I desse Gisketider

NRK.no etter budsjettlanseringa i 2007. Klikk og kik.

For ti-femten år sidan var det raudgrøne tider i regjeringskvartalet, også på kulturfeltet med eit motig, sjølverklært kulturløft. Og med Trond Giske som sjølve kulturløftministeren dei første fire åra. Men underteikna, då i eigenskap av nettredaktør i Norsk Bibliotekforening, hugser korleis han heile tida avviste NBF-leiar Anne Hustad sitt krav om eit meir presist og ambisiøst bibliotekløft. I budsjettlansering etter budsjettlansering parerte han det med lovnad om ei storveges bibliotekmelding. Noko også Knut Olav Åmås kommenterte i den minnerike kronikken Blålys for biblioteket. Men bibliotekmeldinga skulle ikkje stoppe den markante bibliotek-nedturen, trass i kulturløftet, ifølgje Anne Enger-utvalet i 2013.

Men dette skal skal også seiast om Trond Giske og biblioteksaka: Giske gjekk med på NBF si linje i dei store kampane under revisjonen av åndsverklova i 2005. Til slutt stadfesta eit einstemmig Storting gratisprinsippet sitt nærmast uttømmande omfang så tydelig som muleg ved bl.a. å seie at: ”Loven skiller ikke mellom materiale i papirform og digitalt materiale”.

Og i 2009, då i samband med Digitaliseringsmeldinga skreiv tidlegare NBF-leiar Frode Bakken i eit innlegg i Aftenposten:

«Trond Giske er knivskarp i sin grensedragning overfor den kommersielle digitale arena: «Den kommersielle distribusjon av kulturprodukter ved bruk av IKT er imidlertid ikke tema». (side 9 i meldingen). Budskapet har Giske proklamert allerede sommeren 2008 og dette har nok sakte, men sikkert kommet som en skuffelse på de sentralt plasserte aktørene i Kulturdepartementet (tidligere departementsråd Helge Sønneland) og i andre kretser (bl.a. professor Jon Bing i utredningen «Rettslige konsekvenser av digitalisering» fra 1995 – bestillingsverk Kulturdepartementet) som har ønsket en helt annen profil på digitaliseringen med åpning for sluttbrukerbetaling av digitale eksemplar med bibliotekene som utsalgssteder.»

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

4 Responses to “I desse Gisketider”

  1. Alt i alt har Giske for bibliotekene vært den beste ministeren

Trackbacks

Leave a Reply