøktarjobben blir svært interessant!

Leave a Reply