Skolebibliotekutfordringar med meir

Håvard Rem skriv denne veka i Dag og Tid om masteroppgåva til Kristoffer Tyssøy Høisæther der lærebøkene i mellomalderhistorie for grunnskole og vidaregåande blir granska. Konklusjonen er kort fortalt som på denne forsida: Norske elevar lærer at europearane i mellomalderen var vonde og valdelege, medan muslimane var tolerante.

Professor Gjert Vestrheim går god for oppgava: – Det dreier seg om utelatingar, til dels også grove feil, som ein òg finn i mange populariserande bøker.

Krosstoga er aller minst nyansert skildra. I ei bok er tyrkarane sin kontroll av Jerusalem i 1070 ikkje nemnt, mens erobringa til europearane i 1099 er eit hovudpoeng. Ein samtidig historikar blir referert når han fortel at 70 000 menneske blei slakta i al-Aqsa-moskéen. Men alle veit at det ikkje var plass til 70 000 menneske i moskéen.

Masterstudenten får spørsmål om grunnen til denne tendensen: «Ein viktig grunn er nok at lærebokforfattarane kan vera langt friare i kritikken av Vesten. … Eg trur at mange av dei er redde for å skriva noko som kan vekkja antipati mot ikkje-vestlege, slik fleire avsnitt vekkjer antipati mot europearar.»

Kjem han til å arbeide vidare med lærebokanalyse?: «Det gjer eg, men truleg ikkje innanfor akademia. Der møter vinklinga mi for stor motstand. Kan henda skriv eg ei popularisert framstilling. Eg vonar det er råd å finna eit forlag som vil gje ut ei debattbok.»

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: