På ein sur tysdagskveld i januar og midt i beste EM-i-handball-sendetid er Moss bibliotek fullt av folk! For her har bibliotekarane sidan lovpålegget i 2014 aktivt forsøkt å realisere biblioteket som møteplass og debattarena. Og det viser seg at mossingane ikkje blir skremde verken av eit tema som netthets eller at det sit ein netthets-forskar og ein ung Utøya-overlevar på podiet.
Er biletet av folkebiblioteket verkeleg i ferd med å frigjere seg frå det tradisjonelle «lånebiblioteket»? Men kva skal til for å kunne halde fram? Vi fekk ein prat rundt dette med representantar for både biblioteket og initiativtakarane til dette møtet.
Den fulle tittelen på møtet var «Netthets: Hva er dette fenomenet? Er kvinner og jenter mer utsatt enn menn? Hva kan vi gjøre for å forebygge?». Dette var berre første møte av fire om kvinnerelaterte spørsmål, og initiativtakar er Moss Arbeiderpartis kvinnenettverk.
Debatt er eitt av dei mest potente stikkorda for det moderne biblioteket når vi skriv 2020, men å finne folk som er for netthat er ikkje lett, så det blei to innleiarar som utfylte kvarandre;
Astrid Willa Eide Hoem frå AUF sitt sentralstyre, med sine eigne opplevingar av netthat etter blant anna å ha overlevd Utøya, og Karoline Andrea Ihlebæk som forskar på media og netthat ved OsloMet.
Omlag seksti personar fylte det aller meste av «salen» (biblioteket har her ofra ei rad reolar mellom to andre rader), av desse rundt ti mannfolk, også nokre utan typisk kvitt, nordisk opphav. Så dokumenterte Ihlebæk at også i desse gruppene er det alvorlege opplevingar av netthat (ein nyleg artikkel av henne på forskning.no har omtrent same innhald som innledninga hennar).

Godt nøgde samarbeidspartnarar; APs kvinnenettverksleiar Hanne Luthen og bibliotekar Rune Brøndbo.
Debatten og samtalen blei då mellom salen og innleiarane pluss ein ganske engasjert ordstyrar, Hanne Luthen, leiar av det lokale kvinnenettverket til AP og nyvald bystyremedlem for same parti. Salen var forståeleg nok mest opptatt av å lære, så det blei mest spørsmål, men det kom også enkelte kritiske innspill, som at vi må forsøke å setje oss inn i tankegangen til dei som skriv slikt som «vi» oppfattar som netthat. Endå meir polarisering er ikkje alltid den beste løysinga.
Det blei sagt at eit mål bør vere å flytte debattane vekk frå avisspaltane og sosiale media og ut i det opne rommet. Underteikna repliserte med at dette ikkje er lett og viste til dømet frå Stavanger, der biblioteket prøvde å få til ein debatt om det rasistisk inspirerte borgarvernet mot eit asylmottak, men der fleire av politikarane i panelet trekte seg.
Dette spørsmålet, som er knytt til no platforming eller scenenekt, blei nemnt ved eit par høve under møtet, men eit problem denne kvelden var at så mange ballar blei kasta opp, mens det blei dårleg tid til å få alle ned på ein god måte. Men sånt forsikrar ordstyrar Luthen at ho vil jobbe med til neste møte. Ho er sjølvsagd i denne rolla då også.
— Moss bibliotek har hatt ein god del opne møte med debatt og samtale dei siste åra. Har du eit tal for dette, Rune Brøndbo? Spørsmålet går til bibliotekaren som har vore ansvarleg for arrangementa på Moss bibliotek sidan 2016:
— Vi har hatt fire debattar med panel og ordstyrar der biblioteket har stått for all planlegging, organisering og temaval. I tillegg har vi hatt ei rad dialogmøte, der vi altså har lagt opp til dialog mellom foredragshaldar og publikum. Eg vil anslå at minst eit par arrangement per halvår har hatt denne forma. Denne varianten er langt enklare og billegare å produsere. Vi har som mål å halde éin debatt i halvåret der biblioteket sjølv står ansvarleg for problemstilling, men dét krev at vi får støtte til det aktuelle temaet.
— Kor viktig er samarbeid med eksterne organisasjonar?
— Samarbeid med eksterne er til stor hjelp for oss og ein føresetnad for at vi kan halde ein tilfredsstillande frekvens på aktuelle debattar. Vi har eit godt samarbeid med «Arena», som er Moss kirke sitt kultursenter, der vi jamleg møter fleire kulturaktørar i Moss. Under vignetten «KulturLab» finn vi her eit felles hovudtema for semesteret og legg opp aktuelle dialogmøte og debattar. Vi jobbar også jamleg med Moss frivilligsentral og Foreningen Norden, tidvis også med arrangement som fell inn under debattkategorien.
