Archive for ‘Det proaktive biblioteket’

juni 4, 2020

– The systemic machinery of racism does not sleep and neither should we in our efforts to counter it

Skjermbilde 2020-06-04 12.22.21I USA var (vel?) BCALA (The Black Caucus of The American Library Association) først ute på bibliotekfeltet med ei fordøming av Increased Violence and Racism Towards Black Americans and People of Color i samband med drapet på George Floyd.

Initiativet har førebels fått tilslutning av SSRT (The Social Responsibilities Round Table) og ALISE (Association for Library and Information Science Education) som organiserer utdanningsinstitusjonar innafor bibliotekfag og tilsette og studentar ved desse i både USA og Canada.

Og – sekundet før vi skulle klikke «publiser» – sjølve ALA (Americal Library Association). Dei har opna denne saka for twitter-taggen #librariesrespond, der det truleg vil kome mykje meir av det same.

februar 25, 2020

Publisert samtale om publisering i folkebibliotek

Med-bloggar Mikael Böök skal på OsloMet 5. mars snakke On the public library as publisher. Undertittelen lyder: «Thoughts about a greater engagement than hitherto in library publishing for the common good». Dette skjer under konferansen «Mid Term Meeting IFLA Special Interest Group On Library Publishing».

Det hender føredragshaldarar leverer «papers» ved slike høve, men Mika har gjort ein e-booklet i fire format, der han samtaler om temaet med Ralph Amissah (NYC) og underteikna. Heilt gratis, sjølvsagt.

januar 30, 2020

Kva om biblioteket tok saka!

Tenkjer på denne Boltonboka som har så tungt for å kome ut…

Her på bloggen har Mikael Böök skrive ein god del om biblioteket som utgjevar. Og meir blir det, for på konferansen med det lange namnet «Mid Term Meeting IFLA Special Interest Group On Library Publishing» på OsloMet 5. og 6. mars skal han, og mange andre, delta og halde innlegg om folkebiblioteket som utgjevar.

september 16, 2019

Bibliotek og katastrofeberedskap

Den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA har ei spesialgruppe for Evidence for Global and Disaster Health. Dei har hatt det tredje webseminaret sitt, med foredrag om korleis bibliotekarar kan få kontakt og påverknad når det oppstår slike situasjonar.

Særleg i USA er det fleire gode døme på at bibliotek går sterkt inn med hjelp til offer for naturkatastrofar (typisk orkanen Katrina, 2005) og sosial uro (typisk Ferguson, 2014). Og i Charlottesville i 2017, etter den høgreekstreme demonstrasjonen, var også biblioteka sterkt engasjerte både på universitetet, der mykje av dette fann stad, og i folkebiblioteka. Her har sosiale tiltak vore viktigast, men no skal helsekunnskapen løftast fram som biblioteka sit med.

september 13, 2019

Kva visste Quisling?

unnamed-2Vi held fram med presentasjonar av den norske tidsskriftfloraen, for å vise at her er det mykje stoff å presentere for lånarar i kvart einaste folkebibliotek i landet (sjå berre på Facebook kor mange – også seriøse – interesser folk har!). I går kom Nytt norsk tidsskrift med sitt nr. 3 for året (dette er ikkje Open Access, men folk på UH-ane med passord i Feide, pluss dei med Norgeskorta sine registrerte på NB i Oslo eller Rana, har likevel tilgang).

Vi fokuserer her særleg på to artiklar blant mange svært interessante. Den første om noko som biblioteka fekk stor respons på i fjor i og med boka til Marte Michelet om jødetransportane frå Oslo, og den andre som grip midt inn i ein kjernediskusjon der UH-biblioteka er involverte: 

read more »

september 4, 2019

Bibliotekstrategiar under kapitalismen

scotts snake

Ein strategi frå den amerikanske borgarkrigen. Ingen bør kjenne seg trefte, for å finne ein illustrasjon her var ikkje enkelt. Kjelde: Library of Congress

Den nasjonale bibliotekstrategien for 2020-2023 blei lansert måndag under namnet Rom for demokrati og dannelse. Følgjarane på denne bloggen forstår at tittelen slår an her i garden. Men korleis blir innhaldet og gjennomføringa, for å spørje som dommarane i kunstløp? Det avheng sjølvsagt av pengane på begge, eller alle tre, budsjettnivåa. Og av viljen og evna til å omsetje vyane i konkrete tenester for bibliotekbrukarane.

Men først (og kanskje viktigast, skal ein døme etter tittelen ovanfor): Dette er framleis, som den førre, aller mest ein statleg strategi for det statlege Nasjonalbiblioteket. Og så dryp det litt på kommunane og folke- og skolebiblioteka deira. Slik er og må alle slike statlege strategiar vere i vår tid, også medrekna den svenske av året, berre at dei får mykje meir pengar til bibliotekopprusting i kommunane enn her (sjå fotnoten nedanfor med litt historisk og anna utdjuping).

