Botkyrka er ein forstadkommune og ein del av Stor-Stockholm og utgjer mykje av det fleirkulturelle ved den svenske hovudstaden (dei har ikkje, som i Oslo, noko fleirkulturelt Tøyen eller Grønland i eller nær sentrum). Ifølgje nettstaden Botkyrka Direkt tar biblioteka i kommunen konsekvensen av mangfaldet og stiller no opp faglitteraturen på dei elleve viktigaste språka – saman. Altså ikkje etter forfattarnamn og ikkje i språklege avdelingar. Arabiske bøker står først, for det kjem jo først i alfabetet. Svenskspråklege bøker kjem langt uti, med berre tyrkisk etter seg.
– Så det blir som på Netflix, spør journalisten?
– Ja lite så. Vi har sänkt trösklarna och verkar läsfrämjande så att man blir intresserad på ett helt annat sätt. Det gamla systemet har inte varit så lätt för folk att förstå. Nu ska besökarna själva hitta det de efterfrågar eller inte visste att de vill ha.
Debatten går heit på svenske Biblist, med påstandar om nett-trolling bl.a.. Men vi får sjå korleis det fungerer. Så gale som i Borges’ sin bibliotekvisjon kan det vel ikkje gå (men sjå illustrasjonen og videoen over).
Leave a Reply