— Kva er inntrykket dykkar av dette konkrete samarbeidet? Dette var jo berre første møte i ein serie av fire, så eg kan heller spørje kva de har lært no og som de vil gjere annleis neste gong?
— Dette er både morsomt og meiningsfylt, meiner Hanne. – Biblioteket i Moss har eit svært godt rykte. Kvinnerolla og aktuelle samfunnsutfordringar er ikkje noko vi berre kan diskutere internt i AP eller kommunestyret. Å høyre meningane til breiare lag av folket er livsviktig for AP. Så er det viktig at diskusjonar er kunnskapsbaserte og ikkje bygger på mytar. Vi fekk jo rydda bort nokre denne kvelden. Når det gjeld læring til neste gong, så må vi jobbe endå betre med å få pressa til å dekkje arrangement som dette.
— Hanne har gjort eit godt forarbeid, og det blei ein interessant kveld, meiner Rune. – Vi kan alltid bli betre på marknadsføring og forsøke å trekke nye grupper inn, ikkje minst yngre og folk med ulike bakgrunnar.
— Til dei fire møta i denne serien fekk dere femten tusen kroner i støtte frå Fritt Ord. Kva har dette å seie for arrangementa?
— Det gir oss ein liten økonomisk grunnmur, seier Hanne. – Då kan arrangementa vere gratis. Det er viktig. Alle skal med. Eg veit at Tønsberg bibliotek har arrangement i vår med same tema; kjønnslikestilling. Dei tok betalt. Eg veit helt sikkert at nokre i salen ikkje ville ha kome om det hadde kosta pengar.

Mannfolka sat bak i salen denne kvelden
— Utan økonomisk støtte ville vi ikkje ha midlar til å sikre høg kvalitet på innhald, gode innleiarar og så vidare, svarer Rune. – Biblioteket har eigentleg ikkje eigne midlar øyremerkte til debattar, og det ville tappe midlar frå mediebudsjettet om vi skulle gjere det utan støtte.
— Men, Rune, bibliotekfolk eg har snakka med i andre landsdelar seier dei slit alvorleg med å få tak i innleiarar og paneldeltakarar som er kompetente og som dreg folk. Moss er førti minutt med tog eller bil frå Oslo og er kanskje svært priviligert både når det gjeld låge reiseutgifter og små utlegg for kost og losji?
— Det at vi ligg sentralt til Oslo sparer oss absolutt for høge reisekostnader samanlikna med mange andre bibliotek i landet. Vi har sjelden høve til å fly inn folk for arrangement og forsøker så langt det er muleg å huke tak i folk om dei er på Austlandet i anna ærend. Det er jo litt synd nettopp når det kjem til debattar, då det er mange stemmer vi ikkje har økonomi til å løfte fram.
— Og kva med ordstyrarar? Dei gode veks vel ikkje på tre, og er kanskje heller ikkje billege? Hender det de gjer desse jobbane sjølv?
— Gode ordstyrarar kostar gode pengar, ja, og med god grunn. Det tar tid å setje seg grundig inn i debattema om vi skal ha ein god debatt. Eg har eit ønske om å kunne gjere slike ting sjølv, men det krev at det er muleg å øyremerke lønnsmidlar og rydde tid. Her kunne eg ønske at framtidige utlysingar frå til dømes Nasjonalbiblioteket også kunne opne opp for tiltak som styrker biblioteka i å gjennomføre debattar, både ved å gje høve til fagleg oppdatering og å kunne bruke noko av støttebeløpet til lønnsmidlar, til førebuing av ordstyrarrolla.
— Når det gjeld tema, har Moss bibliotek røynsler både med lokale tema og nasjonale og eventuelt internasjonale? Lokale tema vil kanskje vere både billegare og lettare både å få innleiarar og ordstyrarar til og å samle publikum til?
— Lokale tema gjer det lettare å få publikum, og gir kortreiste paneldeltakarar. Lokal byutvikling og nasjonal kjøpesentertettleik er tema som har dratt mykje folk, men globale fenomen gir også lokale utslag, vi har hatt både Syriakrigen og populisme på agendaen. Så debattar som kan forankrast lokalt, men som har eit breitt utsyn bør kanskje vere ambisjonen.

— Korleis var dette arrangementet og korleis blir denne møteserien samanlikna med det gjennomsnittlege debattmøtet i Moss bibliotek?
— Det er langt mindre forarbeid for min del, seier Rune. – Utover at vi har lagt tema for debattane i samråd, er det Hanne som tar seg av all organiseringa vidare. I praksis blir det berre marknadsføring og gjennomføringa på sjølve kvelden som går med av bibliotekets arbeidstid.
— Når biblioteket arrangerer debattar sjølv, kva er dei største utfordringane?