I den norske nasjonale bibliotekstrategien blir vi presenterte for ei liste med seks tiltak innan formidling (dei to andre «hovedlinjene» er samarbeid og utvikling og infrastruktur, men dei lar vi liggje no). Her er dei tre første og etter vår meining viktigaste formidlingstiltaka:

read more »

juni 30, 2019

Gløym det nøytrale biblioteket

black lives

Bibliotek i USA stør denne rørsla, sjølv om nokre meiner det er partisk

Ein fersk master frå universitetet i Uppsala bør også her i landet få bibliotekfolket og -politikarene (dei som framleis finst) til å gå i tenkeboksen: Bibliotekets värden : Människosyn i rapporter utgivna av Svensk biblioteksförening och Kungliga biblioteket av Rebecca Andersson. Det handlar særleg om den lenge etablerte førestillinga at biblioteket er og må vere nøytralt i alle samanhengar. Men masterkandidat Andersson sluttar seg til forfattarar som meiner dette er ein myte. Og Bis – Bibliotek i samhälle – set ganske treffande ord på heile problemkomplekset på Facebooksida si: «Värdelöst, värdefullt, eller är värdegrunden för grund?» Vi trur særleg på det siste.

Hei! Les masteren og start debatt i kommentarfeltet

Vi har alt skrive om denne motseiinga fleire gongar, blant anna ganske grundig i ein bloggpost for tre år sidan, men Andersson set her nøytralitetsdebatten inn i ein aktuell og nær samanheng, der ho altså analyserer ganske ferske rapportar frå det svenske bibliotekmiljøets «establishment». Vi har ikkje lese meir enn ein brøkdel av desse svenske dokumenta, men det læt smerteleg heimekjent.

Frå oppsummeringa hennar (vi framhever nokre poeng):

read more »

mars 14, 2019

Biblioteket som utgivare: ett paradigmskifte?

böök wsf

Mikael Böök – bibliotekaktivist og aktiv i WSF

Medbloggar Mikael Böök tok nyleg turen frå Finland til Irland, til IFLA-konferansen om biblioteket som utgjevar, som fann stad i Dublin 28. februar til 1. mars. Her er rapporten hans:

I den irländska huvudstaden avslutades nyligen ett möte, sammankallat av den internationella bibliotekarieorganisationen IFLAs splitternya intressegrupp om biblioteket som utgivare, på engelska Library Publishing. För de lokala arrangemangen stod bibliotekarierna vid Dublins handelshögskola. (Se referenser)

Nytt 22.3.: Bööks tekst finst no også i Biblioteksbladet, organ for Svensk Biblioteksförening.

Mötesdeltagarna, ca 50 ledande universitetsbibliotekarier och akademiska förlagstjänstemän från Nordamerika och Västeuropa, föreföll eniga om att det pågår ett paradigmskifte. Hur detta ska beskrivas och vad det betyder är fortfarande oklart, men kan ändå preliminärt sammanfattas såhär:

read more »

mars 4, 2019

Sverige: Biblioteket ein del av totalforsvaret?!

Skjermbilde 2019-03-04 14.48.09

På et «klotterplank» på Malmös Högskola

Sjå også kommentarfeltet

I Svenska Dagbladets nettutgåve fredag 1. mars finn vi ein tittel vi aldri har sett maken til: Bibliotek kan få ny roll – i totalförsvaret: ”Kulturkrig” (bak betalingsmur, men ein har då bibliotekkontaktar også over Kjølen). Det handlar om den nasjonale svenske bibliotekstrategien som blir lansert torsdag denne veka. Bloggaren får dessverre ikkje høve til å følgje han opp før i neste veke, men dei mange som absolutt bør vere interesserte i Noreg kan sjå på SVT 2 torsdag kl 15.15–16.00.

Dei som har lese denne bloggen dei siste par åra har fått med seg ein god del om svenskestrategien. Arbeidet har pågått i over to år, og det er noko mykje meir ambisiøst enn dei norske strategiane, som mest handlar om Nasjonalbiblioteket sine oppgåver. Den svenske vil famne om alle bibliotekatypar, frå skolebibliotek, via folke- til fag- og forsking.

SD intervjuar blant anna Joacim Hansson, professor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Han er klår på at strategien tar utgangspunkt i bibliotekets demokratiske rolle. Eit stikkord er kampen mot falske fakta, men her er dette også konkretisert til biblioteka sine bidrag i verklege krisesituasjonar, frå terror til miljøkatastrofar, då desinformasjon og kaos vil spreiiast aktivt frå ulike kjelder.

Hansson (ein kjend person for lesarane av denne bloggen) har vore sentral i referansegruppa og seier ifølgje SD at strategien handlar om …

read more »

februar 20, 2019

5 år sidan lovrevisjonen: Dei gode debattmøta

Fem år har faktisk gått sidan føremålsparagrafen i biblioteklova blei utvida med setninga: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.»

På denne bloggen har vi brukt ein god del krefter på å påvise at dessverre har det gjennomsnittlege norske folkebiblioteket likevel ikkje blitt eit aktivt «debattbibliotek». Det blei ikkje så mange «Debattar som det sprutar av» som NBF-leiar Mariann Schjeide ønskte seg. Berre 44 bibliotek, eller kvart tiande, arrangerte i 2017 ti eller fleire «samtale- og debattarrangement», slik det er definert i bibliotekstatistikken frå Nasjonalbiblioteket.

Men i høve jubileet, lat oss sjå på det positive:

read more »