Fem år har faktisk gått sidan føremålsparagrafen i biblioteklova blei utvida med setninga: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.»
På denne bloggen har vi brukt ein god del krefter på å påvise at dessverre har det gjennomsnittlege norske folkebiblioteket likevel ikkje blitt eit aktivt «debattbibliotek». Det blei ikkje så mange «Debattar som det sprutar av» som NBF-leiar Mariann Schjeide ønskte seg. Berre 44 bibliotek, eller kvart tiande, arrangerte i 2017 ti eller fleire «samtale- og debattarrangement», slik det er definert i bibliotekstatistikken frå Nasjonalbiblioteket.
Men i høve jubileet, lat oss sjå på det positive:
Her ei liste over gode debattmøte og idear vi har skrive om (og vi veit det har vore fleire enn desse):
- Moss 2018: Om ytringsfridom på jobben.
- Skedsmo 2018: «Fra burka til bar mage»,
- Vår idé: Møte og møteseriar om nær og fjern historie.
- Bodø 2018: Den vanskelege oppdrettsnæringa.
- Quebec 2017: Éin-til-ein-samtalar med muslimar frå lokalmiljøet.
- Moss 2017: Byutvikling
- Gjerstad 2016: Hvilken skole skal vi legge ned?
- Øvre Eiker 2015: Overvåking på Hokksund
- Nes i Akershus 2015: Kommunesjela
- USA 2015: Morgen i Jenin
- Vestfold 2014: «Har vi for mange eller for få kommuner?»
- Lillehammer 2003-6: Folkemøte om byutvikling, motorveg og jernbane.
- Bokbåten Epos 1971: Tunnel eller bru i Søreide?
PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.