Her på bloggen har vi fleire gongar klaga på det norske bibliotekmiljøet sin ivrige gang rundt dei fleste heite grautfat som finst og tendens til ikkje å fullføre faglegpolitiske debattar. Men no, mens dei fleste av oss har vore i kompakt korona-modus, har tidskriftet Bok og bibliotek og redaktør Odd Letnes gjort eit viktig forsøk på det motsette ved å ta opp det komplekse temaet biblioteket og ytringsfridomen. Både spesielt, knytt til spørsmålet om ein framandfiendtleg organisasjon skal få leige lokale på Deichman, og meir generelt. Ved å søke stadig nye og kompetente intervjuobjekt har debatten blitt sakleg og hatt god framdrift, og ein har vore innom dei fleste sidene av saka.
Men det vil nok skje meir. I Morgenbladet denne veka ser vi at saka er på veg opp på kommunalpolitisk nivå: «Partiet Rødt har bedt byrådet om å nekte Stopp islamiseringen av Norge (Sian) og andre ekstreme organisasjoner å låne møtelokaler på biblioteket. «Folk skal ikke måtte risikere å møte Sian på biblioteket»».
Vil partiet fråta biblioteksjefen det avgjerande ordet i slike saker, ein rett ho/han faktisk har med støtte i biblioteklova av 2014 pluss ei presisering av dåverande kulturminister Widvey?
Den nye kulturbyråden i Oslo, SV-aren Omar Samy Gamal, svarer at han … Les mer «Bibliotek- eller ytringsfridomsdebatt?»

På ein sur tysdagskveld i januar og midt i beste EM-i-handball-sendetid er Moss bibliotek fullt av folk! For her har bibliotekarane sidan lovpålegget i 2014 aktivt forsøkt å realisere biblioteket som møteplass og debattarena. Og det viser seg at mossingane ikkje blir skremde verken av eit tema som netthets eller at det sit ein netthets-forskar og ein ung Utøya-overlevar på podiet.
Bis – Bibliotek i samhälle – er «på gata» med nummer 2, 2016 (etter hvert 