— Når vi sjølv arrangerer debattar frå botnen av går det mykje tid på research rundt aktuelle tema, kven som har innsikt og kan belyse frå ulike ståstader. Så går det ein del tid for å lande sjølve problemstillinga for debatten. Det er også viktig å få på plass økonomien, altså skrive søknader. Ikkje minst går mykje tid til forhandling med paneldeltakarar og moderator, eventuelt justering av problemstillingar. Dette er jo veldig flott å drive med, men ikkje lett å kombinere med alle andre oppgåver i biblioteket.
— Kva med annonsering av dette møtet og møteserien?
— Vi har berre brukt kurskatalogen til biblioteket og Facebook, seier Hanne. – Pengar til annonsering er eg ikkje sikker på at vi bør bruke. Heller bør vi prøve få lokalavisene til å dekke temaet i forkant. Eg skreiv ein kronikk i forkant, nettopp for å motivere til deltaking.
— Ein miks mellom sosiale media og våre eigne infoskjermar fungerer greitt, meiner Rune. – Og Hanne sine kontaktar med lokalaviser veg opp for manglande annonsering.
— Var frammøtet som venta? Korleis kunne de fått fleire? Og andre typar publikum? Det var fem-seks ikkje-kvite i salen, men korleis få fleire?
— Eg sa før møtet at 40 ville vere for dårleg og 80 i overkant, svarer Hanne. – 60 deltakarar er derfor svært bra. Blir det mange fleire hever vi terskelen for å ta ordet frå salen. Her går kvalitet foran kvantitet. Eg skulle gjerne hatt endå fleire med innvandrarbakgrunn. Men eg fryda meg over dei unge mennene som representerte denne gruppa, og det fekk dei sanneleg høyre av meg! Vi vil i eit seinare arrangement fokusere meir på situasjonen for minoritetskvinner. Då bør salen vere meir blanda!
— Vi er nøgde med 60, det passar godt til lokala, seier Rune. – Vi hadde ein dialogkveld med Nilas Johnsen i fjor haust basert på boka om Erdogan. Då var det ein fin miks i publikum, og det blei eit bra og temperaturfylt ordskifte mellom salen og Nilas. Så, ulike tema drar ulikt publikum.
— Hanne, var dei fleste i salen kanskje frå kvinnenettverket ditt?

AUF-ar Astrid Hoem held innleiinga si. Til høgre medieforskar Karoline Ihlebæk
— Nei, slett ikkje! Dei kjem nok neste gong, når vi skal gjere opp status for likestilling i landet vårt.
— Rune, var det mange gjengangarar frå andre arrangement på biblioteket?
— Ein del av kjernen var der, vi har jo våre faste, men også for meg var det mange nye og nokre yngre folk i salen.
— Er det andre ting å formidle frå dette til bibliotek og til organisasjonar som vil samarbeide med bibliotek om arrangement?
— Dei som får ja til eit samarbeid med biblioteket er heldige, meiner Hanne. – Det borgar for kvalitet. Kvinnenettverket i Moss Arbeiderparti er heldige. Moss er heldige!
— Eg har sjølv mykje å lære når det kjem til debattar, vedgår Rune. – Men om nokre kvir seg for å setje i gang, er det viktigast berre å hoppe i det. Det er oftast ei god kjensle etter å ha avvikla ein slik kveld. Og: Om nokon brenn inne med eit godt debattema vil vi meir enn gjerne sjå om dette er noko vi kan følgje opp.
— Rune, er det eit problem sett frå bibliotekets side at ein samarbeidspartnar som APs kvinnenettverk ved dette høvet, i praksis eit politisk parti, er ein så tydeleg partnar? Kan biblioteket bli stempla som «AP-bibliotek»?
— Vi har diskutert dette internt på biblioteket og kome frem til at vi kan stå inne for eit slikt samarbeid. Det viktige her er at debattane speglar breidd og ikkje opplevast som eit talerøyr for berre éin aktør. Tematikken for dei neste debattane i serien går på kjøn og likestilling, og det er mange engasjerte stemmer som kan bidra her, uavhengig av kor ein høyrer heime politisk.
— Til slutt, finst det grunnlag for å hevde at dei opne møta dei siste åra har påverka Moss bibliotek sitt image? Er dette nye blitt noko folk snakkar om, på godt eller vondt? Nokre vil jo at alt skal vere som før.
— Opne arrangement med aktuelle tema styrker bibliotekets image, meiner Hanne. – Mange i Moss snakkar pent om biblioteket. Eg høyrer aldri at nokon klagar. Personleg synst eg biblioteket viser evne til å tilpasse seg nye tider.
— Biblioteket sitt image er vel i endring generelt. Vi merker at det er auka interesse hos publikum for arrangement, dei etterspør arrangementsbrosjyren vår lenge før vi har fått han til trykking. Det har også blitt lettare å selje oss inn som ein relevant aktør. Paneldeltakarar følar vi er ein kanal dei kan avse tida si til, for pengar er det jo ikkje så mykje av. Vi får også fleire tilbod om foredrag, eller om organisasjonar kan halde møte hos oss, enn vi gjorde for nokre år sidan.
Leave a Reply